Fraa Tyskland.

 
(Or eit Brev).
 
(Sluten).
 
[Del 3 av 3. Fyrste delen.]
 
- Naar me vil læra aa kjenna Berlinarlivet, maa me ikkje gløyma aa sjaa innum i ei "Weisbier"-Stova; - Weisbier (eit Slag Øl) er Nationaldrikka her. Fyrste Gongen, Ein drikk det, støyter Ein det beintfram sagt upp att; men hev Ein drukket det ei 5-6 Gongjer, so drikk Ein helst ikkje nokot annat. Det vert framsett i umaateleg store Bollar, som Ein maa lyfta til Munns med baade Henderne. Her kjem unge Gutar, Gutar med sine fyrste Skjeggfliser, og drikk Weissbier og fjasar med Skjenkjetauserne; so kjem dei gamle, dei rette Weissbierdrikkarar, med snaude Skoltar og hangande Kjakar; Ølet kjem strakst paa Bordet, og Terningarne med, fyrst at dei er fleire i Lag. So lyfter Ein Bollen; han sugar i seg, smiler av Fysnad, gjev Bollen til Sidemannen, og slik gjeng det Bordet rundt. Kven betalar? Det skal Terningarne avgjera. – Andre Vertshus er Møtestader fyr Venalag og Huslydar; Mann og Kona og Born vil hava seg ein koseleg Kveld; so gjeng dei paa ein slik Stad, høyrer Musik, drikk Øl og røykjer; di meir tilrøykte Veggjerne er og di meir subbutte Bordi er, di gildare er det. Og det er ikkje som hjaa oss, at Folk paa eit Kaffehus er rædde fyr aa snakka høgt, so Nokon "kunde høyra det;" nei, her pratar dei og syng dei og jublar dei "frisch von dem Leber weg." Me hev, som du veit, Namnet "Akkevit-Drikkarar" og "MyseostEtarar;" Tyskerarne kann Ein med større Rettkalla Øldrikkarar og Pylse-Etarar. Dei kann snaudt liva utan Øl; eg hev talt upp nokre og firti ymse Øl-Slag, og endaa finst her vist mange, mange fleire. Og Pylsa? Det er Ingen, som trur, kor mange Pylsur eg hev sett i meg her. Ein vert reint "forpylsat." Naar eg gjeng heim um Kvelden t. D. Kl. 11-12, raakar eg rett som det er Folk med store Blekk-Kassur paa Bringa; "se is noch warm," høyrest det gjenom alle Gatur; ein Kveld hadde eg Moro av aa sjaa, kvat det var, som var "varmt": - jau, Pylsur. "Eine jrosse jebratene Wurst ist eine jute Jabe Jottes," segjer dei her. 1)
 
Nygaars Kvelden hernede var morosam nok. Eg og ein annan Nordmann gjekk ut paa ein "Restauration;" der sat det fullt av Folk, alle med raude Tyrkehuvur elder andre Narreplagg paa Hovudet og med kvarsi lang Trepipa, nokot likt som ei Jaabækspipa. Eitgrand forfjamsa sette me oss med eit Bord; strakst kom det inn Øl (Ein tarv aldri spyrja paa det her) og Tyrkarhuvur. "Cigarre gefällig, mine Herren?" "Bitte, ja." 2) Med Sigaren kom det daa lange Pipur, og eg likte meg reint godt som Tyrk; - so bad eg um "Wienerwurst" (-pylsa). Jau her vart Høgtid! Me sat ved eit udukat Trebord, Stova var full av Røyk, rundt ikring var det Laatt og Rop og staakande Gleda. Kl. 12 tok Tyskerarne til aa syngja fyr Aalvor, lystigt og lystigare, villt og villare, skraalande. So gjekk me. Ute paa Gata møtte me ein Flokk. "Prosit Neujahr!" (godt Nyaar!) ropte dei. Me berre lo, og svarad ikkje, paa ægte Nordmanns Vis. Men daa skreik dei sitt "Prosit Neujahr!" inn i Øyro paa oss slik, at me fann det raadelegt aa svara strakst. Ei Stund etter igjen "Prosit Neujahr;" me gjekk ein lang Rundtur, hundrad Gonger Prosit Neujahr! Folk langt burte, paa hi Sida Gata, ropte etter oss Prosit Neujahr. Me kom "unter den Linden;" ein liten Berlinargut hadde visst sagt eit framifraa vænt "Prosit Neujahr," for han fekk Drikkepengar: "Danke scheen, das koose ich mir ein Glas Punsch vor" 3), - og vips vek. Han saag ut til aa vera so umpass 12-13 Aar. Endaa Kl. 6 um Morgonen strøymde det Folk inn paa Kaffehusi, med Narrehuvur, lange Nasur og andre "Foræringar." Eg gjekk heim og lagde meg; men Prosit Neujahr! tonad enno lengje fyr Øyro mine.
 
- Igaar (25de) spilad dei "Samfundets Støtter" fyr fyrste Gongen her paa Belle-Alliance-Theatret, eit av dei mindste her er. Spilet var i det Heile so midels. "Bernick" deklamerte paa full tysk Vis, men var hellest litet tess; Lona Hessel var raa og utan det gode Kvinnelynde, som ligg under hjaa henne i Grunnen; Johan Tønnesen, Hilmar Tønnesen, Dina og Aune ("Auler") var rett gode. Stykket saag ut til aa verta godt likt; men um det kann liva lengje med slik Spiling er væl uvisst.
 
- So mykje fyr denne Gongen.
 
1) Ei stor, steikt Pylsa er ei god Guds Gaava.
2) Skal det vera Cigarar, mine Herrar? – Ja, Takk.
3) Mange Takk: det kauper eg meg eit Glas Puns fyre!
 

 

Frå Fedraheimen 23.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum