Harde-Aslak. Dyreskidi i Austad-kyrkja.

 
(Ved Johannes Skar.)
 
Det er Segner til, at Aslak skal vera fødd paa Frøysnes i Sandnes Sokn i Bygland. Med'han var Smaagut, vard han innteken i Drivslidfjellet paa Austheidi millom Telemork og Sætisdal. Ingen visste, kor han var. Han voks her meir i sjau Vikor, enn han fyrr hadde gjort i sjau Aar. Han vard ein utifraa Vaae; Rysen raadde inkje med han lenger, og bad so smaatt og vænt, at han vilde taka derifraa. Aslak gjorde so. – Med Vegen millom Drivslid-fjellet og Austad er det ei Myr; ho kallast Surtemyr. Paa hi Led av Surtemyr ligg det ein stor Stein; det er mange Hestelass i han. Fraa fyrste Upphavet laag han inkje der: han laag paa Heidestad-Kleivi. Daa Aslak var komen so langt paa Heimvegen, tok han Steinen og skaut han yver Myri. Paa Kleivi ligg Vegen yver eit Slatberg; det synest enno ei For elder eit Fotfar etter Aslak i Berget. Han gjekk beint utfyre Flogfjellet med Austad-Kyrkja; men han gaade seg og slog Neven so sterkt i Bergeveggen, at han vard hangande. Gripet synest enno. – Aslak vard gift til ein Gard i Austad, som heiter Ækra; denne Garden ligg eit godt Skotsmaal fraa Kyrkja.
 
Eingong drap Aslak ein Mann; han vard dømd livlaus. Daa Folk samnad seg og elte han, rymde han av upp i Kyrkjetornet. Dei gjorde Manngard kring um Kyrkja. Aslak synte dei, at han hadde med seg Staalbogjen sin; han radde Brunnsraata paa Ækronn' med tri Piler. "Heve du fleir Piler?" ropad dei til han. "Eg heve etter ei til kvar av dykker", svarad han. Daa foor dei heimatt kvar til seg; men Aslak vaagad seg inkje ned or Tornet. Med han set der, krotad han ut tvau Dyreskid, som vard uppsette, ei paa kvar Led av Songhusdyri i Kyrkja. "Dei stod der, alt til eg var ein vaksen Mann," segjer ein gamall Sæbygg. "Dei var so vænt utkrotad og maalad, at det var eit Under aa sjaa. Det er ingen, som kann gjera sovoret no. No er dei burte; det var underlegt, at dei tok dei burt; dei var so væne aa sjaa."
 
Det var jamt so, at Folk kviad Gjordet sitt Haust og Vaar i gamle Dagar, og det finst dei, som gjerer det enno her i Dalen. Dei gjorde Grindar av Raune-svigar og sette dei i Firkant. Der stengde dei daa inne Naut og Fenor med Natti, og let "Grindi" standa paa same Staden so lenge, til Jordi hadde fenget høveleg Hevd. Sume hadde ei liti Bud, som Hyrdingen kunde sitja i med Natti, naar han saag til "Grindi." Denne Budi gjekk paa Kveler elder Hjul, so dei kunde tukka henne, etter kvart som dei flutte Grindi. – Kona til Aslak saag til Fenoren sjølv. Med' han sat i Tornet, foor ho til og heldt Lag med andre. Ei Natt saag han fraa Tornet, at ein Mann smaug inn i Budi til henne. Daa svintad han seg ned og rende Sverdet sitt gjenom dei baade tvau. Sverdet heitte "Kalde-Dreng." Aslak fekk daa att baade Liv og Fred.
 
Paa Vestheiderne heldt Skjoldmøyarne seg. Dei var vænare enn andre Kvende, store og sterke. Kvila elder Sengi deira er aa sjaa paa Heidi midt upp fyre "Støylehommen." Ho er hoggi i Fjellet og er seks Alner lang. Støylehoms-Nuten ris upp dikt inn-med, paa Vestledi av Dalen, paa Snid fyre Austad-Kyrkja; der sat dei tidt og spilad so vænt. Dei reid yver Heiderne og bles paa Horn. Det er mange, som kann Slaatten deira enno: han heiter "Skjoldmøyslaget;" han gjekk so vænt, at Folk laut graata, naar dei høyrde han. –
 
Aslak vilde av og prøvast med Skjoldmøyarne. Daa han kom upp aa Skomedalsheidi, gaade han dei; han høyrde, det dunad; Skjoldmøyarne kom ridande mot han og bles Skjoldmøyslaget: det gjekk so syndlegt og dunelegt. Aslak hopad seg ned til Skomeaai, ho renn so logn og djup. Han ventad dei med "Loninn';" der kunde dei inkje koma yver: Loninn' var for breide og djupa. Aslak hoppad yver Vatnet, attlengjes og framlengjes og erte dei; han snudde Baket til dei og foor usamelegt aat; men daa snaavad han og datt i Velten; og fyrr han kom seg upp att og raadde med, braut dei seg aa han og hogg han i mange Luter. – Etter som andre fortel, fekk Aslak sin Bane eit Stykkje vestanfyre Loninn' paa Austegards-Heidi i Aaserall. Det er ein Gard i Horn-nes Sokn paa Blaamannsbygdi, som heiter Kallhovde. Baade Mannen der og Sønerne hans var Kjempekarar. Aslak reiste
til Horn-nes Ting og vilde prøvast med KallhovdeKjemporne.
 
                Aa naar dei kjem'e o' okkos Bygda,
                D'er alli ailei, held so det svignar;
                Aa naar dei kjem'e o' Austad Sokn,
                Daa lyt dei tukke seg Kro o' Kro.
 
Han fann Kallhovd'en paa Tinget. Dei rauk i Ota; Aslak drap Kallhovd'en; Sønerne hans baud vondt. Aslak gav seg paa Heimvegen; han tok Heiderne nordetter. Kallhovdekararne klædde seg ut som Møyar og elte etter. Dei stod han att tidlegt um Morgonen; han laag og drakk i ein Bekk. "God Morgon!" ropad Aslak, daa han gaade dei; "er Kallhovdemøyarne so tidlegt ute?" Dei braut seg aa han og drap han der. Den Kvelven, der dette hende, ber Namnet: Harde-Aslak.
 
Daa Aslak inkje kom heimatt, svor Moder hans av og leitad etter han. Ho fann Liket hans ein Sundags-Morgon, pilad Luterne i ein Sekk og tok paa Heimvegen med Sekken paa Ryggen. Ho rokk fram til Sandnes-Kyrkja plent til Messa byrjad. Daa ho gjekk inn, hengde ho fraa seg Sekken paa ein Kvist paa ei stor Gron, som stod med Kyrkjeborgi. Daa Messa var endad, tok ho Sekken og gjekk heim til Austad. Der tvo ho Sonen sin i ei Evja dikt innmed Kyrkja. Evja vard raud av Blod og heiter no "Raudevja". Liket vardt nedsett paa Ækregjordet; dei syner enno Gravi hans. –
 
Skjoldmøyarne saag sin sidste Dag paa Støylehoms-Nuten. Ein Sundag, med' Presten preikad i Austad-Kyrkja, fekk Aalmugen høyra so vænt eit Spil: det var Skjoldmøyarne, som sat paa Støylehoms-Nuten og spilad Skjoldmøyslaget. Folket kunde inkje sitja stille; dei gjekk ut den eine etter den andre. Presten varad dei med; men sidstpaa stod han einsaman etter i Kyrkja. Daa gjekk han ut paa Kyrkjegarden og bannstøytte Skjoldmøyarne; dei gjekk i Stein; etter som andre segjer, døydde dei og vardt nedsette med Tjostebekke; det er ein Støyl inkje langt ifraa Støylehoms-Nuten.
 
Den store Groni med Sandnes-Kyrkja foor seinare til og turkadst fraa Toppen. Den Kvisten, Sekken hadde hanget paa, heldt seg grøn lengst; han var grøn, det fyrste eldre Folk kann minnast. Stuven er enno aa sjaa.
 
Kufta til Aslak var aa sjaa paa Austad fyre nokre Aar sidan; ho var av grovt, grønt Klæde. Det var so mange Skurdar paa henne, at det var kaldlegt aa sjaa, mest paa Bringa og Armar; sume var berre som ein Styng etter ein Knivsodd; sume var eit Par Finger lange og sume endaa større.
 
Sverdet til Aslak er enno til. I den Tidi, daa det var Sed, at Brudgomen vigde med Sverd ved Beltet, var det jamt utlaant til Brudgomssverd. Naar det hekk paa Veggen, riktad og knakad det i det, kvar Gong det kom Ufred. "No kjem det Ufred: det riktar i Kalde-Dreng" sagde dei Gamle. -
 
Ingen veit, kor lenge det er, sidan HardeAslak livde; det var i Fyndeheimen, som dei segjer, elder so langt tilbaka i Tidi, at Mannsminne inkje kann rekka til. Den Kyrkja, som er nemnd so tidt attved Segni um Aslak, skal vera den same, som enno stend i Austad. Ho skal no rivast ned, og ei ny ei koma i Staden. Det er ei uvand, liti, firkantad, solbrend Kyrkja, som er bygd av svære Furustokkar. Vaapenhuset elder Kyrkjesvali ris upp yver Kyrkjetaket: dette er Tornet; det kvesser braadt til, og er inkje haagt.
 
Fraa det fyrste Folk kann minnast var Vegger og Skjeldtile elder Himling skipat med myrke Rosor og Sverrar, som grivlad seg burtetter og krøkte seg i kvarandre. Botnen var kvit, nokot litet iblaa elder blaamengjen. Midt uppunder Skjeldtilet var det maalat ein stor Fugl med flakte Vangjer. Glasi var smaa. – Paa kvar Led av Songhusdyri stod eit Dyreskid, som nemnt er i Segni. Kvart Skid var seks-aatte Tumar breidt paa Lag. Øvste Enden paa dei gjekk ut som tvo Ormar elder Hanehalsar; dei slengde seg mot kvarandre yver Inngangen. Heile den Breidsida, som snudde mot Aalmugen var utskori. Utskurden liktest myket Utskurden paa Vaapenhus-Dyri i denne Kyrkja. Ho er oksad upp av ein einaste Furestok, so vidt ein kann sjaa. Fraa fyrst sveiv ho inn; men sidstundes Presten Anker Bruun livde, elder fyrstundes Arneberg var Prest her (1824-28), vard det gjort Umbrot med dette; Dyri skulde sviva ut, og same Gongen vard ho klovi og umgjord til ei Tvidyr. Paa baade Luterne vard nokot av Skurden burtpløgt, daa dei vard innfelde i Dyregaatten. Kvar Lut er nokorleides 10 Tumar breid; dei er prydde med Rosor og Grivlor, som sverrar seg burtyver og smøygjer seg yver og under kvarandre. Grivlorne heve voret maalad, sume raude, sume gule, sume blaa. Paa den eine Enden av kvar Lut elder Halvdyr er det avbytt ei Tavla so stor som ein Femtepart av heile Sida; paa desse Tavlorne er det utkrotat Mannsbilæte.
 
Paa den eine Tavla er det utkrotat ein bakbunden Mann med fire Ormar kringum seg. Dei bryt seg aa han: ein sting han i Bringa, ein i Herdi, ein i Magjen, ein i Leggen. Ein annan Mann stend attved, laus; men han ansar dei inkje.
 
Paa den andre Tavla er det utkrotat ein Mann, som ligg paa Ryggen, bakbunden. Ein annan stend til Skrevs yver han og rister upp Bringa paa han med eit Sverd; tvo Armar kjem kremande og vil liksom meinka han i det; Kroppen, som Armarne høyrer til, er komen veg. Eit Kvende stend og held ei Skaal yver den bakbundne Mannen.
 
I det Bilet, daa Presten Dahl hadde Provsteveldet i Sætisdal, og Moglestue var Prest i Bygland (1840-61), vard mangt umvølt og umgjort i Kyrkja. Prosten tok Upphavstaket i denne Saki, er det sagt. Det vard paahogget større Glas; Veggerne vard maalad ennlitt gule og Skjeldtilet kvitt. Dei tvau Dyreskidi vard tekne burt; det vard daa meir sjaalegt framyver til Altaren. Det er Von til, at dei vard selde ved Upprop saman med gamle Sagbord og annat, som var lausrivet av Kyrkja. Kor dei er komne av, veit Ingen.
 

 

Frå Fedraheimen 23.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum