Fraa Dyreheimen

 
I.
 
(Framhald fraa No. 14).
 
[Del 3 av 5. Fyrste delen.]
 
I Næringsstrævet viser Naturdrivti seg paa ein audsynt og tydeleg Maate. Naar Dyri sankar seg ihop Mat til Vetren, so er det væl visst, at dei ikkje veit nokot um Aarsbolkarne; dei samlar helder ikkje i den Tanken, at dei maa hava Mat til den kalde Tidi; nei, dei dreg til Hus, av di Naturen hev lagt den Drivti ned i dei. Og naar so Vetren kjem, og dei ikkje lenger finn Mat ute, so er det naturlegt nok, at dei gjev seg til aa tæra paa det, som dei no eingong hev samlat. Um me førde slikt eit Dyr til eit varmare Land, der det kunde finna sin Mat ute heile Aaret, so vilde det sanka til Hus like godt.
 
Endaa greidare kann Ein sjaa Naturdrivti t. D. hjaa Snikje-Kvepsen, som legg sine Egg i livande Aamur fyr at Ungarne kann finna si rette Næring, naar dei eingong bryt seg ut or Egget. Det er Uraad, at Dyret kann vita og tenkja so langt fram. Strudsen i Afrika bræder aldri alle sine Egg, men berre ein Deil av dei; dei andre vert liggjande urøyvde, og vert sundtrødde av Fuglen, naar Ungarne kryp ut, so at dei daa kann faa Mat som dei likar. – Ein skulde tru, at Drivti leidde Dyri so tryggt, at dei aldri kunde taka imist; men heiltupp so er det daa ikkje. Til det Jamne et Dyri vistnok ingen Ting, som dei kann hava vondt av. Man alt Linné (den store Blomekjennaren, død 1778) gaadde, at naar Ein driv Kretur, som er uppalne paa Flatland, til Fjells, so hender det, at dei der et Blomar elder Grasslag, som Fjøllkretur skyr; og so fær dei daa strakst vondt i Magen av det. Her skulde Ein daa tru, at det ikkje var Naturdrivti, som Dyri fylgde, men si eigi Røynd og Forfaring. Men ein kann forklare det paa ein annan Maate au. Fjellkretur kann, bil dei er unge, og alle Sansar er skarpe, skilja ut dei meinslege Vokstar etter Lukti, og den Lukti dei hev lært aa skilja i Ungdomen, sit i dei sidan, so dei altid let dei Vokstrar, som hev denne Teven, standa. Men Kretur som fyrst kjem til Fjells naar dei er eldre, dei hev ikkje so god Lukt, og dei kjenner ingen Illtev, men riv i seg det eine med det andre. Peter den Store hadde paa Ferdi si til Persia med seg ein engelsk Dokter, Boll, og denne fortel, at det eingong paa ei einaste Nott var 1500 Hestar, som bolnad upp og sprakk, av di dei hadde etet romersk Malurt, som veks i Mengdetal der, men vert skydd av Hestarne i det Landet. Dei rysske Hestarne kjende ikkje den Planten, og so aat dei. Ein baud denne Malurten fram til Uksar og Kamelar, men dei var klokare, dei, og vende Hovudet fraa.
 
Liksom Dyri kann mistaka seg i sitt eiget Matstræv, soleids kan dei au fara galet, naar dei skal syta fyr Mat aat Avkjømet sitt. Det er sume Skordyr, som legg sine Egg i rotet Kjøt. No finst det plantar, som luktar lika eins som rotet Kjøt, og daa hender det, at desse Skordyr let seg narra og legg Eggi sine i denne Planten. Naar so Ungarne kviknar og kjem ut, so finn dei ikkje den Maten, dei skulde hava, og dermed døyr dei.
 
- Naturdrivti syner seg og paa ein merkjeleg Maate hjaa Dyri, naar dei skal stulla og uppfostra og verja sine Ungar. Vevkjeringi t. D. hev sine Egg med seg i ein serskilt Eggpung, som ho spinn einslegt til det Bruk, og som ho hefter fast ved eit Par Smaahakar attmed Spinnevorta. Denne Pungen verjer ho med største Ihuge og slepper han aldri or Syni. Ein Professor fann ein Dag i ein ovfin Bjølleblom, som han just vilde gjøyma i Blomeboki si, ei Vevkjering, som han daa tok ut og sette fraa seg paa Graset. Men med lynande Fart skaut ho seg innpaa Blomen att. Han sette henne fraa seg, ho kom att, - andre og tredie Gongen. Daa gav han seg til aa forfara Blomen nokot gløggare, og fann daa Eggpungen aat Vevkjeringi inne ei Blokka, som var ihopvaksi som ein Pose. Denne Blokka braut han daa av og lagde ned paa Graset; Vevkjeringi flaug til, fatad Eggpungen sin, og var nøgd.
 
Det er kløkkjande aa sjaa paa, naar Smaafuglarne matar Ungarne sine. Dei større Fuglarne er ikkje so gode med sine Smaae, men dei ber iminsto Maten aat Reidet og legg han til Rettes fyr dei, elder dei gjer liksom Høna og tek Ungarne med seg ut og lærer dei upp til aa finna Maten sin sjølve. Mange Fuglar gjøymer Ungarne under Vengjerne sine; Pungdyret ber dei med seg i ein Pung under Livet, likaeins Kænguruen; "Æneasrotta" tek dei paa Ryggen, der dei held seg fast med sine smaa Halar, som dei slær ikring den framyverlagde Halen aat Moer si. Apekjetta tek au Ungen paa Ryggen, og han legg daa Armarne sine nokso fint ikring Halsen aat Moeri og held seg paa den Maaten fast. Flogmusi ber Ungen med seg, naar ho er ute og flyg, paa den Maaten, at Ungen held seg fast under Brjostet hennar, og ho sveiper ei Folla um honom av Vengskindet sitt, og so ber det avstad gjenom Lufti.
 
Binna (Ho-Bjørnen) fostrar seg upp ein serskilt Barnepassar. Av dei tvo Ungarne, ho fær i Januar, ein Han og ei Ho, slepper ho denne sidste fraa seg um Hausten; men Han-Ungen maa fylgja henne endaa eit Aar og hjelpa til med aa stulla dei nye Smaaungar, som ho fær i næste Aaret. Symjefuglarne hev ei stor Sut, fyrste Gongen at Ungarne deira skal ut paa Vatnet; dei stend paa Breddi og liksom ropar til dei; sume fylgjer med dei og held seg paa Sida av dei fyr aa vera trygge. Luftfuglar flyg i Fyrstningi altid under Ungarne sine, naar dei skal til aa prøva seg, fyr at ikkje dei Smaae, naar dei vert trøytte, skal falla til Jordi aa skamslaa seg.
 
Endaa dei mindste aa mest ræddvorne Dyr forsvarar sine Ungar, so det er eit Under aa sjaa. Høna vert so modig, ho bryr seg um Ingenting; Katten vaagar seg i Bask med dei største Rovfugllar; den vesle Songfuglen stig djervt sin Fiende til Møtes, naar det gjeld dei kjære Smaae. Det hender i Tusundtal av Gonger, at Møderne vaagar sitt eiget Liv fyr aa berga Avkjømet. All Ræddhug vert gløymd; dei hev set ein Hjase (Hare), som sette seg upp mot Jagthunden, av di Ungarne hans var paa Nærhaandi og han maatte verja og hjelpa dei.
 
Ei onnor Syning av Hugskotet, som og oftaheng ihop med Kjærleiken til Avkjømet, er Lureelder Løyne-Drivti. Dyri hev tallause Maatar til aa gjøyma seg og sine Bøle paa, so dei jamt narrar sine Fiendar, og Mannen med. Eit AameSlag, som liver paa Tre og hev same Liten som Treborken, kann halda seg fast i ei Grein med den eine Ende av Kroppen sin og so retta seg ende ut i Veeret, so Ein plent lyt tru, at det berre er ein liten Riskvist, som stend der. Dei smaae Fuglarne, som hev Reid paa Marki, flyg aldri rett upp av Reidet, men løyp altid fyrst eit Stykkje fram gjenom Graset elder Lyngen, og Ein kann vera stød paa, at der dei flyg upp, der er i k k j e nokot Reid. Fuglar, som hev Reid i Tre, støyper seg oftastums ned paa Marki, snikjer seg so eit Stykkje fram gjenom Graset, og set daa fyrst til Veers. Strudsen gjer store Krokveger, naar han gjeng fraa og til Reidet sitt, so Veidaren ikkje skal finna det.
 
Alle desse Ting kann Ein, naar Ein vil, taka som tankelause Naturdrivter. "Fuglarne hev no det Draget i seg, at dei maa snikja seg fraa og til Reidet paa denne Maaten; men dei veit ikkje sjølv, kvifyr dei gjerer so; det gjer seg sjølv fyr dei, liksom me, naar me gjeng, rører Armar og Føter utan aa tenkja paa det." Det kann Ein segja. Men vandt vil det vera aa forklara det som her kjem paa den Maaten. Og det er verkeleg sannt. Ein Mann gjeng og driv i Skogen, legg seg so ned i Graset. Daa høyrer han rett som det er paa Sida av seg slik syrgjeleg Piping og Jamring, og daa han skal sjaa til, er det ein liten Fugl, som dreg seg gjenom Graset og ser paa Mannen so bønlegt og sorgfullt som han vilde segja: "aa tak meg upp og hjelp meg." Det er so grøtelegt aa sjaa paa denne vesle Stakkaren, at Mannen stend upp og fylgjer etter. Der ser han, at Hovudet paa Fuglen sit reint paa Skakke og at Vengjerne heng ned liksom lame; Fuglen lyt vera dotten ned or eit Tre, elder kvat som no kann vera hendt; nok er det: Ein kann ikkje sjaa paa det arme Kreket utan aa ynkast. Ofta stadnar Fuglen litegrand og ser paa Mannen, og pipar liksom bedande; men naar Mannen kjem nærare, dreg han seg med Stræv og Naud vidare. Slik gjeng det ei heil Stund. Mannen tenkjer just paa aa taka den vesle Fuglen upp aa sjaa betre etter, kvat som vantar; - daa flyg den vesle Skalken med ein Gong ende til Veers, syng og jublar og svingar seg rundt i Lufti, i største Gleda yver si kloke List. Heile Stasen var berre ei Komedia, som Fuglen fann paa fyr aa narra Mannen burt fraa Reidet sitt, som var altfor nære der Mannen sat. – Detta er ikkje eit einstaka Tilfelle, som eingong er hendt og lagt Merkje til; men det hender rett som det er fyr Folk, som gjeng ofta i Skogen. Det er berre ikkje Alle, som skynar, kor det hev seg, naar ein sjuk og forkomen Fugl soleids med ein Gong vert frisk og kvat.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 10.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum