Skildringar fraa Italia.

 
(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 19 av 25. Fyrste delen.]
 
VI.
 
Fest paa Missionsskulen. Hovudet til Mathæus. Paa Folkekomedie. Karnevalet og Jødarne. Ei Likstemna. Daudingkyrkja hjaa Kapu cinom. Messa i Koliseum. Herbyrget til St. Johannes. Marietta.
 
Framhald.
 
 
Men dei berre kringsette honom, peikad Fingrar aat honom, storskrattad og ropad: "carneval signore! carneval!" – So torde han inkje røyva deim. Karneval! Korso! – ja i Dag hava Hestarne floget frøynande gjenom Korso, skræmde av Skrik og Rop og Gullbladgliter, som er fest paa deim, Hestarne, som Jødarne endaa, trur eg, lyt betala.
 
Dei stakkars Jødarne! Karnevalet er tunge Minnedagar fyre dei. I gamle Dagar vardt dei rikaste og bedste av deim i Karnevalet fyrst tvingade til at eta seg gode og mette; so klædde dei deim nakne, og so laut dei springa med Bind kring Augo og eit Belte kring Lenderna baketter Æslarne og med dei ville Bøffeluksarne i Ryggen gjenom heile Korso. Og Folket huad og ropad etter deim, og Paven sjølv stod paa Yverlaupet og storskrattad. Det var i 1468 under Pave Paul den andre. Clemens den niande fridde deim ut fraa dette 200 Aar seinare (1668), men so laut dei til Takk svara ein umfram Skatt av 300 Spd., og naar dei kom med denne Skatten, sette Senatoren elder Borgarmeistren i Rom Foten paa Nakken deira til Teikn paa, at dei var Trælar. So laut dei endaatil beda lækkert um at faa Lov at vera endaa eit Aar i Rom. Ja dei stakkars Jødarne! Dei hava voret plaagade og forfylgde av deim, som kalla seg kristne og hava ei Læra um Kjærleike til Næsten, dei hava lidet og stridt meir enn nokot annat Folk, og likavel trivast dei, likavel kara dei seg fram til verdsleg Rikdom, likaval aukast dei og spreida seg kring all Heimen som eit livande Vitnesmaal um Sanningi i Kristendomen og Spaadomarne. Eg ser aldri Jødar, minders eg verd tankefull. Dei bera med seg Austerlandet og Segnerna um Abraham, Isak og Jakob, Mamre Lund og Sarons Rosor og Sederne paa Libanon. Gjenom dei klinga Profetrøysterna og det manande Ropet til Johannes Døyparen; dei bera med seg Krubba i Betlehem og Golgata Kross.
 
Og er det nokon Stad, dei hava livt som Heimsens Dy og Skarn, so er det vel i Rom. Innskrifti paa deira Saga kann du lesa, naar du skrid gjenom Triumfbogen til Keisar Titus, han som øydelagde Jerusalem. Det var den Vegen Jødarne foor til den evige Staden. Der ganga dei bundne etter Sigersvogni, og framfyre Augat deira draga dei med den heilage Ljosstake med dei sjau Armarne og alle Tempelkar. Det er Heidningarne, som spotta deira Heilagdom. Langt, langt attanfyre deim ligg no Templen i Grus, og tusund av Landsmennom sine hava dei set hanga krossfestekring Murarne paa Jerusalem. Resten er reken burt til alle Heimsens Hyrnor, Jødadomen er Røyk og Oska, og ingen Jeremias sit lenger klagande paa dei nakne Steinarne og kann syngja Trøyst inn i deira graatfulle Hjarta. No er det Svipa og Lekkja, som er deira Folkemerke, liksom fyrr i Ægypterlandet, men Moses verd inkje fødd ein Gong til, og Messias, som dei venta paa, han er komen, og dei vilde inkje taka honom. I Rom hava Jødarne livt som Hundar alt inn til dei sidste Aari. Dei kristne vardt verre, enn Heidningarne hadde voret. Pave Eugen den fjorde forbaud deim at eta og bu i Lag med kristet Folk, dei skulde inkje hava Lov at ganga i Byen, inkje hava Lov at byggja nye Forsamlingshus (Synagoger). Ingen Jøde skulde kunna faa offentlegt Embætte. Naar ein Jøde vitnad fyre Retten mot ein Kristen, galdt det inkje. Endaa værre vardt det, daa Paven Paul den fjorde styrde. Han heve ritat sitt Navn med Blodskrivt inn i deira Aarbøker. Han stengde Jødarne inne i Ghetto, den ufjelgaste og usunnaste Parten av Rom, murad kring deim, og forbaud deim at syna seg utanfyre Muren, med minder Karfolket hadde ein gul Hatt paa og Kvinfolket gult Slør. So kunde daa Folk kjenna deim paa detta Kainsmerket, kasta Stein etter deim og skamskjella deim. Synte ein Jøde seg utanfyre Muren etter Kl. 9 um Kvelden, hadde dei Lov at slaa honom i Hel, og det var ingen, som mukkad Ordet mot det. Endaa tykte inkje Paven, Byrdi var tung nog fyre Æselsryggen. Han forbaud deim driva Handverk og Handel, han aukad Skattarne deira, han saag Feber Sotter og Sjukdomar gro upp millom deim. At eit Folk kann liva paa slike Vilkor er umogelegt at skyna, men Jødarne livde og treivst, endaa i stor Armodsdom. Dei fekk daa Hemn paa denne sin rame Uvin. Folkehatet braut laust, daa Paven døydde, ein Jøde stal seg til at setja den gule Skamhatten paa Hovudet aat Pavestytta, som stod paa Kapitol, Folket log, krasad Stytta sund, og drog Hovudet med Pavekruna paa gjenom Gatesurpet.
 
Detta hende i Midten av det sekstande Aarhundrad. Men dei fekk det inkje betre etterpaa. Pave Gregor XIII trugad deim (1572) til ein Gong i Vika at høyra paa ei Umvendingspreika i Kyrkja St. Angelo in pescaria, og dei vardt drivne dit med Svipeslag av Politiflokken. Daa so Kjættarbaali tok til aa loga Europa rundt, vardt mange Jødar brende paa campo dei fiori og Minervatorget. Detta varad heile det 17de Aarh. og langt inn i det 18de. Innocens XIII forbaud deim at handla med annat enn gamle Klæde, Fillor og Jarnskrot. –
 
No Gudskelvo er dei Tider ute. Murarne til Ghetto er nedrivne av Folket sjølv, Jødarne hava Lov til at bu, kvar dei vilja, og det gule Plagget spyrst det inkje um meir. Dei er inkje lenger Hestar i Karnevalet, og Borgarmeistren set inkje lenger Foten paa Nakken deira. Tvertum velsigna dei Pio nono og alt, han heve gjort deim. Men endaa bur det Jødar og berre Jødar i Ghetto. Kjem du derned, sitja dei som Rottor inne i Kjellarom sine med Haugar av Fillor kring seg, og so springa dei fram og triva Tak i deg og bjoda deg snart ein Frakk, snart eit Halsplagg og gnaula og slaa av paa Prisen heile Gata nedetter. Det ser ut til at vera stor Armodsdom i Ghetto. Dei Rumi, som liggja nærast Tiberelvi, er mest inkje at bu i fyre Folk. Naar Elvi stig, flaumar Vatnet uppunder Golvet. Men dei halda trufast i Hop desse Stakkararne. I eine Hyrna av Ghetto paa piazza Cenci ligg Forsamlingshuset. Eg var inne der ein Sabbat. Kor underlegt og kor uhyggelegt! Eg kom inn i ein stor Sal med Sulor og fint utkrotad. Paa alle Veggjom var det ritat Spraak av gamle Testamentet. Midt i Salen stod det ein Lærarstol med Tropp paa baade Sidor, og beint burtanfyre ein Avbildning av Tabernakelet. Paa Talarstolen stod det ein Fyrelesar og lagde ut, eg kunde inkje skyna, um han song elder las. Han hadde Hatten paa som alle hine, men yver Hatten hadde han ein kvit Duk med svarte Render i, eit Plagg, som dei tok paa seg alle i Hop, naar dei kom inn i Salen. Fyr dei tok det paa, andad dei i det. Her var inkje høgtideleg Stilla her i Synagoga. Dei foor ut og inn og smelde Døri, dei samsnakkad som inne paa ein Børssal, og so beljad dei ender og Gong med i ein hebraisk Song og vendde seg mot Talarstolen. Ein Ting saag eg likavel, som var høgtidelegt. Ein gamall Mann kom inn med sin Son og Sonarson. Dei skipad seg, eine framfyre hin, so lagde Bestefaderen Hondi paa Sonen sin, og denne paa sin Son, og soleides las dei ei Bøn. So vende Sonen seg og kysste Hovudet hans og velsignde honom; so vende den vesle seg og kyste Fa'r sin, og Faderen velsignde daa atter honom.
 
Men korleides vart det med meg? Eg skulde ganga heim, og no heve eg tullat meg burt til Jødarne og til Ghetto.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 23.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum