Rispur.

 
Mea Henrik Wergeland levde heime hjaa Far seno, va de ein Vet han vilde gjera Jolegjestebø aa ba te se alle dei Storknaapadn so budde der i Bygdenn aa i dei nemmaste, aa sia skreiv han te Byen, at alle dei likaste der med skulde sjaa te hono i Jolo. Alle komo, før de va tenkjandis te di, at dei skulde faa taa allo Slago, ner ein slek ein so han vilde gjera dei te go'e. Wergeland va bli aa ty aa fortalde dei manga løgligne Reglo aa uppeheld Tie me morosamt Prat. Dei torde no 'kji anna en dei logo aat Rispo hass; men dei stirde heile Tie ikringo se, um kji nokon snart kom me Traktering te dei. Aanei, dei saago kji Liknils te noko slekt; men Wergeland vart løglignar aa løglignar heile Tie: ner den eine Soga va te Endis, to han atti paa ei an ei, villar en bi. Tesist vørto Fremmanadn hass so førsvøltne, at dei syntist dei vøro mest aav. Endele vart de uppslegji ei Dør aa han ba dei sjølv blitt aa fint vera so snille gaa inni de are Kammerse aa gjera se tego'e. Der sto de eit langt Bord som naadde Væggjann imyljo, aa mitt ette di sto de mange Fat fulle me kald Havregraut. – Saaidn støndo so lange so smaae Trøsakvista; atme Grautefato sto de store Bølla mette me so pitrande surt Breim, at de kvein i Munne berre ein smakte paa de. Daa va Høgheradn i Jolegjestebø hjaa hono Henrik Wergeland.
               
Sia ein Dag ba han te se Fatikfølke aa gjorde dei so te go'e me sin Mat aa gøtt Drikke, at dei alder i sine Levedaga hadde hatt de so gøtt før. Han viste kji ko gøtt han skulde gjera dei. Daa va Fatistakkaradn i Jolegjestebø hjaa hono Henrik Wergeland. –
 
(H. E).
 

 

Frå Fedraheimen 29.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum