Ordkastet

 
i Hedemarkens Amtsthing um Sagatunskulen var stutt, men kvasst. Storeng talad fyre, Norderhoug, Sandberg og Holck imot. Storeng: Daa Sagatunskulen kom, var her ingen Skule fyr den vaksne Bondeungdomen i Landet; i seinare Tid hadde væl Staten gjort ymist i denne Veg; men han trudde, at Folkehøgskulen i stor Mun hadde voret Mynsteret. Ved Amtsskularne var det uppkomet ei hard Medtevling fyr Folkehøgskulen. Paa det var ingen Ting aa segja, naar Ein berre sette baade Skularne likt. Men detta gjorde Ein ikkje, og daa vart det urettvist. Dei leet til store Pengar til Amtsskulen, men negtad aa gjeva ein mykje mindre Hjelp til Folkehøgskulen. Ein vilde soleids med Pengar hjelpe fram den eine Skulen, men kjøva den andre. Tal. hadde i Røyndi inkje Grunnar høyrt mot aa hjelpa Sagatunskulen. Denne var vist likso væl utbudd som dei andre og hadde likso gode Lærarar. Naar Ein daa hjelpte dei andre Skular var det urimelegt aa ikkje hjelpa den med. Den einaste Motgrunn, som var komen, var den um "Frukterne" av Arvesens Skule, som ikkje skulde vera gode. Men han laut spyrja kvat dei meinte med detta. Norderhoug: Jau, Frukterne var ikkje gode. Naar Gutarne kom ut av Skulen, hadde dei fengjet slikt eit Mod og slik ein Djervskap, at det var mykje meir enn sømelegt fyr Ungdomar. – Naar Arvesen skulde hava Hjelp, fyr di han var den fyrste som hadde prøvt med Skular fyr Vaksne, so vilde han segja, at hadde ikkje Arnesen komet, so hadde det komet einkvar annan, so me hadde ingen Ting aa takka Arvesen fyre. – Naar det vart sagt, at Ein burde hjelpa denne Skulen, fyr di Ein hjelpte dei andre, so laut Tal. spyrja, skulde Ein hjelpa kvar einaste Skule som kom upp, kor galen han var? - Sandbergvar forbinad yver, at det kom slike Søknadar. Fyrr hadde det voret so, at Folkehøgskulen plent og plent maatte standa fri, utan Statshjelp; "Folkets Begeistring" skulde halde honom uppe; - men no var det paa ein annan Maate. – Folkehøgskulen var reint eit annat Slag enn vaare andre Skular. Ikkje Lekselæring, ikkje Eksamen, ikkje aandelegt Sjølvarbeid; det var berre Lærarens "Personlegheit", som skulde verka, og berre Hjartelivet, som skulde vekkjast; men me er ikkje berre Hjarteliv. – Sagatunskulen var ikkje stød i det Kristelege, var han rædd. Dette var sjaaande av Skulens Samhug med Jaabæk og Bjørnson. Denne sidste, som hadde vorta aatfunnen baade fraa Danmark og av Arvesen sjølv fyr sine Meiningar um Helvite, og som hadde skrivet eit gudsfornegtande 1) Stykkje i Opl. Av. um vaar Kristendomsforkynning, vart av Arnesen innkallad til aa halda Fyredrag, og det um kyrkjelege Spursmaal! – Desutan dreiv Sagatunskulen Politik. – Men Horns og Torps Skular var baade tvo bra. – Holck stod ved kvar Stavelsen han hadde sagt ifjor, og naar han hadde tagt til alle Spursmaal og Aaskuldingar, so skulde Ingen taka det so, at han vilde gangafraa sine Ord! Storeng svarad til Sandberg; Holck tok uppatt sumt av det Sandberg hadde sagt (um Motsetningen mill. Folkehøgskulen og Aalmugeskulen) og fortalde, at han ikkje likte det Grundtvigske Skulesyn; Storeng svarad til Holck og Sandberg og slutad med, at Storthinget hadde bevilgat til "Folkehøgskularne", og av dei var her ikkje fleire, enn at Thinget væl hadde visst, kvat det gjorde.
 
1)??!
 

 

Frå Fedraheimen 29.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum