Notisar

 
Thingets Samlingtid. Etter Forslag fraa Præsidenten vedtok Storthinget aa ganga inn til Kongen med Bøn um aa faa vera saman lenger enn denne Maanen, med di det er Ovverk aa gjera fraa seg i den fastsette Tidi.
 
Statslaanet var fyre i Thinget Fredag, men vart utsett til Maandag. Fraa Jarnvegsnemndi var Innstellingi so, at Thinget skal samtykkja i at det vert laant inntil 31 Mill.Kr. til Jarnvegsbyggjing fyr Statskassa si Rekning til 4 elder 4 ½ aarleg Rente, og Avbetalingtid 30-40 Aar, samt i det heile paa ringaste Vilkor. Som Tillag hadde ho framsett: Med Avsyn paa dei Høve som Næringsvegerne vaare no er i, gjev Thinget Regjeringi Fullmagt til aa taka upp eit millomtidigt Laan inntil 10 Mill. Kr. Laanevilkori maa leggjast fram fyr Thinget til Godkjenning. Laanet skal forrentast og innfriast ved det faste Laan. Borch og Havig hadde framsett eit liknande Forslag med det Skil, at det ikkje var gjevet Storthinget Avgjerdsla av Vilkori, men at Staten skulde sjaa til aa faa Laanet so ringt som det var Raad til. Fraa Reinhardt laag det ogso Forslag: Soframt det maa haldast naudturvelegt, kann eit millomtidigt Laan paa inntil 10 Mill. Kr. upptakat. Fyr eit slikt Laan gjeld ikkje dei ovanfyre upsette Vilkor. – Aschehoug framsette endaatil eit fjorde, som berre skilde seg fraa Reinhardts ved at ingen viss Sum var nemnd.
 
Hamar-Eidsvolls Banen. Etter "Oplandenes Avis" skal det no vera avgjort, at imillom Eidsvoll og Minne skal Banen leggjast paa vestreSida av Vormen. Ved Minne skal det daa vera Bru so høg, at Skipi kann ganga under. Likeins er det paatenkt Veg fyr Thotingarne paa Vestsida av Mjøsi.
 
Norsk Bibelsoga. O. J. Høyem melder i "Verdens Gang," at han ikkje kann faa Verket utgjevet iaar.
 
Fraa By og Bygd. No. 3. Um Kunstarbeid. Av Aasmund Vinje (Framhald). Ein Sumardag i Jerusalem i Aaret 9 fyre Kristus (Slut). Um Sleden. Eit Blad av Husflidararbeidets Historia.
 
Det norske Samlaget hadde Aarsmøte Onsdag. Det same Styret vart gjenvalt. Eit Tillegg i Logi um 2 Supleantar til Styret vart vedteket. Til Supleantar valtest Kandidatarne Seip og Halvorsen. Um Ordningi av Vestmannalaget sitt Maanadsskrift "Fraa By og Bygd" vart det eit langt Ordskifte, og Enden paa var, at det vart yverlatet Styret aa gjera det, som det tykte. – Me skal næste Gong gjeva betre Greida.
 
Stygge Mord. 7 Finnar, som kom farande gjenom russisk Lapland med ein Reinsdyrhop paa 200 Dyr, som skulde seljast til Slakt inne i Noreg, skal hava vortet drepne av Lappar, som tok og slagtad heile Drifti. Liki av 5 taa deim skal vera attfundne i eit Vatn.
 
Aat dei brandlidne i Levangerer ialt innkomet 59,329 Kr. forutan mange andre Gaavur som Mat og Klædi.
 
Johan Sverdrup skal, etter Dagbaldet, vera tænkt paa aa ganga ut or "Verdens Gang".
 
Kand.theol. P. L. Hæremdøydde idagmorgo.
 

 

Frå Fedraheimen 23.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum