Politik i Skulen.

 
Utgjevaren av "Almuevennen", Hr. Chr. Johnsen, ligg enno i Dragsmaal med "Verdens Gang" um det Rette elder Range i aa undervisa i "Politik" i Skularne. Hr. Johnsen er no komen etter, at ei stor Mengd av dei 6000 Menn, som hev det Kall aa gjeva Skuleungdomen Rettleiding her i Landet, er politiske Partimenn. Og daa han (J.) ikkje kann føra "tilbørlig" Kontrol med Lærararne, kann han helder ikkje kvæma seg til aa gjeva "V. G." Rett i det, at Skuleungdomen ikkje kann hava nokon Skade, men berre Gagn av aa læra aa kjenna Riks- og Kommuneforfatningi, sin Rett og si Skylda som Borgarar, og korleids Rett og Skylda er aa vardveita og gjenomføra paa beste Maate. Detta " paa beste Maate" er han ovleg rædd fyre; det ser ut fyre, at han helst vil dei skal gjera det " paa klenaste Maaten." Naar han berre var viss paa, at Lærararne ikkje sagde det bidige Ordet um det "liberale" elder det "regjeringsvenlege" Parti og ikkje let Borni – ved eit Slengjeord ein Gong – skyna, at det var halv Landssvik aa høyra til det Parti, som Læraren var imot, ja, daa vilde kannhenda ogso han vera med paa Tingen. Men det torer han ikkje vona. – Hr. Saxe paa Hamar vil derimot i Sogetimarne gjeva Borni Undervisning i fedralandsk Riksrettslæra, kommunal Rettslæra, Statistik o. s. fr. til eit visst Maal; "de vigtigste Institutioner og Love" vil han gjera deim kjende med og "vække Syn og Sans for de Goder, som vi besidder i vor fri Forfatning, vor Grundlov o. s. v.", og Hr. Johnsen hev nyst sagt, at han semst ogso med Hr. Saxe. Kvat er det daa eigenleg Hr. Johnsen vil? Trur han kannhenda, at ein uppsett "Partimann" ikkje vil finna Høve i Sogetimarne til aa gjeva Borni Vitsmun um, at det er Meiningsbrigde i politiske Spursmaal, og at han, Læraren, sjølv hev den elder den Meining? Til aa hindra det, maatte me hava 6000 Skuledirektørar. Ein Lærar med Andsvarskjensla, som kann nokot og veit nokot, vil greida ut dei ymse Meiningar, og at han under detta kjem til aa lata Borni skyna, kvat som er hans eigi Meining, og segja fraa, kvifyr nettupp detta og inkje Annat er hans Meining, deri kann – so vidt me skyna – ikkje vera nokot galet; det vil iallfall vera umoglegt aa hindra det. Allvisst i Sogetimarne. For naar Fedralandskunna skal gjevast som Tilgaava elder Attpaaheng til nokot Annat, hev ein Lærar, som er "Partimann", lettare, enn han elles vilde hava, fyr aa gjera politisk Propaganda (dvs. skaffa sine eigne politiske Meiningar Inngang); det skal ogso etter det, som me hev sett paa Prent, alt hava vist seg – paa Hamar. Det vil iminsto langtifraa vera so lett aa gjera detta, naar "Politik" er eiget Fag; daa maa nemleg Utviklingi leggjast paa ein breidare Grunnvoll, det maa gjevast Grunnar fyr ei Meining, og Meiningi maa ganga fram or Utviklingi som ein organisk Led elder høva nøgje inn i det heile Byggverk, som vert reist paa Loggrunn og studd paa Logbod attaat det sunne Mannavitet. Læraren kann ikkje segja berre, kvat han meiner, elder berre upplysa Borni um, korleids han tykkjest det burde vera skipat; han maa taka fyr seg Grunnlogi, Formannskapslogi o. s. fr. og hjelpa Borni fram til eit so heilt og fullt Syn som moglegt paa, kvat det ligg i desse Logjer, i dei skrivne Ord, og visa deim, korleids detta stend traust paa den Grunnvoll, som den heile Log er bygd paa, - elles er det Faare fyr, at det Heile vil ramla yverende. Naar no dei Herrar Johnsen og Saxe er rædde fyr ei slik Undervisning, kjem deira Rædsla openbert av, at dei ikkje likar sjølve Riksforfatningi, elder reint ut sagt finn henne aa vera for demokratisk, d. e. gjevande Folket for stor Magt. Det var daa ogso ei Uheppa, at dei kom til for seint til aa vera med i 1814! Dei ræddest fyr, at Borni skal faa Augat upp fyr, at dei, naar dei vinn fram til 25 Aars-Alderen, fær Rett til aa hevja si Røyst baade i Riks-, Bygde-og Bystyret, og naar dei no, attaat Retten, hadde nokon Kjennskap til Grundlog, Formannskapslog, Riksøkonomi, Statistik og dilikt, kunde dei verta faarlege fyr det Syn paa Rikslivet, Kommunelivet og Folkelivet, som dei Herrar Johnsen og Saxe hev, og det vilde ikkje ein Gong hjelpa, um Læraren aldri so mykje var Aristokrat, Bureaukrat elder Kastemann, daa Borni vilde læra seg til aa tenkja sjølve yver desse Ting, "rannsaka i Skrifterna" (dvs. Logjerna), "um desse Ting hadde seg soleids", som Læraren sagde. Her er eigenleg Hunden nedgraven. Folk gjerer minnst Skade, meiner Herrarne Johnsen og Saxe, naar dei vantar Kunnskap. Difyr ser Hr. Saxe seg nøydd til aa læra, at Fedralandskunna og Riksrettslæra er for tung Kost aat Born, sjølv i Konfirmations-Alderen, endaa han som Prestemne og Seminarlærar maa vita, at mange av Borni driv det mykje vidt i theologisk Lærdom og kann skilja klaart og haarfint millom alle dei vande Umgrip i og utanfyr Erik Pontoppidans filosofiske Lærebok, mykje finare og grannare enn mangein theologisk Kandidat skil imillom dei politiske Umgrip; sjaa t. D. Th. C. Berntofts "Kirkelig Kalender for Norge 1874" Sida 174-76, der det stend: .. "vi mener de forandrede L o vbestemmelser med Hensyn til Statsbidragene til vore Folkehøiskoler og Amtsskoler" - - - "gaar den nu vedtagne forandrede L o v bestemmelse ud paa, 1) at Skolens Plan skal være vedtaget af Amtsformandskaberne"... "Mange have misbilliget Regjeringens, om end meget reserverede Sanktion af ovennævnte L o vbestemmelser". Jau, det er Guten sin det, som kann sin Politika; han kjenner iminsto Logjer; sanktionerade Logjer, i Dungar og Hestelass, som Loggjevararne ikkje kjennar Dufti til. Men Herrarne Johnsen & Saxe tek i Misst: trass i deira Læra stend det urubbeleg fast, at Folk ikkje berre kan gjera, men i Røyndi ogso aalmennt gjerer stor, ubøtande Skade, naar dei hev Magt men vantar Kunnskap; dei dugande Menn " Utan Skule" er ikkje mange, og "den Utvikling, Livet gjev", vert større, naar Skulen hev gjevet eit godt Grunnlag. (Gjev ikkje Livet ogso Utvikling i kristeleg Tru og Sedsemd?) "Morgenbladet", som lengje hev voret ein Filial-Avdeild av "Hamar Stiftstidende" (Hr. Saxes Organ) hev ogso komet til eit annat Syn paa desse Ting no. Det segjer: "I fleire Land gjerer dei seg Umak med aa innføra Samfundslæra i Skularne. Det er allvisst Tilfellet i Frankrike og England, men ogso i Tyskland gjerer dei Freistnadar. Det er naturlegvis det vantande Skyn paa Samfundets simplaste Grunnlogjer, som viser seg i socialistiske Vanskipnadar, som iser hev vakt Gaumsemdi paa detta. Det gjeld um aa gjeva Alle det rette Skyn paa desse endeframme Logjer, som er likso store og aalmenne som Naturlogjerna. Sume Stader innfører dei serskilde Lærebøker, som hev til Augnemid aa klaarna Umgripi um Eigedom, Kredit, Arbeid, Kapital, Selskap, Skatt, Toll o. s. fr., - andre Stader læt dei seg nøgja med aa innføra i Lesebøkerna Stykkje, som greider upp i desse Ting. Mange trur, at slike Spursmaal ligg langt av Vegen fyr Barnet, men dei kann greidast soleids, at dei større Born mykje vel kann skyna deim og endaa lesa um deim med Forvitenskap." "Morgenbladet" hev Vit paa Kapitalen, det, maa vita, og tek no til aa skyna, at det er til Gagn fyr Kapitalistarne, at Folket mannjamt er inne i sin Politik, det veit, korleids Samhøvet er millom Eigedom, Kredit, Arbeid, Kapital, Selskab, Skatt, Toll, Repræsentation, Kongemagt, Folkemagt o. s. fr. Det hev altid voret vaar Meining, og det gled oss, at "Morgenbladet" er komet etter i Daning og politisk Utvikling. Det gjeng ikkje skjott med "Morgenbladet", men det "munar jamt", og "Jamne er det beste Gras", naar det held seg, aa segja!
 
A. H.
 

 

Frå Fedraheimen 04.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum