Utlandet.

 
Det er ikkje meir enn ei Meining um, at den engelske Utriksministeren hev talat so greidt i det Umgangsbrevet sitt, som me sidst fortalde um, at baade Ryssland og andre maa ha fenget Vissa fyr, at England ikkje er tenkt paa aa gjeva etter i nokot Stykkje. Ryssland hev ikkje enno gjevet nokot endelegt Tilsvar; men etter at General Ignatief er komen ærendslaus heimatt fraa Wien, og etter at det hev vist seg, at Ryssland helder ikkje fraa andre Leider kann venta seg nokon Studnad fyr sine ubljuge Krav er det trulegt, at det vil sjaa seg nøydt til aa gjeva etter, og endaa det ikkje hev likefram hendt nokot, som skulde føra til eit Umslag, ser det no litevetta fredlegare ut. Det hev i det sidste ogso voret tymtat um Kongress att. Men uvisst er det, kor det gjeng baade med Kongressen og Freden.
 
Det franske Senatet hev gjevet etter fyr Folkethinget i Spursmaalet um Rikspeningen og teket ved denne slik som han sidst var komen fraa Folkethinget, etter at dette hadde forkastat alle dei Avbrigde, Senatet hadde gjort. Dermed hev Frankrike fraa 1ste April eit rettskipat Budget. Ei Log um Straffløysa fyr dei, som hadde forbrotet seg med Bladskriving i Bilet millom 16de Mai og 14de December 1877 (Broglie-Ridi) vart derimot forkastad, og i Staden vart det uppteket ei Log, som skulde gjelda fyr heile Aaret. Det var "dei konstitutionelle," som fyr Skuld gamall Venskap med Broglie-Styret fekk i Stand denne Utgangen paa Saki. Fristyremennerne stundar no berre paa, at den Tidi skal koma, at eine Tridjeparten av Senatet skal verta umbytt med nye Folk; det vert aa trøyta detta Aaret ut, men det er god Von til, at dei ikkje kjem til aa trøyta i Faafengen. Republiken set seg meir og meir fast baade i Riksstyringi og i Folkehugen. Av 15 Utfyllingsval aat Folkethinget, som just no hev gjenget fyr seg, er dei 14 republikanske; det femtande skal gjerast um att og kjem truleg til aa ganga paa same Leidi.
 

 

Frå Fedraheimen 10.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum