Amerikanske Forteljingar og Skildringar.

 
(ved A. H.).
 
3. California-Ekkjur.
 
(Dr. Th. Griesinger.)
 
Ei California-Ekkja hev sin Heim i Amerika, i New-York og derikring. I andre Jordbolkar og under andre Himmelstrik finnst ho ikkje. Ho er anten verkeleg Ekkja, elder Straa-Ekkja, elder slett ikkje Ekkja.
 
Den verkelege Ekkja er ei Kona paa 20-40 Aar og kallar seg California-Ekkja berre so lengje ho hev Von um aa verta uppattgift. Det er Aar og Dag, sidan Mannen reiste fraa henne, ikkje av di han ikkje heldt av henne, men av di han ikkje hadde Pengar nog til aa kaupa henne all den Stas, ho traadde etter. Det var ikkje Meiningi aa setja henne paa berre Bakken, han vilde berre vera burte so lengje til dess han hadde gravet Gull nog til aa liva "fashionabelt" med henne. Fyr nokre Vikur sidan fekk ho likvel, diverr, den Sorgebodskap, at Mannen var daaen i Gullminurna, og til aa Ulukka, fyrr han enno hadde funnet "dei VisesStein". Men detta siste tarv Mengdi ikkje vita, tvertimot, ho agtar seg vel fyr aa lata det koma ut. Tvertimot; for fraa den Dag, ho fekk Sorgebodskapen, er ho ikkje Ekkja som andre, men "California-Ekkja".
 
Ho klæder seg i Svart, og Andlitet hennar vert døkkt. Av Sorg held ho det ikkje ut inne, ho maa ut i det Frie, millom Menneskjurna. Det finnst altid venlege Folk, som tek henne med paa Utferder, allvisst naar ho, Ekkja, greider alle Utgifterna ved Utferderna. Og so vantar det ikkje Kyrkjur, der Ein kann lata seg sjaa! California-Ekkja gjeng altid i Kyrkja; ho tarv graata ut! Naar 14 Dagar er gjengne, tek det til aa smjuga seg fram eitkvart raudt Band elder eikor raud Lykkja elder ogso ein raud Turklædsnipp millom dei svarte Klæde, og Augo vert nokot klaarare, nokot mindre taaretunge. – Utferderna vert fjølgare, iser dei paa Landet, og det ser ut, som det berre er Sorgi, som hindrar henne i aa falda ut ein Luksus, som ei California-Ekkja hev Rett til. Naar ho viser seg, kviskrar Folk: "Kven er ho?" – "Aa, det er ei California-Ekkja!" "So! Henne hev Mannen visst leivt ein nett Kapital, ser det ut til! Mennerne trengja seg um henne. Ekkjesløret gjev eit fermt Kvinnfolk ein forvitneleg Svip, og allvisst eit Ekkjeslør med californiske Rikdomar i Bakgrunnen; California-Ekkja hev Orvalet. Ho veit vel, kven ho leitar etter, og ho hev sett seg fyre aa leita so lengje til dess ho finn den Rette. Kann Ein taka ei Ekkja med californisk Rikdom illt upp, at ho ynskjer aa gjera eit Val, som er standshøvelegt og derattaat eigedomsmaatigt – me er i Amerika? - Endeleg hev ho funnet honom, den Mann, ho tarv, som tykkjest standa i Jamhøgd med henne paa Eigedomsstigen. Ekkjesløret vert snart lagt att heime, og heppi er ho daa, naar Rekningi slær nokorlunda til: den nye Egtemannen er ikkje sein med aa vissa seg um, kor store dei californiske Rikdomar er elder rettare ikkje er. Illt maa det vera – fyr den unge Kona iminsto -, naar den nye Mann hev gjort denne Upptekkjing og ser seg nøydd til sjølv aa reisa til California, avdi han ikkje hev Pengar nog til aa greida Utgifterna ved eit Hushald som hennar – berre ei Vika. For ei Kona, som vert California-Ekkja andre Gongen, dreg ikkje lenger so godt.  
 
Ei heilt onnur Framsyning enn den verkelege California-Ekkja, er California-Straa-Ekkja. Hennar Mann er fulla likeins gjenget til California paa Gullgraving, men han er ikkje daaen, han liver, - ja han liver endaa so vel, at det ikkje er nokor Von um, at han snart vil starva av. – Det er ein tung Lagnad, denne Ekkja hev, allvisst naar California-Vekslarne kjem for sjeldan elder ogso slett ikkje kjem! Han skriv vel, Mannen, fraa Minurna elder fraa einkvar annan Staden, men av Brev kann Ein ikkke liva, ikkje ein Gong av Kjærleiksbrev. Kona vert difyr tunglynd og umsider so sorgall, at ein Ven – ei Kona, som Mannen er reist burt fraa, hev altid einkvar Venen! – ikkje kann annat enn gjeva Gaum etter di og halda det fyr si Skylda aa gjera ein Endskap paa Tilstandet. Hugverken kunde elles ganga yver til Melankoli elder til nokon annan faarlegare Sjukdom! Hans Umhyggje, hans venskapelege Laan og allvisst hans hugsvalande Trøyst vert ogso vel upptekne, og naar Mannen nokre Maanadar etter uventad kjem heimatt, so kann det henda, at han i sitt Husstand finn ein Tilvokster, som vel er naturleg, men ikkje kann hava vortet til paa kanonisk Maate. Men Vatn i Blodet. Mannen kjem ikkje uventad, og California-Ekkja veit aa hjelpa seg. Ho skriv aat Mannen i Gulllandet dei tydaste Brev, og samstundes set ho inn i Avisurna ei Lysing um, at ei "arm Ekkja" ser seg nøydd til fyr alltid aa yvergjeva aat bornlause, men rike Folk eit fagert nyfødt Gute- elder Gjentebarn. Brevi til Mannen dreg: Svarbrevi er mest smeltande av Lengsla; og Lysingi dreg ogso, for det finnst alltid Konar, som ikkje fær Born elder iminsto ikkje fær Born til den Tid, daa dei hev "Grunn" til aa visa fram eit "nyfødt" som deira "eiget" Barn, um ikkje fyr Annat, so fyr ein liten Arvs Skuld! Visstnog var Tingen greidare og kvæmare fraa-seg-gjord, naar det fannst Hittebarnhus; men i det reinseduge Amerika finnst ikkje slike Innrettningar til Fremja av Sedeløysa, og – California-Ekkja er difyr nøydd til aa selja sitt Barn, naar ho ikkje vil tyna det elder lata Skammi hengja ved seg; det siste hender aldri. – Etter Aar og Dag kjem Mannen att, og den tru Kona flyg honom i Armarne. – Straa-Ekkjestandet hev ein Ende.
 
Det er det andre Slaget av California-Ekkjur. Det tridje Slaget utgjerer slike, som slett ikkje er Ekkjur, liksolitet som Mannen elder Mennerne deira nokot Sinn hev voret i California. Ei "jomfrueleg" Kvinna paa 30 elder fleire Aar vil ikkje rett høva, og minnst, naar det under det lange Jomfrustand er komet eit elder fleire Born, som umogleg kann segja "Mor" aat Jomfrui. Ho gjerer seg daa ein fager Dag reise-ferdug og fer av til New York elder ein aagjæt Laugestad, naar det nettupp er Sumar, og vert "California-Ekkja". Ei Ekkja hev Rett til aa hava Born, Tvihoka og sine "Treti" bak seg; ei California-Ekkja kann enno helder reisa ikring, kvar ho vil i Verdi, og hev endaa Rett til aa vera med paa alle Leikar og i alle Samkvæm; ho kann i det Heile tillata seg mangt, som ei kjend Ekkja, som held seg paa Heimstaden, ikkje torer; difyr vert ho "California-Ekkja" og ikkje Ekkja av det aalmenne Slaget. Detta tridje Slaget av California-Ekkjur gjerer helder ikkje alt for store Krav. Ei slik Ekkja er ikkje korvand. I Staden fyr ein "Mann" let ho seg nøgja med ein "Elskar". Ho er helder ikkje so grannvar aa krevja, at Elskaren nettupp skal vera ein fri Mann. Ein Egtemann gjerer det og, naar han hev Kona si heime paa "Sumarsætet". Men Pengar maa han hava, og girug maa han ikkje vera. Ho uppheld seg mest i Vertshuset. Aa taka sin Middag ved table d'hôte og gjera seg kjend med alt Slag Folk, det set ho framum alt Husliv. – Hev ho eit Barn paa eit Aar, so hev Mannen hennar voret eit Aari California; - er ho havande, so er det berre tvo Maanadar, sidan han tok dit.
 
"California-Ekkjurna" var i lang Tid ein mykje etterspurd Artikel. Litet um Senn hev Etterspurnaden teket av, og Damurna av California-Ekkjeslagi maa no tenkja paa nokot Nytt.
 

 

Frå Fedraheimen 04.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum