Kristiania, den 24de April 1878

 
Lakselog. Næringsnemndi hev vedteket eit Utkast til Log um Fiskingi, at Fjordedeilen av Elvefaret, Djupaalen, skal vera fri fyr Fisking, so Laks og Aure kann sleppa gjenom, og at det skal vera mindst 150 Alner millom kvar Fiskegreida langs med Elvi.
 
Eit Forslag er sendt inn til Thinget um at det ogso skal setjast Premi fyr Tyning av Reven. Premien er sett til 8 Kr.
 
Frikyrkjelag. Største Deilen av deim i Kristiania, som hev gjenget ut or Statskyrkja, skal no hava skipat seg til Frikyrkjelag med Namnet "den evangelisk lutherske frie Menighed i Kristiania", og til Forstandar skal dei hava valt Herman Hundere, som ogso er Forstandar fyr det frie Kyrkjelaget paa Horten og paa Moss. Dei tenkjer ogso aa faa eit Forsamlingshus her.
 
Uppstyret i Oslotok til att Tysdagsnotti, men Politiet og Herfolket var ute all Kvelden, og det var ikkje verre, annat dei fekk sprengt Folkehopen berre ved aa ganga paa. 47 Mann vart sett fast um Notti. Sidan hev det voret tolleg stilt.
 
Ferdsla paa Eidsvollsbanen er no uppteki att.
 
Bokhandlar P. T. Malling her i Byen er no daaen, nokot yver 70 Aar gamall.
 
Falskad Matvarar er det mykjet av i Tydskland. Det hev difyr vortet nedsett ei Nemnd der, som skulde sjaa til aa finna ut nokon Maate til aa stansa detta og ho hev no lagt fram Forslag til Riksdagen um det. Ho hev upplyst, at dei mest i all Mat brukar Falsk paa eikor Vis, so det ofta vert faarlegt fyr Helsa. Mjøl soleids mengjer dei med Krit, Gibs og Leirjord, i Holland lagar dei endaa til eit Slag "Kunstmjøl", som det vert innført mykjet av i Tyskland. Til Bakvarar brukar dei mange forgiftige Fargar. Kjøt av sjølvdaude Dyr gjeng i Handelen. Mjølki er det no reint forgalet med, forutan at Halvti er Vatn, hev dei funnet alle Slag Meng i henne, jamvæl Saapefraud. Det er væl detta, som hev gjort Daudetalet paa Smaaborn i Berlin so stort, at det no døyr 40 Procent elder mest Halvdeilen. Kunstigt Smør, lagad av ymse Feittslag driv dei med. Drikkevarar av alle Slag er det og Fals med, soleids Øl, i Leipzig er det ein Stad, der Ein kann læra aa bryggja Øl utan Humle og Malt fyr 10 Riksdalar. Det finst Vin, som det ikkje er det Grandet Druvesaft i. Raa Kaffe blandar dei med Sand og Leir; og all Theen skal no vera utkokad fyrst i Kina elder England, og so set dei berre ny Lit paa Thebladi att, so kann ingen merkja det.
 
Tri Rikmenn er Engelskmannen Hertugen av Westminster, Tydskaren Rothschild og Amerikanaren Mac Kay. Innkomurne deira naar Ein reknar det ut i Pund Sterling (= 18 Kr.) er um Aaret: W. 800,000. R. 2,000,000. M. 2,750,000. Den rikaste av deim Mac. Kay tener soleids 5 Pund (= 90 Kr.) fyr Minuten.
 
"Underofficersbladet"er Namnet paa ei Avis som er tenkt skal koma ut kvar Maanad i Bergen. Det skal styrast av Løytnant M. Tonning.
 
Ein hard Nervefeber gjeng no i Drammen og dei meiner, det skal koma taa Drikkevatnet.
 
Stygt Mord. Fyrre Tysdagsmorgon vart det funnet ein Pjank saag det ut til under ein Kvernstein i Hamburg. Dei fekk i Politiet, og skulde løysa upp, og daa var det Yverdeilen av eit Kvendfolk millom 20 og 30 Aar. Nederkroppen var avskoret ved Mjødmi, og fraa Halsen gjekk det ei Skor nedgjenom heile Yverkroppen, so Brjostet var opnat, og dei indre Deilar uttekne. Politiet hev fotograferat heile Yverkroppen fyr aa kunna faa Upplysningar um Saki.
 
Fraa By og Bygd No. 4: Um Kunstarbeid (Av A. O. Vinje). – Natturi og Folkelivet ute med Havet I. – Borni hans Gamle-Gunnar, Regla fraa Sunngjord. – Ymist.
 
Johan Sverdrup er no ein gamall Mann; han hev eit Andlit so livande og skarpt i alle sine Drag og so sermerkt, at naar du eingong hev set det, so gløymer du det aldri. Detta er no og som ventande kann vera hjaa ein Mann, som eig slike framifraa Aandsgaavur, og som hev brukt dei i sitt lange Liv til so merkjeleg sterkt og rikt eit Arbeid fyr store Tankar, som Johan Sverdrup hev gjort. Me kjem til aa tenkja og segja detta no, av di me hev liggjande framfyre oss detta nye Potrætet av Sverdrup, som er teiknat av Alfred Fosterud, og som etter vaart Vit er det beste bilæte som enno er utkomet av vaar store folkelege Statsmann. Hr. Fosterud, som alt er namngjeten fyr sin Bilætkunst, ikkje eldre Mannen han er, hev visst aa faa fram det sermerkteog livfulle i Sverdrups Aasyn paa ein so klaar og sann Maate, at me tykkjest vita fyr visst, at Mange vil fagnast ved aa eiga eit slikt Bilæte av ein slik Mann. Det kann og no faast so billegt, at kvar Mann kann skaffa seg det utan Saknad.
 
Til Amtsskulen og private Folkehøgskular heve Kjyrkjekomiteen innstilt, at Staten skal lata til like myket som ifjor (112000 Kr. og 12000 Kr.) og paa same Vilkaar.
 

 

Frå Fedraheimen 24.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum