Notisar.

 
Præsidentar i Thinget fyr Mai. Sverdrup vart vald til Præsident i Storthinget (Vicepræsident Essendrop), Sørensen i Odelsthinget (Vicepræsident Steen), og Richter i Lagthinget (Vicepræsident Daa).
 
I Flekkefjord hev det nyst voret Brand, 14 Gardar brann ned, dei var assurerade fyr tilsaman 57,360 Kr. og mange andre Hus og mykjet Vare vart skadd.
 
Irgens, Statsraad (hev voret) er no daaen, 67 Aar gamal. Han bad um Avskil saman med Professor Dr. O. J. Broch i 1872 daa Fleirtalet i Raadet ikkje vilde vedtaka Storthingsavgjerdi um at Statsraadarne skulde koma i Thinget.
 
Mjølkførsla. Dei hev no teket til aa senda Mjølk til Bergen radt ifraa Jadaren. Kl. 7 um Morgonen sender dei henne derifraa paa Jarnvegen til Stavanger, og Kl. 5 kjem ho med Eimskip til Bergen.
 
I Amerika skal det vera vondt fyr aa faa Arbeid no. Det er sagt at 1,200,000 arbeidsføre Menn ikkje skal hava nokot aa gjera, Grunnen til det er, at so mange Fabrikar i Nordstatarne hev lagt ned Arbeidet.
 
Utmed Fredrikshald ogso hev det voret til med litet Uppstyr av Jarnvegsarbeidarar i Paaskhelgi. Det var ein taa deim som var nokot styren av seg, som hadde vortet sett fast. Dei braut seg inn og tok honom ut att; samstundes vilde dei ogso hava seg inn hjaa ein Handelsmann, som hadde stengt Dyri for aa faa vera i Fred. Dei maatte faa i eit Par Politimenn fraa Byen, men det var berre nettupp dei kunde berga seg ogso. No er det teket upp Forhør.
 
Prensergeneralen Grev Molkte fer no og reiser gjenom Danmark og Sverike, og han kjem væl au til Noreg.
 
Morgenbladets Redaktør hev lagt Sak mot Styraren av Austbanen Kapt. Engelstad. Morgenbl. hadde teket paa honom, for den Maaten han hadde stelt med Ferdsla millom Kristiania og Bryn, daa Lina hadde skridet ut. Til detta skreiv Engelstadeit Stykkje i Dagbladet og slutad soleids: "paa umodent Snak reflekterer ingen fornuftig Mand, medens man rigtignok kan faa Sladrekjeringer til at tro hvadsomhelst, jo urimeligere jo bedre. Men at Morgenbladets Redaktør benytter sig af sligt Snak for at gribe Anledningen til at tilfredsstille sin Trang efter at komme min Person tillivs, kan ikke undskyldes, men maa paapeges som et yderligere Bevis paa denne Persons uforbederlige Slyngelagtighed".
 
Skarlagensfeberen er fælande smittesam. Det var eit Kvende i England som fekk eit Brev fraa ein Gard, der det var Feber. No viste ho det, kor faarlegt det var med denne Sjukdomen, og so kastad ho straks Brevet paa Varmen. Men so hadde Barnet hennar fenget Tak i Umslaget paa Brevet og for og fingrad med det. 10 Dagar etter laag det i Sotti, og det var ingen annan Grunn aa finna, Sjukdomen hadde ikkje voret paa desse Kantar fyrr.
 
Store Bokstavar. Kristiania Skulekommission hev vedteket, at dei no skal slutta med aa bruka dei store Fyrebokstavarne ved alle Aalmugeskularne i Byen.
 
I Eidsvoll var det Ein fin Thorsdagskvelden, som heldt paa og vart ihelstungen av ein Svenske, ein Jarnvegsarbeidar.
 

 

Frå Fedraheimen 01.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum