Fraa Dyreheimen.

 
I.
(Framhald).
 
[Del 5 av 5. Fyrste delen.]
 
I Aaret 1725 kom store Engsprettesvermar til Sud-Italia, aat paa ein Dag ei heil Bygd snaud, drog so nordyver, slog ned paa andre Stader og foor fram paa same Maaten, saag soleids ut til aa vilja øydeleggja heile Landet. Folk maatte daa til i harde Tak aa slaast med desse Fiendar; dei kastad Eldbrandar innimillom dei, sleppte Buskapen paa dei, skufflad dei ihop, trampad dei sund oggrov dei ned, drog svære Veltur yver dei, - men det hjelpte ingen Ting. Kvat gjorde det, um Ein av hundradtusund Millionar drap eit Par Millionar? Folk saag, at her kom dei ingen Veg med si eigi Magt. Daa vende dei seg til den heilage Fader i Rom og bad um aandeleg Hjelp. Pave Benediktus den 13de gjorde gjerna sine Truande denne Beina. Engspretturne vart paa høgtideleg Maate "ekskommuniserad" (utstøytte av Kyrkjelaget), Paven lyste sjølv det "store Bann" yver dei og baud dei i Apostelen Peters Namn aa fara burt strakst og støypa seg i Havet. Engspretturne – gav heile denne Stasen ein god Dag, dei, aat, bil det Etande fannst, og drog so smaatt um Senn nordetter; og i det var Ingenting merkjelegt. Det Merkjelege var, at Ein kunde bera seg slik aat mot "vitlause Dyr."
 
I 1474 vart eit Svin i Mâcon avrettat, fyr di det hadde drepet eit Barn. I 1499 vart ein Stut dømd til aa verta hengd, fyrdi han hadde tynt ein fjortanaars Gut. I Fyrsten av det 16de Hundradaaret kom det ei uhorveleg Mengd av Rottur til Autun og gjorde fælt til Ugagn i Vinhagarne, og alle Raader var til Inkjes mot desse stygge Udyr. Tilsut gjekk dei til Bispen, som og var øvste Domaren, og bad han um Hjelp. Men Bispen var ein vis og rettfarande Herre og sagde: "Soleids gjeng det ikkje. Eg kann ikkje døma Rotturne uhøyrde. Etaltera pars! Eg maa høyra dei so væl som dykk." Dermed utnemnde han ein Sakførar til aa forsvara Rotturne, og daa denne hadde gjort seg væl istand til sitt Arbeid, vart det uppteket Sak paa logleg Maate. Ein Klage vart framlagd, so kom Forsvaret, so talad Klagaren endaa ein Gong, og lika eins Forsvararen. Men endaa at denne gjorde seg fyre det beste han kunde fyr aa gjera Rotturne frie, so nyttad det honom inkje. Rotturne – og daa dei no eingong var aat med det, so tok dei og med dei "nakne Sniglar og Aamur og alle andre ureine Skapningar, som nærer seg av Folks Haustgrøda" – alle ihop vart "ekskommuniserad", og det vart dei fyresagt i Namet aat den heilage Trieining aa hava seg ifraa alle Hagar og Vinberg i Aatun fyre tri Timar var lidne, og aa fara av til slike Stader, der dei inkje Vondt kunde gjera. Um dei gjorde so, hev Ingen spurt.
 
I 1545 kom det eit Slag grøne Aamur til St. Julien i Savoyen og herjad paa ein grøteleg Maate Vinhagarne der. Detta var det Verste, som kunde henda Folk i St. Julien, for Vinhagarne var deira største Skatt; og daa det ikkje gjekk fyr seg aa faa Aama burt paa annan Maate, gjekk dei til Bispestaden St. Jean, bad um Hjelp og gjorde Aakrav paa Skadebot. Fyrst vart det daa utsendt eit "Utvisningsbrev" imot dei, og so vart det sett ei Nemnd, som skulde grannt forfara Vinhagarne og taksera Skaden. Utvisningsbrevet nyttad Ingenting; men Nemndi gjorde si Skylda og lagde fram eit Upptal yver Skaden. So vart det paa logleg Maate framlagt Klage fraa Stadsdomararne i St. Julien, Aamurne fekk tvo Sakførarar, og Saki tok aat. Men ho drog seg ut; det vart Haust, det vart Vetr, og daa Domen endeleg vart sagd i Mai 1546, var dei alt burte fyr lengje sidan.
 
Tid etter Tid kom dei grøne Aamurne att, men daa ikkje fleire enn at det var Raad med dei. Men i 1587 kom dei att i slik ei yrjande Mengd, at det kraumad av dei i alle Vinhagar, og Stadsdomararne i St. Julien visste seg ikkje betre Raad enn aa venda seg til St. Jean og beda um, at den gamle Domen, som var sagd fyr 41 Aar sidan, no maatte verta utførd. Aa nyom vart ei Nemnd sett, som skulde verdsetja Skaden, og Aamurne vart bedne um aa vera tilstads ved denne Verdsetjing, som dei og utan Motlegg var. Men den Sakføraren, dei no hadde fenget, Pierre Rembaud, var ein dugande Mann, og etter hans Makalause Forsvar fyr Aamurne vart det avgjort, at Ein skulde gjera fredeleg Semja med dei og bjoda dei eit fint Stykkje Land, som laag utanfyr Vinhagarne, til fri Eigedom med Lut og Lunnende, do skulde Innbuarne i St. Julien hava Rett til aa ganga derigjenom, naar dei vilde til sine Oker-Gruvur; og dersom Jordstykket nokotsinn vart atterkravt, so skulde detta einast kunna gjerast med Samtykkje av baade Partar, og Aamurne skulde hava full Skadebot. Men Sakføraren fyr Aamurne avbaud detta Jordstykket, daa det var skrinnlendt og litet grøderikt og ikkje var full Lika fyr Vinhagarne. Dermed drog Saki ut og var endaa ikkje Slut, daa den kalde Aarsbolken kom og Aamurne dermed vart burte.
 
Slikt vil Folk no berre finna flirande, og Ein vil segja som Rembaud sagde fyr 400 Aar sidan: "Dyri er skapte av Gud til aa livnæra seg av Frukterne paa Jordi elder av andre Dyr, og naar dei gjerer det, er dei i sin gode Rett, og Ingen kann finna aat dei fyr det." Kann Ein segja nokon Ting paa Vargen, um han riv i seg eit Lam, elder paa Tigeren, naar han gløyper Raadyret? – Men mange Gonger vil det likevæl sjaa ut fyr oss som Dyri hadde Medvit um gjord Urett. Katten hev stolet Rjome, og snikjer seg no varleg og rædd ut av Kjøket som ein annan Tjuv; han klember seg innaat Veggen; det maa Ingen sjaa honom! Men kannhenda er detta berre Rædsla fyr Stryk og ikkje vondt Samvit. Men so det-here Tilfellet daa! Ein Dyretemjar let ein Elefant gjera Kunster fyr Pengar; han driv Dyret vitlaust fraa Morgon til Kveld, til dess det er reint trotet og ikkje vinn meir. Men daa Dyretemjaren likevæl peiser paa det med Svipa si, vert det sinna, tek Karen med Snabelen og lettar honom til Veers, hiver honom so i Marki som ein Vott og trør honom sund. Daa kjem Kona hans farande med den vesle Son sin, kastar seg paa Jordi framfyr Føterne paa Elefanten og held Guten frammot'n: "Udyr! du hev drepet Mannen min! kvat skal me no liva av! Drep meg og! Drep Barnet mitt med, so er det avgjort!" Men Elefanten tek Guten varleg med Snabelen og lyfter honom upp aa Ryggen sin, prøver aa vera fjaag mot Barn og Moer, og let seg fraa den Stundi viljugt styra og føra av den vesle Guten. Ser det ikkje her ut til, at Dyret hev tregat paa si fuse og braade Framferd, og at det hev viljat gjort godt att det som det i Sinnet hadde gjort galet?
 
- Me vil sidan fortelja fleire slike Hende, som kann hjelpa oss til aa faa større Klaarskap i Spursmaalet um Dyri hev Vit.         
 
 

 

Frå Fedraheimen 24.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum