Kristiania, den 28de Juni 1878.

 
Vonheims Folkehøgskule søkjer – liksom ifjor – Amtskassa um aa faa Pengetilskot (400 Kr. + Statstilskot 1200 Kr.) I Søknaden stend millom Annat: "Til Kravet um Kontrol [Ettersyn] skal me segja, at den er me fullt viljuge til aa undergjeva oss. Detta hadde me ifjor ogso uttalat i Søknaden vaar, i di me sagde oss "viljuge til aa undergjeva oss dei Vilkor, Storthinget hev sett," – endaa i Grunnen detta sagde seg til av seg sjølv, daa me paa ingen Maate kunde ha søkt, naar me ikkje hadde viljat lita oss me dei av Thinget uppsette Vilkor. Me skal difyre ikkje negta, at det synest oss nokot rart, at Nemndi i sine Grunnar kann lata det sjaa ut som me er uhuga paa ein sovoren Kontrol, og segja, at "Søknaden vaar ikkje inneheld nokot um det." Me vaagar difyr aa beda detta Aars Amtsthing halda fast paa denne vaar Uttaling um full Vilje til aa taka imot Kontrol.
 
Derimot, naar der er Tala um Plan, so vil me segja, at me ikkje hev tenkt aa gjeva upp Planen aat Skulen vaar fyr aa faa Pengehjelp. Men me er ikkje støde paa, anten denne Planen vil finnast "i det Væsentlige" stemmande med Amtsskuleplanen elder ikkje. - - Det spyrst berre um, kvat Ein vil draga fram som det "Væsentlige" ved Maalet og Planen aat desse Skulom. Me hev dermed ikkje trutt aa kunna vere visse paa, anten Amtsthingets Meining var aa hjelpa oss elder aa negta oss Hjelp, naar me held fast paa den Planen, me til dessa hev fylgt. Me skal difyr faa Lov til aa leggja fram ei stutt Utgreiding av Skuleplanen vaar, i di me hellst kann visa til dei gløggare Forklaringar, som fraa tvo av Underskrivne er gjevne i Trykken."
 
- Denne Utgreiding inneheld ei stutt Nemning av Folkehøgskulens Fyremaal (aa spreida Daning ut millom Bondefolket) og Læremaate (Fyredrag utan Leksehøyring; Soga fyrste Faget). Me kann her berre faa Rom til Timeplanen (fyr Guteskulen 1876-87):
 
34 Timar, utbytte paa Tidi fraa Kl. 9 til ikr. 12 ½ f. M. og Kl. 4 – ikr. 6 ½ e. M. (utan Laurdag); derav til:
 
Noregs Soga 5 T., Heimssoga 6, Samtidssoga 1 ½, Høglesnad og Gjenomsyning av Diktarverk 3, Aalmenne Upplysningsfyredrag yver bibelske, mytologiske og andre Emne 4, Jordkunna 3, Norsk og Dansk (med Stil, Grammatik og Leseøvingar) 7, Rekning, Geometri og Stereometri 3, Song 1 ½. – Dertil Fyredrag yver Naturkunna, nokot i Skuletidi, nokot utanum.
 
- Det fær no syna seg, um Kristians Amt hev meir Mod og Framhug enn Hedemarkens, elder um dei er likso rædde og gamaldagse som ifjor.
 

 

Frå Fedraheimen 29.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum