Kristiania, den 3die September 1878.

 
Studenteksamen er no fullførd. Klassisk Eksamen er teket fullt ut av 63. 4 hev fengjet Laudabilis præ ceteris (Rosverdug framum dei Andre), nemleg T. Hellesen. A. Løken, T. Prebensen og R. M. B. Schjølberg. 35 Laudabilis (Rosverdug) og 21 Haud illaudabilis (Ikkje-Urosverdug). Real Eksamen er teket av 16; 8 hev fengjet Mykje godt, 8 Godt. Ein av deim stend nær Utmerkt godt: G. Henriksen.
 
Kronprinsens Medalje vart i Aar gjevet til Cand. jur. B. H. Morgenstjerne og Cand. real. Universitetsstipendiat E. B. Holst. Me hev sett ymist av den Fyrstnemdes Skriv i "Aftenposten" og vil etter detta gjerna tru, at det juridiske Fakkultet kann hava Rett, naar det segjer, at Avhandlingi – "Om Kompensation etter romersk og norsk Ret" – "i fleire og det ikkje uvigtuge Punktar læt nokot tilbaka aa ynskja i Tankens Skarpleik og Stødleik" (Holdning). Han fær mest Ros fyr aa hava nyttat Literaturen um Emnet med "Flid." E. Holst's Avhandling – "Om Pendelets Betydning for Geometrien" – "ber Vitne um eit umhyggjelegt Studium av Kjeldurna, er skrivi med greid Skilning og Skynsemd, framsteller sitt "Sujet" i ei klaar, yverskodleg og tiltalande Form og er eit lærerikt Arbeid", segjer det mathematisk-naturvitenskaplege Fakultet elder ei Nemnd i detta.
 
Daane. Konsul Krohn er daaen i Bergen. Han hev fyrr setet i stor Drift og verkat mykje fyr Utviklingi av Bergens Eimskipsflote.
 
Jordskjelte. I Tyskland, Frankrike, Belgia og Holand var det hin Dagen ein stor Jordskjelte, som gjekk yver ei Jordflata av 2000 kvadrat Mil. Det tok aat um Morgonen og kjendest Støyt paa Støyt heile Dagen og Natti deretter. Hardast tykkjest Ristingi aa hava voret i Elsdorf, ein liten By i Preussen (Rindalen). "Køln. Zeitung" segjer, at den fyrste Støyten d e r var so sterk, at alle Hus ruggade, Murarne fekk fleire Tumar breide Rivur, Folk flaut ut i største Rædsla, Hestarne datt i Koll, og andre Dyr vart som lamslegne av Fæla. Det finnst ikkje Hus, som ikkje er skadt. I den katholske Kyrkja stupte ei Statua av Jomfru Maria ned. I Skulehuset datt Lofti ned. Godt som alle Skorsteinsmurar styrte ned, og Gaturna laag fulle av Murstein. Støytarne gjekk der fraa Vest mot Aust, andre Stadar gjekk dei fraa Aust mot Vest elder fraa Nord mot Sud. I Rindalen hev det voret eldsprutande Berg i den graae Urtid; det hev funnest Raun (Lava) der.
 
Umkomne. 4 elder 5 Lotsar ved Grønskærs Fyr- og Lotsstation i Marstrands Skjergard (Sverike) druknade her um Dagen. – 7 Gutar, 16-20 Aar gamle, siglde yver Fjorden fraa Ropeid til Sand i Ryfylke i godt Vedr Sunndagen den 23de Aug. Vant paa Varhygd gjorde, at Baaten kantade: den eine Guten sokk strakst – han kunde ikkje symja -; dei andre seks heldt seg fast til Kvelvet, men tvo av deim orkade ikkje halda seg lengje nog; dei fjore vart bergade.
 
Mordet paa Mesenzow. "Moskovskija Vjedomasti" (Moskva Tidende) veit aa fortelja, at det Illmenne, som myrdad Politischef M., men saman med ein Hjelpar fekk Tid til aa røma undan, heiter Deutsch elder Deitsch, og at han litet fyrr hev myrdat Politi- elder Gendarmeri-Chefen i Kiew, Baron Heyling men er rømd fraa Fengslet i Charkow. Yver 300 Mann hev voret arresterade i St. Peterborg som misstenkte fyr Mordet paa M. elder fyr Medvitskap um detta.
 
Hog Livealder. I England og Walis livde i 1876 14 Mann og 43 Kvinnur, som var yver 100 Aar gamle. Ei Kona var 108 Aar. 183 Menn og 409 Kvinnur var 95 Aar og deryver.
 
Nedertysk. Det tred upp den eine Skald og Forfattar etter den andre, som skriv Nedertysk. Klaus Groth og Fritz Reuter er namngjetne, men ogso mange Andre hev skrivet ymist i detta Maalføre. No hev ein ny Skald, Emanuel Gurlitt, lagt fram ei Bok, " Schlachtbide Kohstieg", som dei gjev Lovord fyr aa vera reint mæteleg. Gurlitt er, vert det sagt, ein av dei allra beste nedertyske Skaldar etter Reuters Avgang.
 
Dufaure, Fyrsteministaren i Frankrike, 80 Aar gamal, er ved sit Arbeidsbord Kl. 4 um Morgonen og sidan i Selen den heile Dag.
 

 

Frå Fedraheimen 04.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum