Religiøse Tilstand.

 
(Brevsending fraa Søndhordland.)
 
[Del 1 av 3]
 
Det er sjeldan Avisskrivarar skriv um den religiøse Sida av Folkelivet. Det treffer gjerna, at dei tykkjest hava sin gode Grunn fyr det, um enn Skaldarne vaare segjer, at vaare aandelege Lyte i det Heile hev si Rot i vaart Trudoms-Liv. Er det sannt, kvifyr skulde Ein daa ikkje skriva og fortelja um det? – Sannt nok: kann Ein ikkje annat enn skjenda paa einannan fyr det at Ein "drep all Utvikling med sin Pietisme" elder at Ein "undergrev Kyrkja med sin Grundtvigianisme" o. s. fr., ja daa kann Ein likso godt tigja still; Ein gagnar ingen annan enn sin Motstandar med det. Men kunde Ein sannt og greidt skildra Trudomslivet hjaa Folket, slik som det er og syner seg, so skulde det visst ikkje mindre enn andre Skildringar gagna den som les det, og dertil Folk av ymse Aands-stemnur. – Eg vil her prøva med slik ei Skildring so godt eg kann.
 
Eg held med Bjørnson, Janson, Brun o. A. naar dei meiner, at den religiøse Tenkjemaaten maa leggjast til Grunn fyr all aandeleg Uppfostring; hev Ein ikkje si Sak med Vaarherre greidd, so hev Ein litet Gagn og Gleda av alt annat. Ein vil, kannhenda, aldri verta sannt upplyst dessmeir; det er Kristus, som er det rette Heimsens Ljos; ei gudlaus Upplysning er eit aandelegt Lik; den kristne Trui er Sjæli i Upplysningi. Difyre kann det aldri verta eit friskt Folkeliv, der den religiøse Tenkjemaaten er ufrisk og uklaar. Detta vilde eg minna Lesaren um fyr aa sleppa all Mistyding.
 
Her i Søndhordland er Aalmugen helst mykje trudomslyndt. Eg meiner det er ikkje for mykje sagt, um Ein segjer, at dei religiøse Fyremaal stend som det Fyrste av alt det Ein hev aa taka vare. Detta tykkjest eg sjaa av fleire Ting. Folk kjem t. D. sjeldan so aalmennt til andre Møte som til dei gudelege, - aa segja, naar det er Von til, at Møti gjeng i den Aand og Leid, som Folk likar. Inkje veit eg, kvaslag Fyremaal Ein kunde beda um Pengehjelp til, som aalmenn Mann skulde vera so viljug til aa ofra til som f. Ex. til dei ymse Missionar. Vil Ein spyrja um Bøker og slikt, so vil Ein finna, at det hjaa dei fleste er litet annat enn gudelege Ting, som vert lesne. Ja det er paa mange Ting Ein kann merka, at Aalmugen hev Agt fyr Trudomen. Sekter er her litet og inkje av; Alle dyrker Gud paa ein Maate. Og dei gjer detta ved aa ganga til Kyrkja jamt kvar Sundag, ganga til Alters eit Par Gonger um Aaret og hellest passa paa alt som til høyrer. Den gamle Husandakten er nok mykje avlagd. I den Stad hev dei fine "Samlingar," sume Stader kvar einaste Sundag, naar det ikkje er Preik med den Kyrkja Ein soknar til, ja oftare med, naar det treffer Vekkjelses-Turar. I Samlingarne gjeng det rett skipelegt til. Det er ein gamall Skikk, at dei Eldste av dei "Vakte" styrer Samlingarne, og det er sjeldan, at nokon trengjer seg inn i deira Yrkje. Der vart leset og songet det som Dagen tilhøyrer; tvo og tri held Bøn, og ein hell tvo snakkar med Folket um det som ligg dei paa Hjarta. Inn imillom syng dei eit og annat Verset. Soleids kann det stundom vera rett uppbyggjelegt.
 
At me her skulde vera frie fyr "Autoritetstru" vilde vera for mykje sagt; men det skal Ein sleppa aa ha' paa oss, at me forgudar Prestarne vaare. Det synest ofta vera alt annat enn til Gagn fyr ei Sak, at ho hev Presten fyr seg. Skal ein vinna Autoritet i gudelege Ting, so maa Ein vera "vakt Haugianer," elder som Ein sjølv gjerna vil heita: "Troanes" hell "Aandele'." Og det er just ikkje helst ibland Prestarne, at Ein ventar aa finna det Slag Folk. Eg veit ikkje meir hell ein Prest av dei, Søndhordlendingen hev lært aa kjenna, som av Mengdi er halden fyr "aandeleg Mann," og det er Lars Oftedal i Stavanger.
 
Naar Folk kjem i Uro fyr si Sælebotssak, gjeng dei jamnast til ein eldre Vakt og spyr seg tilraads, - men sjeldan til Presten, utan Ein vil hava Sakramentet. Er Ein so heppen, at Ein raakar paa dei beste Haugianararne til aa raadføra seg med, so er Ein endaa ikkje verst faren; her er ein og annan av dei, som er verkeleg øvde TruKjempur, sovorne, som Tid etter Tid hev fenget Sanden burtgraven under Bygningen sin, so dei paa Resten hev funnet stød Grunn. Sovorne Folk hev ofta herlege Luter aa bera fram or sitt Hjarta. Det vantar ikkje paa det, at slike Trukjempur kann verta namngjetne Menn; men daa dei er vaksne ifraa Hopen, er det ofta so, at Hopen skynar dei ikkje, og difyr vert dei gjerna sist søkte. Og det maa Ein ikkje undrast paa; i ei syndig Verd kann slikt bera mykje naturlegt til. Er det Ein, som er eit Ljos, so er det altid nok av dei, som vil skyggja fyr Ljoset, so det skal skarpt Syn til fyr aa sjaa det rett. Men den mindre ljose gjeng fri fyr slikt, og sjølv vil han gjerna vita aa halda seg fram; Raaskapen hev det Laget, at han gjerna vil sitja i Høgsætet aa gjera seg breid og vigtig; tome Hus stend helst opne, segjer Ordtøket. Verdi er slik. Detta maa Læsaren hugsa paa, dersom han skulde koma til aa finna sume sers myrke Drag i mi Skildring.
 
Hauge sjølv, og sume av dei Haugianarar, som no liver og, reknar eg fyr "øvde Kjempur", sovorne, som med sin Kjærleik viser at dei hev ei kristeleg Tru. Men i vaare Dagar hev Haugianismen vortet til "Folkeaand", imindsto her hitte; han hev ikkje berre sine Profetar og sine sanne Læresveinar, men han hev og sitt "Masse-Anhang" taa altslag Folk, som dyrker og gjøler fyr honom, av di dei trur det "skal so vera". Naar det er komet dit med ein Lærdom, so maa Ein ikkje venta, at han kann halda seg lengje frisk.
 
I vaar Tid er den Aanden, som jamt raar hjaa Haugianararne, i djupaste Grunnen ein Trældoms Aand, og Heilagdomen ein Gjernings-heilagdom. Med aa preika um Daude og Dom vil dei "vekkja" Folk. I Vekkjelsen skjer den nye Fødsla. Den Talen um Nyfødsla i Daapen mæter Ein ikkje paa. Dei Kjenslur og Ynskje, som Ein hev i Vekkjelsen, set dei stor Pris paa. Dei kallar det "den fyrste Kjærlegheiti." Den gjeld det aa friska upp att so tidt Ein kann. Dermed preikar dei jamt og samt um Dauden og Domen og um kor naudsynt det er aa vaka og beda. Naar Nyvekkte kjem og spyr seg tilraads, kvat dei skal gjera fyr aa verta sæle, so fær dei ikkje det Svaret, at dei skal tru paa den trieinige Gud, slik som Ein segjer i Artiklarne; og ikkje vert det peikat paa Budi held. At Ein maa skiljast med det Laget Ein fyrr hev havt og slaa Lag med dei Vekkte er so sjølvsagt, at det vert gjerna ikkje nemnt. Det Ein jamnaste fær høyra, er: "takka Gud, for han hev vekkt ein Lengt hjaa deg! du maa vaka og beda, at du ikkje skal falla tilbakers igjen". Ofta vert det daa svarat: "Det er nett det eg er so rædd, at eg kann falla tilbakers." Men daa fær ein mest alltid den Raad: "Du maa openbara deg." ("Openbara seg" dvs. halda Bøner o. s. fr. i Samlingarne.) Vanjelja, Naademidlarne o. d. l. kjenner Ein væl, men det synest som Ein skulde ikkje sjaa seg stort Gagn i dei; det er Vekkjingi, Umvendelsen, Forsagelsen, og Andagtsøvingarne, som Ein synest setja mest Pris paa. Bibelen vert litet lesen; naar han vert lesen, so er der altid Spursmaal um ei "aandeleg" Utleggjing.                                           
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 23.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum