Utlandet.

 
Krigen og Freden. Det saag ymist ut etter dei Telegram, som var inntekne i fyrre Numeret av "Fedraheimen". Engelsmennerne tykte, at Tingingi um Vaapenstilla gjekk for seint, og at Ryssarne gjekk for skjott fram; og daa dei ikkje kjende Fredsvilkori, som det galdt storlege um aa faa Greida paa, so gjorde Regjeringi Midelhavsfloten til Dardanell-Strætet og aamaalad i Tinget paa, at ho vilde krevja 6 Millionar Pund (108 Mill. Kr.) i umframt Tillag. Men so fekk det engelske Riksraadet Greida paa Fredsvilkori og gav difyr Floten Bod um aa stadna utanfyr Strætet, og Ministeren Derby vart standande i Regjeringi. Fredsvilkori, som Ryssland hadde lagt fram fyr Tyskland og Austrike fyreaat, og fenget desse Magtertil aa godkjenna, lydde so: 1) Bulgaria vert sjølvstyrande under ein (kristen) Landsstyrar. Landemerki aat Bulgaria er enno ikkje fastsette. 2) Dei turkiske Herar skal førast undan til visse Stelle, som vert aa ordskila um sidan. 3) Rumænia vert fraaskilt til eit friraadigt Rike og haldet skadelaust fyr ein Landslut ikkje langt ifraa DonauOsen, som skal gjevast upp aat Ryssland. 4) Serbia vert friraadigt og fær Landauking. 5) Bosnia og Hersegovina fær heimlegt Sjølvstyre sameleids som Bulgaria. 6) Montenegro vert utvidgat etter status quo post bellum (Tilstandet som det er etter Krigen), med Samtykkje av Magterne. 7) Batum vert uppgjevet aat Ryssland, og dette Riket fær Skadebot fyr Ufreden i Pengar, Land eller paa annan Maate. 8) Til Slut tek Sultanen paa seg aa sjaa aat, korleids Rysslands Interesse i Dardanell-Saki kann verta vernade. – Ein skulde daa tru, at Freden var aa kalla gjord, og det hev komet meir enn ei Tidend um, at Freden alt var underskriven; men Løgstingi hev komet vonom snarare etter, og me hev enno ingen Vitskap, anten Vaapenstilla og Freden er underskrivne elder ei. Det, som skal ha drygt Fredgjerdi ut, er det, at Porten ikkje vil gjeva Ryssen Lov til aa draga inn i Konstantinopel, ein Hugnad som Ryssen synest tilkjem honom fyr Umaken. Vist er det, at Krigen herder paa. Fraa Belgrad kjem den Tidendi, at Serbarne kriger paa med den største Ihuge, og at Overst Lesjanin hev vunnet heiltupp paa Hasits Pasja paa Sletti ved Petrovigora, og fraa Ryssarne er det fortalt, no i desse Dagarne, at dei hev sett seg fast i Basardsjik (i Austbulgaria), Osmanbasar, Rasgrad og fleire Stelle i Bulgaria, og at eit par Torpedobaatar hev sprengt eit turkisk Eimskip i Vedret utanfyr Batum. - - Det store Spursmaal er, um Krigen vil koma til ein Endskap utan at fleire kjem med, og det er daa fyrst og fremst England, det spyrst um. Daa Ryssland trulege er viljugt til aa leggja fram fyr ei Raadstemna av dei europæiske Magter alle dei Punktar i Fredsvilkori, som kann snerta Interesse aat England elder andre Magter, so skulde ein tru, at det vilde jamna seg. Men det er likt til, at England bur seg paa ymse Høve, etterdi at Regjeringi held fast sitt Krav paa Umfram-Tillag. Um det og kjem til Samraad millom Magterne, er det meir enn eitt Punkt, som kann verta til eit Stridseple. Det, som vert det mest brennande av alle, er Spursmaalet um Dardanell-Strædet og Gjennomgangen der, dinæst kvat Landvidd Bulgaria skal hava, kven som skal verta Landsstyrar der, og kvat Skadebot Ryssland skal hava, soframt Turkiet – som det er Von – ikkje kan leggja Krigsumkostnaden i Pengar.
 
England. Northcote tok i Underhusmøtet den 28de Januar uppatter Kravet paa UmframTillag. Freden var ikkje endelege avgjord – sagde han, - Fredsvilkori var mykje drjuge og maatte vekkja Spursmaal, som ikkje kunde greidast annat enn paa ein Kongress (ei Raadstemna). Han kravde Tillaget gjevet, til eit Tillitsvotum aat Regjeringi, og fyr at England kunde møta sterkt paa Raadstemna. Dette høyrest fælande stridsamt, og det er meir enn uvisst, um Regjeringi hev Folket med seg. Iallfall hev dei største Fabrikbyar i Landet laatet so til, at dei helst vilde hava Fred, og i Underhusmøtet den 30te aamaalad Forster paa dette Framlaget. "Daa Trontalen hev meldt Huset, at ingen av dei stridande hev krenkt Vilkori fyr Englands Nøytralitet, og etterdi at Huset ikkje veit av nokot, som kann føra til aa vikja fraa Nøytraliteten, finn det ingen Grunn til aa auka Byrdi fyr Folket med aa lata til Pengar i Sjølvvildi." Fraa Regjeringi er det framboret eit Motforslag, som lyder soso: "Huset godkjenner Politiken aat Regjeringi. Etter at Tsaren (Ryssekjeisaren) hadde lovat aa berre traa etter eit trygt Tilstand fyr dei kristne og ingi Landauking, finn Huset, at han hev gjenget attum sitt Ord med Fredsvilkori sine og med det, at Ryssarne enno held paa og gjeng fram. Huset meiner difyr, at England er blaanøydd til aa taka frami, og det bed um aa faa framlagt eit Budget fyr aa setja Heren og Floten paa Krigsfot". Desse Forslag og Kravet paa Umfram-Beviljing tok Parlamentet fyr seg den 31te Janr. Kor det gjekk, er enno ikkje spurt; men det var meint, at Regjeringi skulde faa ei Yvervegt paa 100 Røyster fyr Tilskotet. Vert det so Aalvor av? Me hev set, at Engelsmannen iallfall ikkje rid den Dagen han sadlar, og kannhenda det heile er berre eit Skræmeskot.
 

 

Frå Fedraheimen 02.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum