Notisar

 
Til Styrar av Amtsskulen paa Utne er vald Kand. W. Hansen, fyrr Styrar av Amtsskulen i Haus.
 
Lærarsamlaget fyr Bratsberg Amt held Møte i Skien i Juni. Til 8de Mai tek Klokkar Eriksen, Bamble ved Brevik imot Framlag til Samtaleemne.
 
Styraren ved Eikersunds Lærarskule, N. P. S. Farstad er vald til Inspektør ved Laurviks Aalmugeskule.
 
Storthinget.
Fredag. Framlag fraa Tonning um 1000 Kr. til Utstillingar i nordre Bergenhus Amt vart forkastet med 65 Røyster. Innstilling fraa Vegnemndi um 34,350 Kr. til Løningar og Reiseutgifter fyr Embættesfolk ved Landbruket vart vedteket med 56 Røyster, mot 51 som vilde hava Pengarne nedsette nokot.Laurdag. Til aa fremja Avhaldsaki vart vedteket 6000 Kr. – Næringsnemndi No. 1 hadde innstilt, at det til Reisepengar til Parisutstillingi især til Handverksfolkog Arbeidsmenn skulde latast til 10,000 Kr. umfram det fyrre, som var gjevet.Steenframsette Forslag um, at det einast skulde gjevast til Handverksfolk og Arbeidsmenn,Sverdrupat dei skulde hava 5000 Kr. kvar. Nemndi sitt Framlag vart forkastat med 56 mot 52 Røyster, Steen fikk vart dinæst vedteket med 62 mot 46 Røyster.
 
Bok um Finland. Nordmannen Frithjof Foss hev fenget 2000 Kr. ved Lag av den finske Riksdag fyr aa gjeva ut ei Handelsbok um Finland.
 
3 Islendingar hev teket Eksamen ved Stends Landbruksskule, og flinke Karar var det med, soleidsfekk den frækaste av deim til Eksamen "utmerkt godt", og so god Karakter hev alder vortet gjevet paa den Skulen fyrr. Til dessa hev ialt 9 Islendingar gjenget gjenom Skulen paa Stend, og 3 er der endaa.
 
Pensionen til Sokneprest Fritzner, som Regjeringi hadde sett, etter Maaten høgt, til 3600 Kr., hev ogso Kyrkjenemndi gjenget med paa med Ynskje um at Fritzner no maatte faa betre Tid og Tilføre til aa stella med sine vitenskapelege Starv, som han i lang Tid hev drevet med, især daa til ei ny Utgaava av si "Ordbok over det gamle norske Sprog" og i det heile til aa studera norsk Maalog Kulturhistorie.
 
Innkomurne ved Jarnvegerne i Januar 1878 mot same Maanaden ifjor hev voret:
 
                                      1877                   1878.
                                      Kr.                      Kr.
Hovedb. . .                      69,366 (672,9).   93,461 (502,5).
Kongsvingerb.                60,031 (179,3).   62,626 (187,1).
Hamar- Grundsetb.           6,864 (65,1).     12,542 (119,0).
Grundset-Aamotb.            2,724 (38,2).       4,382 (61,5) .
Aamot- Størenb.              Ikkje dreven.      25,154 (28,6).
Støren- Tr.hjemsb.           Ikkje kjent.        12,164 (91,3).
Drammensbanen            43,196 (296,5).    49,396 (339,0).
Randsfjordb.                   28,368 (71,5).      32,074 (80,8).
                         Tils.      234,131 (126,9).  291,799 (129,5).
 
Dei Tali som er innklombrade syner den daglege Innkoma fyr Banemili.
(Dagbl.)
 
Kappgang. I London hev det nyst voret ei snaal Gonga. Dei skulde ganga i samfelde 6 Jamndøger inne i eit stort Hus. Engelsmannen er baadehittug og trottug maa vita. Daa dei slutad sette Dagen, hadde den fljotaste gjenget 520 engelske Mil, 74 norske paa Lag; daa hadde han i det heile gjenget væl so Halvmili i Timen, og endaa hadde han baade sovet og etet; men so vart han ogso so sliten og trøytt, at han laut halda upp nokre Timar fyr Tidi var ute. Han fekk daa fyrste Premi. Den som fekk den andre Premi var ikkje so langt attende han held, han gjekk nokot nær 71 norske Mil. Tridje Premi fekk Ein, som hadde gjenget 64 Mil.
 
Ein Adels Tjuv. Ein hollandsk Jagteskippar laag ved Bryggja her med Ost. So var det ein Kaupmann, som kaupte 2 Ostar av honom, ein Sjauar skulde bera deim upp. Ja det gjorde han, men daa han var komen nedaat Bryggja att, hadde han fenget slik steggleg Hug paa ein slik Ost. "Det vøre Matdrygsel i den", meinte han, i slike laake Tider. Han gjekk ut paa Dekket; der laag det mange gilde Ostar uppladat. Han greip etter den største han saag og vilde fljuga. Best som det er, kjem Skipparen upp. Sjauaren vart standande, lest som inkje var, lagde berre Osten ned paa Brotten att. "Eg skulde helsa fraa Kaupmannen," sagde han, "at han ikkje vilde hava denne Osten, og so skulde eg beda um aa faa att Pengarne med det same." "Nei mi Sæl um eg gjere", sagde Skipparen, "eg tek aldri selde Varar attende: tak Osten og ber'n upp att paa Timen." Sjauaren stod fyrstundes liksom og biad paa detta, men so meinte han, at han fekk taka honom lel, naar han vart beden so um det. Men den Osten fekk ikkje Kaupmannen.
 

 

Frå Fedraheimen 10.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum