Dala-Gubrand

 
Tone: Dalebuggen Jonson.
 
Dala-Gubrand hann stemnde til Almannating,
der krydde som Maurar dei Bønder i Ring.
                Kjenner du Dala-Gubrand?
 
"Der kjemer fraa noran den styggaste Mann;
han Tor elder Odin ei vyrer eit Grand.
                Ratt hann deim reker or Lande."
 
Dei ropte dei Bønder – de svara fraa Li:
Me Live hann aldri skal sleppa fraa di.
                Spaar de er vandt, um hann tore."
 
Dei sette i Vegen – de gjenger for Or,
at skjotare endaa dei kom en dei for.
                Kjenner du digre hann Olav?
 
Dala-Gubrand hann tala til Son sin eit Or:
"Der bi 'kje slik Stakkar paa grønan Jor.
                No hev hann skræmt deg fraa Vete."
 
Laag hann drøymde um Notti, kom ljosfager Mann:
"Langt verre, langt verre snart fara du kann!"
                Skrubbetonn kjend' hann i Magen.
 
"Min snildaste Tor! du raa meg no her!"
"Aa segje for Sanning, de gjekk meg 'kje ber."
                Kjenner du Istermagen?
 
Dala-Gudbrand og Olav, dei tinga som best:
aa semjast i Freen de raadde nok mest.
                Der blenkte me Spjut og me Skjolder.
 
Kong Olav hann tala, skjein Gull yver Haar:
"I Himlen bur hann, som for alle Ting raar,
                sender si Sol og si Glea."
 
Sa Gubrand: "Slik Røa! snart lægja eg maa!
Ein Gud som me korkje kann høyra held sjaa?
                Kjenner du Tor me sin Hamar?
 
Fekk honom di skoa, eg tenkjer de tok!
i Bringa og Rædsla kvar Mannen snart skok!
                Idag er hann inne, de regner."
 
"Men er din Gud sterk, som du segjest aa tru,
hann kunde vel Vere baad' venda og snu."
                Daa skratlo dei aat uti Ringen.
 
Men Olav, daa vart hann i Hugen so trong,
hann lagdest i Bøni den Notti so lang.
                Upp sto hann, song Salmar i Lunden.
 
All Himlen laag klaar. Men i Fylgje og Flokk
dei Bønder kom drog paa ein gullslegjen Stokk;
                der nigja dei fyre paa Vollen.
 
"No Olav, no syn oss din Gud, um du kann!
Eg tenkjer dei laagt berer Skjegge, baad' hann
                og hin der me Honn og me Staven."
 
Upp sprang hann, Kong Olav: "Trur helder idag
den sterke, som raar, kjemer heran i Lag;
                daa stupa dei blinde og dauve!
 
Og Sol yver skuggutte Dalarne renn,
so aldri slik lyste i Stovorna enn.
                Der kjem hann, der kjem hann i Glansen!"
 
Dei stirde mot Soli, i Aaskamben spratt,
men snøggt som ein Elding dei snudde seg att.
                Braatt slo deim Brak fyre Øyro,
 
Tor Guden laag krasa, og Elor og Mus
deim sprungo um Føter, som aatte der Hus; -
                foor der til spøkja ikring deim.
 
Til Øykjer dei rundt og til Baatarne rann,
men lak gjorde dei, og dei hine ei fann;
                maatte dei fara so sakta.
 
"Kong Olav! Kong Olav! din Herre er stor;
for Sigren han raaer og gott er hans Or.
                Reiser eg Kyrkja i Dalen."
 
Ingvar Bøhn.
 

 

Frå Fedraheimen 04.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum