I Kristiania, den 9de April 1878

 
[Del 1 av 2]
 
Paa Umskiping av Logverket um Egteskap hev det voret arbeidt i langsameleg Tid. Men hjaa oss gjeng alt smaatt og traatt. Um ei Umbot er nokso naudsynleg, tarv ho daa minnst ein Mannsalder til aa trengja seg fram til Gildskap. For her er likso mange Hugstemnur, som det er Hovud, og alle Hovud er like gode; alle veit dei imindsto aa halda paa sine Meiningar elder Umeiningar til det Yttarste. Ein halv Mannsalderer alt gjengen, sidan dei tok paa aa braaka med denne Saki her i Noreg. Ho vardt daa som alle smaa og store Saker granskad av ei kgl. Nemnd (av Bispar, Prestar, Juristar og Bønder), som i 1863 skreiv ei diger Bok um, korleids Egteskapet hev voret stiftat hjaa dei ymse Folk gjenom dei ymse Tider, og lagde fram ymse Forslag til ny Log i detta Emnet. Men dermed hadde og Riksstjorni gjort det ho kunde, saag det ut til. No let ho Saki kvila. Men Saki fekk ikkje kvila likevel og naadde fram til Things baade i 1866 og i 1869, daa det i Odelsthinget gjekk fram eit Forslag um, at dei som vilde gifta seg, skulde hava fritt Val millom aa taka kyrkjeleg Vigsla og aa ganga til Notarius publicus. Odelsthingsraadgjerdi fall daa i Lagthinget. Sidan hev Stjorni sett fram Forslag fyr Thinget kvart bidige Aarum borgarlegt Egteskap til Naudhøve, men stort større Umbot vil ho helder ikkje hava.
 
Egteskap vert no stiftat A. paa kyrkjeleg Maate (ved Vigsla av Prest i Rikskyrkja) millom 1) Medlemer av Rikskyrkja, 2) RikskyrkjeKristne og Kristne som ikkje høyrer under Rikskyrkja, (Log 16de Juli 1845 § 7) og B. paa borgarleg Maate (ved Semja hjaa Notarius publicus) millom 3) Kristne, som (baade tvo) ikkje høyrer under Rikskyrkja, d. e. Dissenterar (Log 16de Juli 1845 § 6), 4) Ikkje-Kristne d. e. Jødar, Mohamedanarar, Heidningar (Log 22de Juni 1863), 5) Kristne (Rikskyrkje-Kristne so vel som Dissenter-Kristne) og Ikkje-Kristne (Log 22de Juni 1863).
 
Rikskyrkja hev soleids maattet gjeva fraa seg Retten til aa stifta Egteskap i det Tilfelle, naar eit Rikskjyrkemedlem giftar seg med ein Jøde elder Heidning. Men hellest hev ho det sameValdet, som ho daa i Grunnen ikkje hev nokon Rett til aa sitja inne med, til aa vigja alle Egteskap millom slike, som ikkje hev meldt seg ut or Rikskyrkja, og Prestarne er skylduge til aa vigja alle desse, um dei liver aldri so ukristelegt; ja um dei so ikkje hev Rett til aa gifta seg, dessmeir, etter den Læra, som Kjyrkja sjølv forkynner.
 
Det Log-Utkast, som Stjorni hev lagt fram i Aar, og som i det meste likjest dei Framlag, som var uppe i 1871-1877, gjeng ut paa, at Rikskyrkje-Kristen, som vil gifta seg med DissenterKristen, skal kunna velja sjølv, anten han vil ganga til Rikskyrkjeprest elder til Notarius. Framleides kann, etter Framlaget, Egteskap millom Ugift paa den eine Sida og Fraaskild paa den andre stiftast borgarlegt, men ogso kyrkjelegt, soframt det finnst Rikskyrkjeprest, som vil vigja; og endeleg skal Egteskap stiftast borgarlegt, naar nokon av Brudfolki i Livnad vanærar Kristendomen elder reint ut negtar den kristne Trui.
 
( Meir).
 

 

Frå Fedraheimen 10.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum