Utlandet.

 
Det ser myrkt ut fyr Freden. Tysklands Midling hev voret faafengd, og det ser ut til aa ha gjevet upp Voni um aa faa dei tvo usamde Magter forlikte. Bismarck er sjuk, og det er no helder ikkje nokot godt Teikn, anten det er sannt elder det er berre "paa Læstso"; denne Gongen er det nog Aalvor, likevel. Wiener-Bladet "Politische Correspondenz" inneheld eit Petersborgs-Brev, som greider ut Tilgangen med Tingandet til no nyleg: "Fyrst samtykte Regjeringarne i London og Petersborg Tysklands Framvarp um aa samstundes flytja den ryske Heren og den engelske Floten undan og so fredlysa dei Stellingar, dei rømde. Seinare vart det verre stellt, daa England herde paa med Herbuingi og gjorde Vringlor um baade det eine og det andre. Det var likevel god Von til aa faa dette greidt ved eit nytt Midlingsframlag og ved aa setja fast det Timetalet, som det tok aa taka atter dei rømde Stellingar. Best det var sagde England beint ut, at det kunde ikkje draga Floten attende fraa Dardanellarne, fyrdi aakt Vedr og andre Vandemaal ved Gjenomferdi kunde gjera det naudsynlegt aa hava lengre Tid. Soleids drog England seg undan fraa det, som alt var vedteket i Grunntanken, um Undanrømingi og Fyrekonferensen". – Bland dei utlendske Blad er det ikkje meir enn e i Meining um, at Synerne er myrke; la France skriv, at det no held Krigen fyr uavvendeleg, etter nokre vigtuge Tidender, det hev fenget fraa London og Petersborg; dertil segjer eit tysk Blad, at slike Tidender trengst ikkje, for same Slutning lyt ein koma til ved aa leggja Merkje til, kvat dei tvo Rike gjer og talar. Ryssebladet Journal de St. Petersbourg skriv: "Anten vil England setja Ræddhugen i oss; detta er eit faarlegt og uklokt Spil, for det vil føra til Krig og ikkje til Fred; elder og vil Lord Beaconsfield gjera Freden umogleg og reisa Ufred; i det Fall er det rett, at han ber Andsvaret fyr det fyre England og Europa". "Nationale Zeitung" fyr 25de April segjer til dette so: "I baade Tilfelle vert det altso Ufred. Bladet aat den rysske Rikskansleren veit ikkje meir nokon fredleg Utveg og legg den velkjende sidste Hand paa Verket ved aa skjota Andsvaret fraa seg. Dermed vert det og lett aa skyna, kvat som driv Ryssarne til aa leggja alle dei Festningsverki ikring Konstantinopel. Det at General Todleben er send til San Stefano (han skal løysa av Storfyrst Nikolai) er ogso eit Teikn paa, kor aalvorsleg dei bur seg til Striden. Lang Drygjing bryr vist ikkje Ryssland seg stort um, sosnart det er ferdugt med sine Fyrebunadar". – Bur seg gjer dei paa baade Leider. I den store Hamni paa Malta er det no som ein Skog med Mastetre aa sjaa, Orlogsskip kjem og Orlogsskip gjeng Dag ut og Dag inn. Tilførsla av engelske Tropper fraa India varer ved utan Avbrot. I India er det stor Eldhug i heile Folket; innfødde Herskarar meller seg friviljugt til Krigstjenesta. Det hev ogso voret fortalt, at ein sterk Flote med Skjoldskip og andre Orlogs-Damparar skal paa Flekken buast til og sendast aat Øystresjoen. Floten skal utgjera 20 Skip. – I Rumelia hev Ryssarne eit Upprør aa dragast med. Det er Muhamedanarne, som hev reist seg, fyrdi dei raae Bulgaringarne, etter at dei hev fenget Magti, hev styrt med eit Ovrike, som vart utollegt. Det braut ut, daa Bulgaringarne plundrad tvo turkiske Landsbyar nær ved Tsjirmen og tok med seg tvo gifte Kvende og ei ung Gjenta. Den bulgariske Røvaren baud Dotteri fram aat Faren fyr ei Løysn paa 4000 Pjastrar, men Faren, som hadde ein Pistol gjøymd paa seg, skaut Røvaren ihel paa Flekken, og det vart Teiknet til aalmenn Reising. Daa Ryssarne manad Muselmennerne til aa leggja ned Vaapni svarad dei: "Me slæst ikkje fyr nokon Landsherre, men fyr vaart Liv og vaar Æra." Uppstandet skal ha breidt seg ut yver godtsom heile Maritsadalen i ei Vidd paa 10000 engelske Kvadratmil. 30000 Ryssar hev havt nog med aa greida Upprørarne. Dei seinaste Tidender gjeng ut paa, at Ryssarne hev teket til aa tinga med deim, og at Ufreden hev stadnat fyr ei Tid iminsto. – I sjølve Ryssland viser det seg meir og meir Teikn paa ei Øsing, som kann verta faarleg fyr denne Ovbulen "deils av Jarn og deils av Leir." Eit Par Døme paa dette. I Sluten av Januar Maanad vart det gjort Freistnad paa aa myrda Stadshauptmannen i Petersborg General von Trepow. Ei Dame, som heitte Vera Sassulitsj, hadde saman med fleire møtt fram paa Kontoret hans fyr aa gjeva inn Søkningar; daa Trepow hadde gjort fraa seg henne og vende seg aat den næste, skaut ho honom i Sida med ein Pistol. Dei trudde fyrst, at han var saarad til Ulivs, men no ser det ut til, at han skal standa yver. Vera Sassulitsj vart strakst fengslad, og det vart lagt Sak mot henne; nokre Vikor sidan fall Jury-Domnn i Saki, og Juryen kjende henne uskyldug i det Forbrotet, som ho sjølv hev vedgjenget at ho hev gjort med full Ettertanke og Vilje. Um Grunnen er det upplyst, at Vera Sassulitsj, som sjølv hadde voret i Fengsel fyr Skuld Nihilist-Røra (Nihilistar kallast Rothoggararne i Ryssland) og difyr bar Agg til Styret, men varm Samhug med dei fengslade, ho hadde høyrt, at Trepow hadde faret styggt med ein domfellt Nihilist, som var henne ein ukjend Mann, og so hadde ho etlat seg til aa hemna honom. Det vart nøgje forfaret, kvat som hadde fyr-seg-gjenget i Fengslet, fyrr denna Nihilisten vart rettad, og det, som vart upplyst, var nog ikkje til Ros fyr Trepow. Det var truleg detta, som gjorde, at Juryen frikjende henne. Daa Domen vart kunngjord, vart han helsad med stort Samtykkje av ein utallig Skare, og den frifunne vart motteki med Jubel av Folkehopen. Daa Politiet gjekk imillom, vart det Uppstyr, og det er fortalt, at ein Maag hennar Vera Sassulitsj fyrst smellte av tvo Skot imot Politimennerne og deretter drap seg sjølv med det tridje. Ei Kvinna vart saarad, men Vera Sassulitsj kom vel heim til sine Vener; seinare hev ho haldet seg gjøymd, og Politiet hev ikkje voret god-fyr aa finna henne. Saki sjølv og Domen hev vekkt stort Uppstyr i Ryssland. Fleire av dei mest vyrde slaviske Blad finn inkjevetta aa klandra ved Domen. – Den 12te April vart yver 100 Studentar ved Universitetet i Kiejw utstøytte, fyrdi dei hadde voret med i Uppstyr. Den 15de kom femtan av desse Studentarne til Moskau og vart førde under Vakt fraa Jarnvegsgarden til Byen. Paa Vegen gjorde fleire Studentar og Arbeidarer Freistnad paa aa fria deim; dette vart hindrat, men i den Røra, som kom upp, vart 12 Studentar drepne, 25 saarade og yver 100 sette fast. Seinare hev det voret liknande Uppstyr paa ymse Stader.
 

 

Frå Fedraheimen 01.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum