Utlandet.

 
Danmark. Ved Midnettes Leite Torsdagen den 14de Mars vart Finanslogi (Logi um Riksens Inntekter og Utgifter) fyr 1878-79 vedteki i Folketinget. 64 røystad fyr, 31 imot. Dei, som var imot, var Berg og dei andre, som hev skilt seg ut or "Det forenede Venstre". Skilnaden millom den Bergske og den Holsteinske Flokken viste seg greidt ved Ordskiftet, som fleire Gonger vart so beiskt, at Formannen laut ganga imillom og tala deim til rettes.
 
Tyskland. Etter tri Møte med kvasse Ordkast millom dei ymse Flokkar tok den tyske Riksdagen, Laurdagen 14 Dagar sidan, ved eit Framlag fraa Bismarch um Rett fyr Rikskansleren til aa utnemna "Stillingsmenner" fyr seg. Etter Riksskipnaden er Magti utskift soleids, at Riksdagen (med sine 397 Mann) raader fyre Rikspeningen; men den loggjevande Magti hev Riksdagen saman med Forbundsraadet. Dette sidste hev 58 Medlemer, som er valde av Regjeringarne fyr dei serskilde Statar. Den øvste Styringi er hjaa Kjeisaren; han er og Øvsteføraren fyr Heren. Men Rikskansleren er den, som er Fyrestandaren i rette Røyndi; han er Riksdagen andsvarleg fyr alle dei mange Styresgreiner, som ligg under Riket: Orlogsfloten, Post- og Telegrafstellet, Utriksgreidorne Rikspeningen og Stellet med "Rikslandi" Elsass og Lothringen. Det er eit Krav, som den liberale Flokken lenge hev gjort, at det skulde setjast andsvarlege Riksministrar ved Sida aat Rikskansleren; dei skulde hava kvar si Styresgrein aa svara fyr. Dette Kravet hev og voret framme, medan Framlaget um Umbodsmenner elder Stillingsmenner fyr Rikskansleren vart dryftat. Men Bayern, Würtemberg og Saksen vilde ikkje samtykkja, og Bismarck fekk sitt Framlag vedteket. Etter dette skal daa Rikskansleren – likesom fyrr – vera den einaste andsvarlege Ministeren fyr Riket; men sitt Andsvar kann han flytja yver paa ein Varakansler og 5 Umbodsmen-ner, som fær aa styra kvar si Grein av Riksgreidorne, og som derattaat skal vera prøysiske Ministrar. Det, som det no gjeld mest um, er Utnemningi av Varakansleren og Fyrestandaren fyr Rikspeningsembættet. Kannhenda det vert same Mannen. Dei national-liberale hadde smurt seg med det, at Varakanslerembættet skulde falla deim til, og dei hadde tenkt aa nytta dette Tilhøvet til aa gjera sitt Parti raadande baade i Riksdagen og Styret; men det vilde ikkje falla til fyr deim. Det viste seg ved Ordskiftet, at Bismarck var meir i Samhøve med Medlemerne av Forbundsraadet (Fyrsteministrarne aat Würtemberg, Saksen og Bayern) og det konservative og frikonservative Parti; dei national-liberale hev han derimot støytt meir ifraa seg; i sidste Møtet sagde han um Lasker, ein av dei fyrste ibland deim, at han var den Mannen i Riksdagen, som hadde gjort honom det største Bry i hans Embættesgjerning.
 
Freden vart gildad av Ryssland den 17de Mars, og Vilkori er no endeleg kunngjorde; det er dei same, som me fyrr kjenner, paa det næmaste. Av Krigsskadeboti skal Turkiet betala 300 Millionar upp i Hondi; 1100 Millionar skal betalast med Land. I det sidste att hev det set myrkare ut fyr Kongressen og den europæiske Fred, enn det gjorde Aattedagar sidan. England gjer Paastand um, at alle Fredsvilkori skal leggjast fram fyr Kongressen, at Ryssarne skal draga seg 30 (eng.) Miler undan fraa Konstantinopel, at Grekland skal gjeva Møte, at Slutningsprokokollen skal underskrivast av alle nøytrale Magter, og at Kongressen skal vara 6 Vikor. At det sigrande Ryssland naudleg vil lata setja seg slike Vilkor, er ikkje til aa undrast paa.
 
Turkiet er reint i Uppløysning. I Hovudstaden vert det uppsleget Upprørs-Plakatar, so Sultanen hev lotet samla ein stor Herstyrke berre fyr aa tryggja seg sjølv. Uppreisti i Makedonia veks, Upprørararne paa Kreta tek til aa røyva paa seg att, og i sume Landsluter i Asia tek dei ogso til aa krevja Sjølvstyre.
 

 

Frå Fedraheimen 23.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum