Aprilrevolutionen i Kristiania.

 
A. D. 1878.
 
Eg hadde ikkje betre Vit og totte det var eit godt Merkje, daa eg fyrst fekk høyra um detta Staaket. Det kunde voret større Sak, det visste eg nok, og Maaten dei tok det paa kunde og voret betre. Men aa sjaa norske Menn samla seg og vaaga sitt Skinn fyr ei sams Sak; aa sjaa norske Menn eiga Mod til aa verja seg og i open Motstand aa avvisa ein Urett, - desse norske Menn, som hellest so væl hev lært den Kunsten aa tigja og bita i seg og berre "knyta Neven i Luma" og bruka Munnen, der Ingenting er aa vaaga, - aa sjaa detta, det gav Mod; der var Livsvoner i det, - alt um eg visste, at det berre var um Notti, at dei vaagad sine Varp. – Men eg narrad meg fint, kann du tru. Dei "norske Menn" var seg sjølve like. Det var ikkje "sams Sak", som samlad dei; det var Raaskapen berre, som maatte ut. Det var ikkje "Menn", som baud "open Motstand" mot ein "Urett"; det var berre Herket, som gjorde "Kvalm" og løynde seg kvar bak annans Rygg, og kraup i Kraa so kjappt dei kunde, daa dei fekk spyrja, at Herfolket hadde skarpe Patronar i Skreppa. Det er slike Storverk, som vert utførde her i Norig no. At Kvinnfolk og Ungar gjorde Storparten av "Upprøret", baade med Skraaling og Steinhiving og andre nationale Krigskunster, det var daa og som det til høyrde. I detta "Kjæmpers Fødeland" er det nok i det Heile Kvinnfolket, som er mest litande paa i slike Ufreds Tilfelle. Vaare norske Kvinnur kann daa imindsto verta sinnte, d. e. so sinnte, at dei gløymer aa vera rædde. Mennerne kann nok og hava Sinne; men det er berre som eit Inn-Sinne elder eit Lang-Sinne, som dei gjeng og gjøymer paa, til dess dei finn Høve til aa hemna seg so, at dei Ingenting vaagar med det. Men daa er det for seint; for daa er det sjeldan nokon Ting aa vinna helder.
 
Det Storverket, som vart gjort i denne Sluskekrigen, knipte seg inn til – ein Hop utslegne Glasrutur. Tusund, tvo, tri tusund Mann um aa slaa ut eit Par Vindaugo! Og endaa ræddast eg fyre, at dei djervaste av dei var drukne. Det var Krig, som hadde Skikk, maa du tru. Det er sagt, at Magistraten tenkte paa aa lesa Upprørsakten upp fyr dei; men hadde det vortet gjort, so hadde det i Sanning voret aa visa dei altfor stor Æra.
 
Hadde dei no berre samlat seg um aa slaa ut Vindaugo hjaa alle Byens Arbeidsherrar, so hadde det endaa voret ein Ting; der hadde daa voret ein Tanke i det, slik han var. Morgenbladet tok til aa snakka um "Sosialisme" det; - hadde det voret Sosialisme, so hadde det voret Gull verdt imot no. No var det ingen Ting utan Raaskap. Kvar brukte Tilhøvet paa sin Maate, til aa gjera upp sine Rekningar. Der var det "Pannekaka" og "Tolvskillingen" og "Tryntyrken", som hadde eit Ord usnakkat med Brennevinshandlaren Persen, fyrdi Persen ikkje vilde gjeva dei Brennevin paa Borg – Vindaugo ut hjaa Brennevinshandlar Persen. Elder der var det "Graabeinen" og "Lefsa" og "Pottemaalet" som – av gode Grunnar – hadde eit illt Auga til Konstabelen Paalsen; so "samlad dei seg" um aa hiva Stein paa denne Konstabelen. Sumetider braut dei seg i Flokketal inn til skikkelege Folk og gjorde Ugagn utan all Grunn. Det var den ville, tankelause Kjæteskapen i ein vill, tankelaus Herkemuge, som liver sine ljosaste Stunder i Brennevinskjellaren og hev sine største Minne fraa Raadstova. Her er ikkje so mykje Aand, at Sosialismen kunde faa Tak paa dei, dihelder.
 
Detta var April-Umstøyten i Kristiania 1878. Me maa med Skam segja, at han var – kavende norsk. Han kostad meir Smaastein enn Krut, og fleire Glasrutur enn Mannsliv. Daa han slutad, hadde Ingen vunnet og Ingen tapt. Ein Bokprentarsvein hadde fenget Laarbeinet sitt brekkt; mange Politimenn og Hestar hadde fenget Steinflengjur, som blødde; ein Flokk "Uprørarar" var sette paa Raadstova. So kom Helgi, og med den kom Fred. Og det var godt og væl, og det bedste, som kunde henda. -
 
Det er fælt aa vita, at me liver midt uppi slik ei Blautmyr av Raaskap, og dersom Stakkarsdomen ikkje var likso stor som Raaskapen, so fekk me snaudt sova i Fred ei einaste Nott. Tru det finnst inkje Raad fyr denne arme Mugen? Skal han til all Tid liggja og liva der ned i den Søyla? Ein lyt fæla, naar Ein ser, kor litet her i Grunnen vert tenkt paa detta, og kor "fornæmt" vaare skikkelege Folk skyt Saki fraa seg. Held det paa med detta, so kjem væl den Dagen, daa ho bryt seg fram av seg sjølv; slike Uppstyr som detta sidste er liksom Fyrebod um det. Og daa skal vaart "gode Samfund" verta sitjande i ei gild Glefsa, dersom det ikkje er betre fyrebutt paa aa greida Floken enn det no er. Men – "den Dag og den Sorg" er eit vælkjendt norskt Ordtøkje, og det er væl det, me liver paa i denne Sak ogso.
 
VII.
 

 

Frå Fedraheimen 24.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum