Av laak Ætt.

 
[Del 5 av 10]
 
Ei Forteljing.
                               
IX.
 
(Framhald fraa No. 18).
 
Dagen etter bad Leiv Faer sin um Reisepengar til Amerika. Det kvakk i gamle Aasbjørn ved detta. Han hadde aldri havt nokor Tru paa, at Sonen var glad i han; men at han var so leid av aa vera heime, det hadde han ikkje trutt, og det gjorde han ovleg vondt. Han kunde ikkje svara nokot vidare med same, men gjekk og verkte med det heile Dagen. Um Kvelden sat dei aaleine inn i Stova; daa kom det.
 
"Du er leid av Hegglid no?" "Aa eg veit ikkje det -." "Det er ingen Armods Gard, Hegglid." "Nei nei." "Han er gildare no, enn daa eg fekk han." "Det trur eg væl." "Og . . . litegrand Pengar fylgjer det med'n au, naar eg skal segja sannt." "Pengar?" "Ja ikkje stort; men det er altid til aa greida seg med det fyrste Aaret . . . og det andre Aaret med . . ." "Det er fælt gildt, detta; men eg lyt no til Amerika nokre Aar lell eg, Faer." – "Hm." – Lang Togn. – "Eg tek til aa eldast eg no, Leiv." "Aa, du slit det ei Stund til." – "Hm. Det er so rart med det . . . berre Framande i Huset, gamall Mann . . ." "Eg kjem att, Faer." "Ingen hev Brev paa Livet." - "Eg maa ut, Faer; det nyttar ikkje aa telja ifraa." No saag Aasbjørn paa Son sin, lengje og aalvorsamt. Detta lyt hava eitkvart paa seg, tenkte han. "Naar skal du fara?" "Di fyr eg fer, di fyrr kjem eg att." - - "Ja ja," sagde Aasbjørn. -
 
Otte Dagar etter ruslad eit litet Bylass ut fraa Hegglidtunet og ut gjenom Dalen. I Kjerra stod ei blaamaalad Kista med raudrosutt Lok, eit Skrin og ei stor Tina; ei Byrsa og eit Par Ski laag i den eine Sida. Merri og Lasset ruslad fyre, Aasbjørn og Leiv gjekk etterpaa, men tagde.
 
Leiv saag so sturen ut, at Aasbjørn mest varrædd han. Han gjekk og tenkte paa aa spyrja han ut; men kvargong han glytte upp aa'n, fælte han seg av. Men Leiv tenkte paa Alvhild og paa sin leide Lagnad.
 
- Der laag Dale-Garden, koselegt og varmt i ei Kraa millom tvo Fjell; Soli lyste yver Tun og Tuft. "Der inne sit ho," tenkte Leiv, og det skar og saug i han av Lengt. "No kunde eg stemna ende til Gards og fria" tenkte han, "berre eg var av ei gildare Ætt!" – Og han skjegglad ned til Faer sin, som gjekk der og tuslad sorgfull og bøygd: "Gud veit, kvi eg just skal vera din Son!" tenkte han. I den Tanken var Hat. -
 
Den Gamle saag ikkje detta. Han var komen i djupe Tankar. Daa han gaadde, at Sonen stirde uppetter til Dale, og det med slik ein tærande Elsk i Augom, at ein Stein kunde graata, daa skynad han alt, og det tok han so skjerande saart um Hjartat. "Detta gjeng aldri godt," tenkte gamle Aasbjørn. "Fara so langt ifraa Gjenta si er som aa sleppa fangad Fugl or Haandi; Gjentehugen er slengjen og ustød, den, liksom Kastevinnar paa ein trong Fjord." Di meir han tenkte, di meir hugsjuk vart han. Han saag greidt, at Guten kunde ikkje onnorleids gjera enn han gjorde; og han saag likso greidt, at han sjølv hadde Skuldi fyr det alt. "Og endaa hev eg i tjuge Aar strævat som ein Træl fyr aa gjera godt att det eg eingong gjorde galet," tenkte han. "Men det heng i, det heng i; det er seigare enn Livet; - det heng i Ætti." Han kom til aa minnast sin Faer, og underlege Tankar braut upp i han ved detta. Han glytte upp aa Son sin full av Sorg og Ynk. "Gud veit, kvi so fager ein Gut skulde faa so leid ein Arv!" -
 
Paa heile denne Byferdi vart det mykje tenkt eg litet talat. Men daa dei var framkomne, og Leiv steig i Baaten og skulde umbord i Amerikaskipet, daa tok den gamle Hondi hans og kviskrad: "Vil du, so skal eg hava eit Auga med henne, Leiv, - og fortelja henne fraa deg . . . dersom du skriv til meg." Leiv saag upp med stor Undring; tvo Taarer braut seg fram or Augo aat den Gamle og triltad blanke ned etter den skrukkutte Kinnen. "Og," sagde Aasbjørn, "tak den store Mannen med deg, og agta deg fyr Synd. Og hev eg Skuld imot deg . . . so tak ikkje det med deg, der du no fer . . .. for Ingen hev Brev paa Livet. Og so maa du fara væl."
 
Leiv undrast, visste ikkje rett aa svara; "Farvæl," sagde han, "eg skal gjera som du segjer..." I den Stundi kjende han, at han hadde gjort for litet av Faer sin. Baaten skaut seg fraa Bryggja, og gamle Aasbjørn løynde seg i Folkehopen. Han skjemdest, av di han gret. Men der stod han og skygnde og stirde, skygnde og stirde til Guten var umbord, og endaa lengje etter. Daa det vart myrkt, gjekk han. "Du store Mann der uppe", sukkad han med seg sjølv, "du bryr deg væl ikkje stort um mi Bøn, men . . . hav eit litet Auga med Guten min! han er so ung, og han fer so vida." –
 
Han fekk ikkje sova um Notti; tileg um Morgonen gjekk han ned aat Bryggja att. Daa var Skipet burte.
 
X.
 
Aasbjørn gjekk lengje og undrast paa, um tru Son hans hadde talat ved Alvhild, fyrr han foor, so han visste, hoss ho var meint. Kannhenda hadde han spurt henne og fenget Nei; det var fælt rimelegt. For Gjenturne saag ofta meir etter Glim og Glans, enn etter det, som dei helder skulde sjaa paa. Kannhenda hadde Gjenta svarat Ja; Leiv var ein staut Gut, og sume Gjentur saag mest etter det. Dansen paa Haugstad hadde han og høyrt gjetet, for det stod Ord av den Leiken. Men kven kunde vita nokon Ting? Han sette seg fyre at han vilde faa Greida paa Saki.
 
Han lagde Merkje til, at Alvhild saag so underleg etter han paa Kyrkjevegen. Ein Sundag stellte han det so, at dei raakadst ute paa Kyrkjegarden attum Tre-Runnen paa Prestegrefti. Goddag – Goddag. Fint Veer – fælt fint Veer. Fælt godt fyr Aaker og Eng – ja, framifraa godt. Det stod so godt uppaa Hegglid i Aar; han visste ikkje aa nemna nokon Stad i Bygdi, der det stodslik. – Jaso. – Garden kom seg Aar fyr Aar og svarad seg godt; men det var no Leiv, som skulde hava 'n maatru. – Var væl det. – Ho vart raud, og det gav Aasbjørn Mod. – "Han er faren til Amerika no, vil sjaa seg um og læra Folkeskikk, og tena Pengar attaat; for Leiv vil arbeida baade seg sjølv og Ætti upp, maavita." Han glytte paa henne, ho stod fraasnudd og saag uppetter Lidi. Aasbjørn flutte paa seg, so han fekk sjaa Andlitet hennar fraa Sida. "Lell er det mange som meiner," sagde han, "at denne Amerikatanken kom fælt so braadt . . . og der er nokot i det. Sjølv sagde han Ingenting um det; men Ein gjer seg alltid sine Tankar . . . Skal undrast paa, um det finst nokon som veit nokot?"
 
Ho var raud og varm og makalaust fager. "Du lyt helsa naar du skriv," sagde ho og gjekk, liksom støkkt av sine eigne Ord. "Gudskjelov!" tenkte Aasbjørn, "so er det daa avgjort millom dei Unge."
 
Um eit Par Maanar fekk han Brev fraa Leiv. Han skreiv um mange Ting, var komen godt til derburte og hadde godt Mod. Tilslut stod der: "Du sagde eit Ord daa me skildest, som eg hev undrast mykje paa. Visste du nokon Ting um det, som er millom meg og Alvhild? Er det Lars, som hev fortalt um det, maa du jaga han or Bygdi. Ingen maa vita nokon Ting um det enno. Men henne vilde eg gjerna helsa; eg meiner ho skal ikkje trega paa det som ho hev gjort." Detta Brevet fekk Aasbjørn stikka til henne ein Dag med Kyrkja. Han saag ho vart glad. Sundagen etter fekk han Brevet att, og inni laag ein liten Setel "Til Vel agte Ungkarl Leiv Aasbjørnson Hegglid i Amerika." Sidan hende det fleire Gonger, at det gjekk Smaabrev dei imillom, og gamle Aasbjørn stellte det so fint, at ingen tok Mistanke.
 
Alvhild var i eit underlegt Tilstand. Ho fekk aldri sine Tankar fraa Leiv; denne Elsken batt henne som ein Troldom. Men sumetider var ho meir tyngd og sorgfull enn glad, og hennar lette Lynde var reint som sloknat. Ho kom litet saman med hin Ungdomen, og um ho kom, so var ho ikkje paa lang Leid slik som fyrr. Folk undrast paa detta; men den rette Grunnen var det ingen som koma paa. Dei visste at Alvhild var for god Manns Dotter til aa tenkja paa Leiv, maa vita. –
 
Eit nokot Bil etter at Leiv var utreist, fekk Alvhild Brev fraa Bjørn Haugstad. Han hadde lagt Merkje til, kor forandrad ho var, og han vilde vita, kor detta hadde seg. Han meinte paa det, at ho hadde ikkje altid voret so framande, og ho skulde vita det, at han hadde trutt paa henne, og at ho gjorde ei stor Synd, um ho sveik han. Ho las Brevet og svarad:
 
"Eg er eldre no enn den Gongen og hev umtenkt meg. Det gjer meg vondt, at du hev gjort deg Tankar, som det ikkje vert nokot av; men det finst fleire Gjentur enn eg. Ver ikkje leid paa meg, men gløym meg. Alvhild."
 
Knut Aasen drygde, han. Men kunde han finna Høve til aa segja henne eit godt Ord, so heldt han seg framme. "Med slike maa Ein gjeva Taal," tenkte Knut. "Dei gjeng so lengje og vel og vrakar, til dei ein god Dag er glade til, at det daa er Ein etter, som dei ikkje hev styrt fraa seg."
 
 

 

Frå Fedraheimen 24.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum