Av laak Ætt

 
[Del 3 av 10]
 
Ei Forteljing.
 
V.
 
(Framhald).
 
Daa vart Leiv seg sjølv att. For so snart det spurdest um Magt, so visste han, han var Frikar. "Og tvinga meg inn skal dei ikkje," tenkte han. I eit forfælande Rykk reiv han seg laus fraa den eine, bar so i aa slaast med den andre. Det vart eit dugelegt Basketak, endaa dei var fastande. Det vart snart tri um ein; men Leiv bergad seg utrulegt. Han var baade sterkare og ledugare enn dei hine, og visste aa snu seg slik, at dei berre vart i Vegen fyr kvarandre. Folk kom ut, stimde ihop og glodde, kunde ikkje skyna, kven det var og kor detta hadde seg. Best som det var, so var det ein av dei, som tok Føterne unda Leiv, so han datt aalveltes. "No ein Mann hit til Hjelp, so skal han fyr Dagen!" vart det ropt. Ein flaug til. Men idetsame han skulde taka Tak, stadnad han og gav seg til aa læ. "Kjære vene, er det du?" sagde han. "Kor ber til du ligg her? "Statt upp og ver med inn; det er mykje likare det. – Du er daa ikkje rædd Folk, veit eg?" kviskrad han. Det var Lars. Leiv vart so fegen av aa finna ein Kjenning her, at han strakst stod upp og fylgde. Folkeflokken etter, og fyre; alle var forvitne; det dreiv med Lentur og Laatt; "du vert fagnad som Storkar, du," kviskrad Lars og lo. Tilslut stod dei i Dansestova. Leiv rette seg upp i si fulle Høgd og saag stivt ikring seg med sine store blanke Augo. Han var høgare enn dei fleste, og herdebreid, fast vaksen som ei Eik, Bringa steig sterk fram under den sundrevne Kufta. Augo var svarte og hadde ein vill Glans, det store Haaretlaag i digre Lokkar og Krullar kring Hovud og Nakke, men Blod rann ned fraa Tindingen yver Kinnen hans. Dei saag mest fælne paa denne ville Karen. Daa var det ein, som ropte: "Det er Son hans Svarte-Aasbjørn!" Og i same Blinken kjende dei han alle. Dei drog seg ifraa han liksom dei var rædde, og Leiv vart standande aaleine midt paa Golvet. Endaa Lars totte han laut fylgja Flokken.
 
Leiv kvitnad, der han stod. "Er de rædde no, alle de gjæve Gutar?" sagde han; Mælet var haastog kverkt, so han kjende det ikkje sjølv. Ein svarad: "Aa det er væl ikkje alle, som er so fusepaa aa slaast som Leiv Aasbjørnson, som ikkje kann drygja til han kjem inn i Laget eingong, men lyt til aa rivast, so snart han ser Huset!" Det høyrdest ei Knesing rundt i Kræerne. Leiv vart stygg i Augo; Munnen bibrad. Jon Haugstad, Faer hans Bjørn, gaadde detta og kom med ein Dram. "Hyss!" sagde han, "lat no det vera godt. Og er du fyrst komen, Leiv, so fær du vera vælkomen; tak deg no ein Dram og ein Dans!" - "Ikkje Dropen drikk eg her," svarad Leiv og skaut Glaset fraa seg so det skvatt, "og ikkje Ein skal segja det paa meg, at eg gjer nokon Mann Uskil, som ikkje ufredar meg. – Men," tok han i, og nokot som ein Smil drog seg fram yver Andlitet hans: "den Ting kunde eg lika aa freista, um det finst ei Gjenta her i Laget, som vil dansa med meg." – Alle Gjentur drog seg so langt ifraa som dei kunde; Gutarne lo.
 
Leiv kjende, at det kolad eit Sinne upp i han, som kunde taka Sans og Vit fraa han, um det braut laust. Men han tøymde seg. I Gjenteflokken saag han dei tvo, som han hadde likt so godt paa Kyrkjevegen idag. "Kannhenda er dei bljuge," tenkte han, og steig fram til den eine – den store – og baud ein Dans. "Nei hellest Takk," sagde ho. Det var som ein gjøysande Straum av Skam nedyver Nakke og Rygg . . . Han gjekk til den andre, ho den grannvaksne med den sorgblide Smilen; ho bleiknad og drog seg ifraa. "Aldri!" sagde ho. Leiv beit ihop Tennerne, treiv etter den, som stod næraste; ho reiv seg ifraa so hardt, at Kjole-Ermi rivnad. Skam og Sinne var aat med aa taka Vitet hans, det gjekk Skodd fyr Augo, det susad i Hausen; han treiv etter ei til – jau! ho kom. Spilemannen strauk upp, Leiv dansad fram som ein ør Mann; Stova skalv under Foten hans, han gjorde Kast mot Bjelken so Gjenturne skreik; det var som han kunde snu seg rundt um seg sjølv i Lufti; slik Dans hadde Ingen set! – Men daa han hadde dansat ut, daa gaadde han, at Gjenta, han dansad med, var Alvhild fraa Dale.
 
VI.
 
I den Stundi var Alvhild so fager, at Leiv aldri i sine Livedagar hadde drøymt um nokot slikt. Varm og trøytt stod ho der med bylgjande Barmar, so Sylgjurne skalv paa det kvite Lin; Kinnarne blømde som Rosur; Augo var klaare og reine som paa eit Barn, men saag so varmt og dragande uppaa han, at han kjende ein Solstraum innyver seg av Sæla. Han tok henne i Haandi, so ho skalv: "Takk fyr Dansen, Alvhild!" - og det Auga, han daa gav henne, gløymde ho aldri.
 
Han var ute i same Blinken, ør, tumlen, fraa seg, men endaa sæl; han flaug til Skogs fyr aa faa Luft, men Alvhild stod fyr han, kor han gjekk. Det tok til aa blaasa i Skogen; Groner og Furur stod svarte og song, Vaarbekkjerne siklad og sjoad i alle Skortur, Himmelen drog seg yver med eit sylvgraatt Flor; - fyr Leiv syntest det som han gjekk inne i ein Trollheim og høyrde paa Fossgrimspil og Huldrelaat, og han vilde ikkje undrast det Slag paa, um Tre og Stein og all Ting tok til aa tala.
 
Men paa Haugstad slutad Dansen helder snart. Alvhild var hugstoli og liksom ør etter detta; ho hadde ingen Moro av aa dansa lenger. Der var so tomt etter Leiv; alle dei andre var so vesalle og smaae. Ho vilde heim. Dei tagg og bad, det hjelpte ikkje; Knut Aasen og Bjørn Haugstad kviskrad fagre Ord til henne, ho høyrde det knapt; Spilemannen strauk upp sin beste Springar, ho gaadde det ikkje. Ho gjekk; og daa ho var burte, gjekk dei fleste andre med. Men Alvhild laag den Notti og vakte og drøymde um den sterke Guten med dei blanke Augo, og Haandi hennar brann enno etter hans faste Tak. Ho hugsad ikkje at han var av laak Ætt. Og daa Soli spratt um Morgonen, sagde ho med seg sjølv: "Gudskelov, no veit eg daa, kven eg likar!" – Med den Tanken sovnad ho og var sæl, men drøymde, at Leiv slost med Faer hennar og laut gjeva seg.
 
Daa ho vaknad, tenkte ho paa denne Draumen, og trast kom ho til aa minnast Leivs Ætt og Folks Meiningar um Faer hans. Detta lagde seg so kaldt yver henne, at ho reint kjende vondt av det, og daa ho kom inn i Stova og saag Faer sin og Moer si, desse gode og byrge gamle Folk, daa lagde det seg som ein Frost fyr Bringa paa henne, at ho laut nok slaa fraa seg dei Tankarne paa Leiv. Men mot Kvelden kom Tankarne attum, sterkare enn fyrr. Det laut vera det same med Ætti; ein Gut som Leiv turvte ingi Ætt. Faer og Moer vilde væl leggja imot det dei kunde; men i Grunnen visste ho, at ho raadde dei. "Leiv skal vera min!" tenkte ho, og vart so sæl, at ho slog sund alle dei Koppar og Fat, ho fekk i Henderne den Kvelden. "Eg meiner du drøymer, eg," sagde Moeri.        
 
VII.
 
Morgonen etter var ho atter tung um Hjartat. "Kvat hjelper det, um eg raar med Far og Mor, - Bygdi vil halda meg fyr Narr!" tenkte ho. Heile Dagen gjekk ho og verkte med denne Tanken og kjende seg so sjuk og uhugleg, at ho brydde seg um ingen Ting. Men mot Kvelden att kom Leiv fyre henne lika eins som fyrr. "Eg er like sæl um Bygdi," tenkte ho. "Lat Folk drøsa; eg kann vera like god fyr det." – Men naar ho tenkte paa, kvat dei vilde segja paa Aasen, og paa Haugstad, og hjaa Lensmannen, og der, og der, so var det likevæl som ho kolnad og skjemdest.
 
Ute i Garden tok Bikkja til aa gjøy. Kven kann vera ute detta Bilet?" tenkte ho og snikte seg ut; - ho var so uroleg i sine Tankar. Daa ho kom ut, stod Hunden ned med Staburet og gjøydde som alt vondt var ute. Ho vart baade forviti og rædd; "hyss, Odin!" sagde ho, og gjekk dermed. Daa kom Lars fram. "Godkveld", sagde han; "eg skulde helsa og segja, at det er Ein som ventar paa deg med den gamle Fura. Du fær Synd paa deg, um du ikkje gjeng." I det same flaug han. Odin etter og gjøydde. No kom Moeri. "Kvat er det Hunden gjøyr so fyre?" sagde ho. - "Aa, ikkje fyr nokot. – Jau, det strauk ein Framandkar her nedum." "Kven tru det var?" sagde Moeri. "Maa so segja," svarad Alvhild. "Sjaa du fær Bikkja med deg inn." "Ja." – "Kvat er du stend etter?" – "Hev Gjeiterne voret ute i Dag?" "Ja." "Er dei komne heimatt alle?" "Eg trur visst det. Kor daa?" "Denne Framandkaren sagde han hadde set eitpar Gjeiter her burti Skogkanten, - med den gamle Fura." "Aa kjære deg, daa lyt du stad og sjaa etter. Det kunde vera Graatussa; ho er so leid til aa laupa av. Skunda deg!" "Ja." – Alvhild gjekk, og undrast paa seg sjølv at ho gjorde det.
 
 

 

Frå Fedraheimen 10.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum