Reinhardt

 
Reinhardt vilde helst berre hava det faste Laan, soframt Ein kunde faa det paa gode Vilkor, og det meinte han, det var Von um no. Kor som var, so hadde Finantsministeren best Greida paa det. Ved aa leggja Laanevilkori fram fyr Thinget vilde det baade verta dyrare og drygjast alt utetter. Borch. Til Jarnvegsarbeidet kunde Staten greida seg utan millomtidigt Laan, men det var smaatt fyr Pengar i Banken, so difyr nokon Utveg maatte gjerast straks. Sverdrup: I 1851, daa Regjeringi søkte Storthinget um Fullmakt til aa taka upp eit Laan paa 2 Mill. Spd., vart Thingets Rett til aa avgjera Vilkori godkjendt, og det vart ikkje dyrare fyr di, men tvertimot det billegaste Laan, Landet hev havt. Ogso i 1857 sette Thinget upp Vilkori fyr Laanet. Naar det i 1862-63 lagde alt i Regjeringi si Hand, var det med Von um, at Statsraadarne snart skulde koma i Thinget til Samarbeid. No daa det galt det største Laan, Landet hadde havt, vart det kravd ei so stor Tiltru til Regjeringi, som aldri fyrr hadde voret gjort. - Det var greidt, at fyr ei slik umfram Fyreraad, som detta millomtidige Laanet var, kunde ikkje Vilkori avstakast so med ein Gong som fyr det faste, annat dei maatte fyreleggjast Thinget att. – Han trudde, at Staten fekk meire Tiltru, naar ogso Nationalforsamlingi var med, og kannhende Konkuransen (Tevlingi) um Tilbod ogso vart friare daa. Det var sagt, at Storthinget ikkje hadde Skyn paa slike Saker, men det var vel heller ikkje umogelegt fyre Regjeringi aa fara feilt. Han trudde ikkje, han kunde hava full Tillit til Regjeringi. – Det som galt var aa koma dei næringsdrivande til Hjelp utan aa gjeva upp Thingets konstitutionelle Stilling. Aschehoug meinte at ved slike millomtidige Laan, gjorde Ein Tiltrui sterkare, so det kunde vera større Von um aa faa det faste Laanet billegt. So brukar dei mykjet aa gjera det i England. Det var ikkje godt aa vita, um Ein kunde faa det store Laanet no straks elder fyrst sidan, difyre var det best aa gjeva Regjeringi frie Hender. Det var visst mange, som ikkje vilde koma med Tilbod, naar dei skulde semjast med Thinget. I 1851 var det onnorleids enn no, daa var dei ikkje nøydde til aa laana som no. - Det var undarlegt, at Regjeringi skulde kunna sjølvraada seg berre ved det store Laanet men ikkje ved det mindre. – Det var heller ikkje rett, meinte han, at til Fyrelaanet skulde det gjevast Rentur og betalast av det store, det var likare, at det gjekk av dei aalmennlege Inntekter. Haugland tykte, at dei var komne burt fraa Hovudsaki, det store Laanet. Ved Arbeidet fyr aa faa det millomtidige var han rædd fyr, at det hitt Laanet skulde seinkast nokot. Nettupp med Avsyn paa Næringsvegerne maatte det vera av Vigt snarast mogelegt aa faa det faste Laanet, og det meinte han det no var Kans til.
 
Mange andre talad baade fraa og til, men det var for det meste med dei same Grunnar. – Røystingi vart ikkje fyrr Kl. 7 um Kvelden, daa hadde dei haldet paa heile Dagen. Nemndi sitt upphavlege Forslag vart vedteket samrøystes. Aschehougs Forslag vart forkastat med 80 Mann, Reinhardts likeins med 67 Mann, Borchs likeins med 55 mot 55 (Præsidenten gjorde Utslaget), Sverdrups (Forslaget fraa Mengdi av Nemndmennerne) vart vedteket med 64 Mann, mot 46. Desse var: Roll, Selboe, Kaxrud, Schrøder, Adjunkt Nielsen, Rye, Aarestrup, Hille, Ellingsen, Veseth, Bergesen, Løvenskiold, Aschehoug, Jensen, Biskop Essendrop, Reinhardt, Flor, Borch, Bang, Schumacher, Olsen, Vogt, Gross. Jakobsen, Kyhn, Sæhlie, Hektoen, N. Hansen, Motzfeldt, Goverud, Lange, Christie, Spilling, Jaabæk, Reierson, Holmesland, Sandberg, Hans Møller, Gross. Iversen, Castberg, Sørensen, Huser, Svendsen, Richter, Lorck, Strøm, Moses Møller, Nysætvold.
 

 

Frå Fedraheimen 23.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum