Kristiania, den 22de Marts 1878

 
Morgenbladet fyr Tysdag hev ikkje meir enn ein einaste Setning av Ordkastet i Storthinget Maandagskvelden. Men det er væl dei drjugaste Ord, som nokotsinn er høyrte paa det Stellet. Ordi var dei: "Jeg . . . er bleven Vidne til, at Statens Vel maa vige for personlige Hensyn." Og det var Grosserer Julius Nikolai Jakobsen fraa Fredrikstad, som fann, at dei Ordi høvde i Noregs Nationalforsamling. Me trur, Mannen bør vera nemd med fullt Namn og Stand. – No skulde Ein væl tru, at den Mannen og hans Felagar maatte hava det paa den andre Maaten: at dei let "personlege Hensyn vige for Statens Vel"; - men no kjem det løglege, som ofta vil gjøyma seg bakum slike Slengje-Ord, fyr aa ikkje kalla det nokot verre. Det var nett upp dei, som heile Dagen hadde snakkat um, at Staten trong til i eit Snaaprom (Braadvende) aa laana 10 Millionar Kr., som skulde brukast til ei Naudberg fyr dei nedkomne Næringsveger, og sjølve hadde dei sett fram tri Forslag um detta. Der var nok eit fjorde Forslag, men som hadde eit litet Medheng; detta hadde nok liksom ein beisk Smak, so det var vondt aa svelja. Morgenbladet forklarar i Lista, at dei, som røystad fyr dei 3 fyrste Framlag, dei same røystad imot det sidste. Det var dei same 10 Millionar i alle desse Framlag; men anten maa "Statens Vel" hava fenget onnor Skikk elder flutt Sæte, med di at daa Storthinget skulde godkjenna Laanevilkori, daa kravde "Statens Vel," at hine Kararne røystad imot Laanet.
 
Mannen kunde daa væl ikkje vera so galen, at han meinte seg sjølv og sine Felager med dei Ordi? - "Statens Vel maa vige for personlige Hensyn". Tanken kom ut i Ord, men smatt, um so var, inn same Vegen i Gjerning, og Ordtøket "Odel skal til Odel vige" vart sjaaande. –
 
Kann du, Lesar, fortelja oss, kor er no "Statens Vel," og kor er no dei "personlige Hensyn?" Men veit du det ikkje, so spyr Jakobsen. –
 
Paa Toppen av det Løglege er Plass fyr eit Taarn. Det gjeng eit Ord um, at ein stor Flokk Handelsmenn vil møta upp hjaa Hr. Jakobsen og vyrda og takka honom fyr hans gilde Ord.
 
Det er Taarnet paa Tryvatshøgdi, det!
 

 

Frå Fedraheimen 23.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum