Rispur.

 
Det var ein Fiskar paa Arendalskanten, som var fælt girug og paapassig paa sine Ting. Ein Dag sat han ute paa Vaarisen og fiskad; Soli skein varmt um Dagen. Best som han sat der i al Ro, so rauk han hovudstup ned i Vatnet. Han fekk væl Tak att i Iskanten; men koma upp var raadlaust, for Isen braut, berre han ledad paa seg. Endeleg saag Folk honom og fekk brotet seg ut til honom med ein Praam; men daa var han mest kvitt. Han hadde baskat seg eit Stykke ifraa der han sat og fiskad; Vottarne hans laag etter der. Med det same Folki kom so nær, ropad han med døyande Mæle: "Aa kjære vene, berga dei Vottarne!"
 
" Kor er du ifraa?" spurde ein Mann ein annan, som han tenkte paa hava til Narr. "Aa," sa, hin, "d'er litet tess der eg er ifraa! det er berre so vidt det baskar." "Men hot heiter du daa?" – "Aa, eg heiter ikkje stort; det er berre so vidt det gjeng an."
 

 

Frå Fedraheimen 24.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum