Lysingar

 
Lærarpostar.
 
Lærarpost i Bø i Vesteraalen. Fraa 1ste Juli. 35 Vikor i 4 leigde Skulehus. 8 Kr. Vika og Kost in natura umframt det aalmenne Statstillegg. Tromsøy Stiftsdirektion gjenom Bø Skulekommission til 15de Mai.
 
Klokkarposten og med den ein Lærarpost i 2 Kredsar i Fodens Annex til Ramnes Herad. Klokkarløn 80100 Kr. og 6 Tnr. Havre. Lærarløn 8 Kr. Kostpenge Kr. 5,60 Vika. 32 Vikor, leigde Stovur. Um Klokkarposten til Bispen og Lærarposten til Stiftsd. i Kristiania gjenom Ramnes Skulekom. ved Tunsberg til 6 Vikor fraa 25de Marts.
 
Fraa April av
kjem "Fedraheimen"tvo Gonger i Vika. Prisen vert den same som fyrr: Kr. 2, 20 fyr Halvaaret(elder Kr. 1, 10 fyr Fjordungaaret) med Postpengar og alt.
 
Bladet fær daa betre Rom til nokot av kvart; serleg kann det fortelja meirNytt, so at Folk vil kunna helpa seg med Bladet i den Vegen. So fær det og ein fastSkuleartikkel, som skal innehalda Tidender (og andre Stykkje) um Aalmugeskulen, Folkehøgskulen og Amtsskulen;ledige Lærarposterm. m. Hellest vil det som fyrr innehalda: Utgreidingar um ymse Ting, Politik, Reise- og Naturskildringar, Forteljingar, Segner, Dikt, Rispur o. d. Gode Menn er med og skriv.
 
Bladet er enno aa faa fraa Nyaar 1878.
 
Det norske Samlag.
- 1878, 9de Aaret. –
 
Samlaget hev til Fyremaal aahjelpa fram den norske Bokavlen, og gjev ut Bøker baade paa Landsmaal og i Bygdarmaal.
 
Den, som vil vera med i Samlaget, bitalar 4 Krunor Aaret (elder 60 Kr. eingong fyr alle) og, fær daa alle dei Bøker, som Samlaget gjev ut,fritt sende med Posten. Ein melder seg i Brev til"Rekneskapsføraren fyr det norske Samlaget(Lærar Johanson, Rusløkvegen 44) Kristiania," og maa med det same senda Aarspengarne.
 
Dei, som no skriv seg og bitalar med same, fær fritt ikring 8 Bøker elder Hefte (af Aasen, Vinje, Janson m. fl.), so langt Upplaget rekk, -umframtdei nye Bøkerne, som kjem ut i Aar.
 
Av dei Bøker, som truleg er ventande i 1878, skal me nemna: Norske Fornkvæde og Folkevisur I; Dikt av Jørn Telnæs; Norske Eventyr ved Kristofer Janson; Soga um Magnus Gode, Harald Haardraade, Olav Kyrre og Magnus Barfot (Snorre III); Gudelege Smaabøker II o. m. – Ein fær og fritt til-seg-sendt Maanadsskrifti"Fraa By og Bygd,"som kjem ut i Bergen.
 
Paa 6 bitalte Bøker fær Ein den 7de fritt. Likaeins vert Ein Lagsmann fritt, naar Ein melder og bitalar fyr 6 nye Lagsmenn.
 
Eldre Lagsmenn maa altid hugsa aa senda inn Pengarne fyr kvart Aar i fyrste Helvti av Aaret; hellest stansar Boksendingi, so lengje til dess Pengarne kjem.
 

 

Frå Fedraheimen 10.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum