Skildringar fraa Italia.

 
(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 24 av 25. Fyrste delen.]
 
VII.
 
San Germano og Monte Casino. Skilnad fraa Rom. Girondola. Vegen til Firenze. Venezia. Alpesjøarne. Ei Nott i ei Dagvogn. Yver St. Gotthard.
 
(Sidste Stykket.)
 
 
Og so med ein Blink bragar Krossen upp paa den megtige Kvelven som ein Loge, Eldstripor skyt seg til alle Kantar, og der stend heile den makalause Bygnaden avteiknad mot den svartblaa Himmelen i Eld med Kransar og Stjernor. Eit Undringsrop fer gjenom den ventande Hopen, dei stira inn i eit Eventyr skrivet paa Himmelkvelven med Eldbokstavar, endande i den manande Krossen, som stolt peikar upp mot Upphavet. Det er ingen, som tenkjer paa, at i denne Stundi er eit elder eit Par Mannaliv sloknade; for det er som oftaste Tilfelle, og han, som skal kveikja paa allerøvst, tek altid Vinet og Braudet, fyrr han gjeng til Ve'rs paa dei svagande Stigom.
 
Og so "Girandola", den store Eldleiken (Fyrverkeri) Kvelden etter! Ei likso stor Mannamengd samlat paa piazza del popolo og so – heile monte Pincio umskapat til ein skinande Tempel med litade Lampar, raude, grøne, blaae; Skogen og Springvatni og Bilætstyttorna skinande i bengalsk Eld; heile Himmelen saadd full av glimande Stjernor, som gjorde Nott til Dag, hurrande Raketter, kvisjande Eldkulor, Eldaks, som skaut upp or Jordi, stigande mange tusund Alner til Ve'rs og so dalande ned som Stjernor; susande Brandar, som foor yver Hovudet paa Hopen att og fram som med usynlege Vengjer og kveikte Kransar og Logar, kvart dei foor, so sidstpaa heile Torget laag i eit raudt Skin. Det var Hola til Aladdin, som hadde latet upp alle Rikdomarne sine. "Bravo! Bravissimo!" let det fraa Hopen. Og so ein Time etter – alle burte, Torget myrkt. Det var dei lysande Kveldarne, som gjerer Oljen dyrare fyre Fatigfolk lange Tider etter.
 
Sidste Kvelden eg var i Rom var hjaa Diktaren Ibsen, som eg no hadde voret saman med 5 Maanadar. Eg og Kamraten min tømde Afskedsbikaren, gjekk so ned til Fontana Trevi, drakk av det klaare kalde Vatnet evig Lengting etter Rom, som Ordet segjer, og kastad til Takk vaar Skiling nedi. Og so foor eg gjenom det gamle Umbrialandet til Firenze (Florens). Heile Dalen etter Nera-Elvi er med det fagraste eg heve set, høge Berg med Knausar og Knattar, fraudige Lider, runde grønskande Haugar, mjuke som Bylgjor, Skog og Elv og blaa Himmel. Narni, Terni, Foligno, Assisi – underfagert. Og so kom Trasimener-Sjøen, der det store Nappetaket stod millom Hannibal og Romarom, og der dei sidste vardt reint øydelagde. No laag Sjøen stavstill, nokre Baatar laag med Strenderna, og nokre Holmar laag symjande ute paa Djupet, medan dei rike Markerna og Tungorna tøygde seg langt uti Vatnet som til at svala og lauga seg heite Sumarsdagen.
 
Firenze heve sine store Sagaminne liksovel som Roma. Det er mest fraa den Tidi daa dei rike Adelsætterna laag og stridde med kvarandre um Magti og bygde seg Hus som Festningar. Her var det og den største Diktaren deira, Dante, var fødd, her heve Mikel Angelo latet etter seg fleire av sine største Verk, her var det Munken Savonarola livde og ferdest. Eg var inne i den store Domkyrkja, bygd av brokutt Marmorstein, som kann ruma mange, mange tusund, men som endaa vardt forliti, daa Savonarola preikad. Eg gjekk ofta yver det Torget, der Folket uppglødt av hans logande Ord, slæpte i Hop alt, som kunde høyra til verdsleg Faafenga, Spelverk, letfærdige Bøker, Silkekjolar, Gullstas, Maalarstykke, Bilætverk, Lugteflaskor o. s. v. og so brende det up, lovsyngjandeHerren Kristus, Kongen i Firenze; og der dei inkje lang Tid etterpaa slæpte ihop til eit stort Baal, og so brende sin eigen Bergningsmann, den urædde Munken med den glødande Tunga, som hadde refst deira Synder og rivet Hyklarkaapa av Pavedømet. Det var underlegt at vandra i det tarvelege Klostret, der han aatte heima, standa i det vesle Kotet, der han budde, og hadde bedet sine brennande Bøner. Italienarfolket heve altid voret likt seg sjølv, eit æsande Skumfolk, i Dag elska dei, i Morgon hata dei, i Dag graata dei, i Morgon skratta dei.
 
Det var myket med Spott uppe i Florens, daa eg var der. Eg høyrde unge Folk sitja og spotta Jomfru Maria, og i Glaset i dei fleste Buder hekk det Vrengeteikningar av Paven og Prestarne.
 
Storthinget var samlat nettupp den Tidi, eg var der. Den Gongen var Florens endaa Hovudstaden. Eg var uppe og høyrde deim tala. Det var nett som at høyra vaare Talarar paa Riksforsamlingi i Eidsvoll, gamallmodig Stil, store og høgtraavande Ord og Talemaatar. I Theatret leikad dei og "Zaïre" av Voltaire, dette Stykket, som me fyr lenge sidan er ferduge med her Nord, etterat Wessel gjorde so syndugt Narr av det i "Kjærlighed uden Strømper". Men her sat Folk endaa og tutad yver desse tilgjorde og sleikte Versi. Det var, som eg var sett eit halvt hundrad Aar attende i Tidi.
 
Eg foor derifraa og upp aat Venezia. De veit inkje, kvat det er fyrr ein fødd Vestlending at faa sjaa atter Sjøen og kjenna den friske Havgusti. Eg strauk strakst ut til Lido, ei av desse flate Øyarne, som liggja framfyre Venedig, vend mot Adriaterhavet. Eg vardt glad som eit Barn. Det blaae, endelause Havet laag milevidt fyre meg, eg høyrde Baarorna skvala inn mot den kvite Strondi, tusund av dei finaste Sjøskjel laag fyre Føterne mine. Eg fekk slik Hug til at leggja meg fyre her, sanka Skjel og klina Hus av Sand og Leir, sjaa Soli gløda paa Vatsskorpa, drøyma og tenkja dei fagraste Eventyr og lengta ut med dei kvite Segl, som foor langt, langt burt til ukjende Lond. Og daa Gondolen um Kvelden svam som ei svart Svana paa den skire Vatsflata, daa dei mange Øyarna rundt ikring speglad seg i Sjøen med Taarn og Hus og Ruster, daa alle Klokkorna tok til at syngja sitt Ave Maria, medan Spirar og Kyrkjekvelv fraa Byen teiknade seg paa den underfagre Gullgrunnen, der Soli nett hadde gladat, og so Notti kom dragande attanfyre oss med sitt dimme Slør, den smale Maaneringen vardt ljosare, og so til Slut Stjernorna tok til at blakkra paa den djupblaae Himmelen, medan Ljos paa Ljos kveikte seg i Byen - aa det var ei Syn eg aldri gløymer. Slike Stunder kan ein inkje tala, ein berre ligg og skodar og skodar og syg i seg alt dette straalande Skinet fraa Himmel og Jord.  
 
Det er no skrivet so myket um denne symjande gravstille Byen Venedig, der ein inkje høyrer Vognrammel og inkje ser Hestar, men Gatorna er Vatn og Hesten er Baaten, at ein maatte kunna det ut og inn. Likavel verd ein hugstolen, kjem ein dit. At ro ei Maaneskinsnott paa den store Kanalen millom gamle, fintbygde Slott og sjaa i Tanker det gamle, stolte Venezia, Havdrotningi, stiga fram or Bylgja, høyra Songen og Mandolinen, som kling, sjaa Skuggarne glida uppetter Marmortropperna, sjaa dei lutande, morkne Murarne av eitkvart Huset, der fillutte Plogg hengja utigjenom Glaset istadenfyre dei gullsaumade Bordedukarne, det kann du inkje finna Maken til andre Stelle. Og so Markusplassen um Kvelden! Det er som at koma inn i ein uhorveleg Festsal. Himmelen med blakkrande Stjernor er Taket, dei finaste Slott, alle bygde i same Stil, er Veggjerne, og beint imot deg ligg Markuskjyrkja i Halvdimma med sine bleike Kuppeltak, med Stopelen og "Dogepaladset" atmed som eit austerlandsk Eventyr. Og paa Plassen yr det med Folk, Musikken spelar, Glasljosi fraa alle Ljoskrunorna i dei straalande "Kafeerne" glima utyver, Folk sitja med Smaabord med sin Is, sin Kaffe, sitt Vin, sin Chokolade, og Kræmarar surra kring deg og bjoda fram, Sjøstjernor og Skjelpaddor og Perlekransar og alt som til er.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 24.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum