Utlandet.

 
Etter dei Tidender, som er komne fraa Utlandet i Paaskevika, hev det ikkje vortet nokor Vend i det uvisse Tilstandet, som no hev vart so lengje. Mange hev vist nog tykkt, at det hev teknat nokot meir til Fred, enn det fyrr hev gjort; men det er vandt aa sjaa, at dei tvo Ufredsfuglarne hev meir aa vera forlikte um no enn fyrr. I alle Fall hev ikkje Tysklands Midling havt nokon synleg Framgang til dessa. Det var paa Tal, at det skulde koma i Stand ein Fyre-Konferens i Berlin av Utsendingar fraa dei ymse Magter, og denne Fyre-Stemna skulde daa freista aa faa det greidt, um det er tenkjande paa aa faa Striden avgjord paa annan Maate enn ved Sverdet. Iser hev Austrike, som no synest aa vera komet paa betre Fot med Ryssland, drivet med Ihuge paa denne Fyre-Konferensen. Men det eine Meinhøve er komet imillom etter det andre, og Engelsmennerne hev ikkje vist nokon stor Hugvarme fyr Saki, so det er paa Voni, kor det gjeng; Krigs-Tilbunadarne stend no i Fyregrunnen atter, og med dei diplomatiske Tingingar stend det i same Skora, som det jamt hev stadet: England krev Rysslands Samtykkje til, at heile San Stefano-Semja skal leggjast fram paa Kongressen, og full Friskap til aa dryfta kvar Artikel fyr seg, men Ryssland vil ikkje; Ryssland er viljugt aa lata Semjorne av 1856 og 1871 verta framlagde, fyr at de kann koma i Samhøve med dei sidste Hende og San Stefano-Semja, men det vil ikkje England. Tingingarne gjeng soleids i ein æveleg Ring og kjem stødt atti same Motet. Det heiter seg, at Bismarck skal ha aamaalat paa, at dei tvo Partarne skal byrja med aa draga seg undan fraa Konstantinopel, England med Floten sin og Ryssland med Landheren; som dei no ligg og gjæter paa kvarandre, er det den største Faare fyr, at ymsesidig Egling kann føra dei ihop i Slagsmaal. Times fyr den 18de April talar um detta Forslaget og meiner, at det vil vera vandt aa verksetja det, og at Ryssland i alle Fall fær taka Upphavstaket i so Maate; det same Krav gjer truleg Ryssland paa si Sida til England, idet det kann visa baade til Portens Motsegn mot Engelskfloten sitt Vedvære i Marmorahavet og til Skilordi i Paris-Semja. – Det synest soleids aa vera god Grunn fyr den Meiningi, som hev voret uttalad baade i Ryssland og annanstad, at England ikkje ynskjer Fred, men vil, kor det snur, lata det koma til den blodige Uppgjerd med Ryssland, som lengje hev voret spaadd. Av dei Telegramm, som er komne oss fyr Augo, etterat dette var skrivet skal me her taka inn sume:
 
Paris, 20de April. Til Bladet Havas er mellt fraa Berlin: Den fyrste vigtuge Utvinning av den tyske Midling er det, at England og Ryssland hev medgjevet Grunnsetningi um samtidig Undanrøming fraa Konstantinopel av den ryske Heren og den engelske Floten. Det heiter seg, at den ryske Heren dreg seg undan til Adrianopel, og at den engelske Floten gjeng til Besikaviki. Sosnart det er avgjort, kor langt dei skal vikja undan, tek vist Austrike uppatt Spursmaalet um Fyrekonferens og Kongress.
 
London, 22de April. Til Times er mellt fraa Petersborg igaar: Riksraadi baade i London og Petersborg er hugade til aa taka ved i Grunntanken, at Kongressen skal koma saman fyr aa dryfta dei naudsynlege Avbrigde i dei Semjor, som no stend ved Lag, men England held fast paa ei greid Godkjenning av den Grunnsetning, at alle store Umbrøyte i Austerlandom, som er nemnde i San Stefano-Semja, skal utgjera eit europæiskt Spursmaal og ikkje eit, som berre kjem Ryssland og Turkiet ved. Rysslands Godkjenning av Grunnsetningi stend paa, korleids ho vert ordleidd. Tingingarne millom Ryssland og Austrike vert drivne med Kraft. Austrike ynskjer ingi Landauking, men det ynskjer Umkverven fyr sin "Indflydelse" i Riksstel, Herstell og Handelsstell utvidkad.
 
London, 22de April. Times meller fraa Kalkutta: Alle heimefødde Regiment er tilsagde aa verta uppstellte med full Styrkje. I Vaapenverkstadom arbeidest Natt og Dag.
 
Wien, 22de April. Til "Politische Correspondenz" er mellt fraa Konstantinopel: Porten vil tvert imot Rysslands Motlegg lata Heravdeilderne verta liggjande i dei faste Stellingar i Umkverven aat Konstantinopel og Gallipoli.
 

 

Frå Fedraheimen 24.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum