Den store Ramskei-Fyla (Tresko)

 
Den store Ramskei-Fyla (Tresko).
 
D'er Leiv Øysteinson Sandsdal i Selljor i Telemark som fortel.
 
Dæ va ein som hette Tron Ramskei, ein stor svær Gampe Kar, - dæ kann vera væl et halvt hundre Aar se han levde; - dæ va Far, Langedrag'jen, Spelemannen, som ha gjort Fyla: han va Treskomakar -. Han va ein gille Vreitegravar, denne Tron'en, aa saa reste'n te Jon Uggaren i Sunnbygdi aa ville taka paa seg noko Vreitur, - aa dette gjore'n, grov Vreitune. Naa gjekk den eine Fyla honoms sunde der i Vreitune. Den andre Fyla reste'n ifraa, daa han va færug; sto ho saa atte paa Vreitekaste, -denva 'kje noko hava daa den andre ha gjengje te Kost. Saa fere Jon Uggaren, Husbonden, ut aa sjaa paa Vreitune, ette at Tron ha fare heim; teke saa Jon heim denne Fyla. – toss aller ha sett slik Fyle i sin Dag -, aa hengd'o upp i Gangjen ihjaa seg, aa der blei ho hanganes i Gangjen, Aar ette Aar.
 
Naa va Torjus Norgaren ou ein rike Mann, aa saa va'n den Mannen, at han skulle faa i alt som va rart, um dæ va aller saa uvand ein Ting. Han te aa nou-kri paa Jon, at han maatte lata'n Fyla; mendæva 'kje Raa: Jon ha klovna, haehan fattas Fyla imylljom alt sitt ana. Kjæme saa Aslak Holtæn te Norgaren ei Ti ette at Tron va dø, - dæ va ein Spikkelant, mæ ein Kjeft saa grov saa: han hae 'kje ana Kjeften aa bergje seg mæ, sa'n, – dæ ha gjengje ut fe'n. Seie Torjus Norgaren dæ mæ Aslak: "Æ dæ 'kje du som kann gjera dæ, saa æ dæ 'kje andre: Dæ æ aa faa ut av Jon Uggaren Ramskei-Fyla. Kann du naa faa 'o ut av'n, skaa eg gjera et gripa Lag – eg skaa bryggje ei Tunne, aa Brennevin skaa der bli ette Maaten."
 
Naa Aslak te aa spikkelere, - teke saa ut te Uggaren, te gamle Jon, - han va gamal noko daa – aa seie dæ mæ'n: "Veit du hot eg vi deg idag Jon?" seie'n. "Nei d'æ umougelegt fe meg aa veta dæ", sa Jon. "D'æ ein Ting eg vi faa av deg, - du skaa 'kje seia nei fe meg mæ slik uvand Ting, - dæ skaa 'kje saka di Vælfær ein halv Skjeling -." "Ja, naar eg visste, hotdækunn' vera,dæ," sa Jon; "æ dæ daa netupp saas-saan at dæ tyer ingjen Ting, saa fær du naa væl faa dæ;" – han maa hava vore i ei Golone daa, mæ han va 'kje trouare. Aslak skout te Skjels, saa der va Vitne. "Ja d'æ Ramskei-Fyla, Jon, som hænge der uti Gangjen", seie Aslak. "Hu jei, dæ va harmelegt!" sa Jon; "ha eg visst dæ ha voreden, ha du naa visst inkje skult fengj'o!" Jon maatte ut mæ Fyla, aa Holtæn'en fere te Norgaren mæ Fyla. "Sjaa der heve du 'o!" seie Holtæn'en.
 
Naa teke Torjus te spikkelere, hori han skulle faa i ein go Diktar, som kunna seta et Rim ivi Fyla, naar ho skulle avsløras i Lagje. Naa gjere'n Bo te Svein Omtveit, - han va ein som skulle bejønde aa dikte, - aa te Olav Nese, han skulle ou prøve mæ sitt; dermæ skulle dæ veljast av di Rimi hoke fellelegaste va. Naa æ trakst dette Lagje færugt; der æ bryggja, aa brennt, aa heile Lundevallsgrenni æ be'ne te Lagje, aa paa mange andre Stair.
 
Naa æ Lagje der, aa Rimi skaa prøvas, - totte di Sveins vart fellelegaste. Daa fere Svein te aa lesa upp Rime sitt:
               
                Da Tron reiste til de Dødes Rige,
                Begyndte jeg først paa Jorden at stige:
                Jon gjemte paa mig som en hellige Ting,
                Da gjorde jeg mit fyrste Spring.
                Men ved Aslaks List
                Haver Jon mig mist,
                Og nu dyrkes jeg paa Norgaarden som en
                                                                Afgud tilsidst.
 
                "Ja," sa Svein, "saa æ dæ Maale paa 'o:
 
"Sju Tummar brei aa fjorten Tummar lang: Hvor findes den Fod, som jeg er for trang?"
 
Saa henta di Nikuls Maalar, aa dette vart maala runn ikring, som du ville sjaa Rimi paa ein Ølbolle, aa Torjus bruka 'o te aa hava raa Kaffe i, - dæ va dæ senste eg saag 'o. Ho vart seld paa Aksjonen ette Torjus Norgaren, aa Brorsonen kopt 'o, ein som heiter Norvall, og gav tri Mark fe 'o; men saa va dæ slik ein Dustingje, denne Norvallen, saa hae han selt 'o te ein som hette Hessel – hørde eg gjete – heime paa Strengjen, aa han skikka Fyla inn te Universitete i Kristian der ho æ naa. 1)
 
1) Paa den "etnographhiske Samling", venteleg?
 

 

Frå Fedraheimen 10.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum