Til ein og anna av Maalmennerne.

 
Eg veit inkje, um det kann vera til nokot vidare Vitsauke elder Gaman det eg hev tenkt aa skriva um; det er berre Maalsaki det gjeld, maatru, og kannhenda Folk tykkjest hava høyrt nok um den og vel so det. Det vert no litet gamansamt, kor som er.
 
I Fedraheimen No. 51 skreiv Utgjevaren ei Brevsending til Mange. Det hev i mange Aar kokat i meg det same som no i Utgjevaren.
 
"Ferdamannen" kom ut i Bergen i 1865 um Hausten. Eg vart nettupp i den Tidi Maalmann og las Bladet og snakkade med andre Maalmenner um aa hjelpa det. Men mange grein og var grettne, fyr di Bladet inkje var so godt, som dei meinte det skulde vera. Men um detta gjorde "Ferdamannen" stort betre, veit eg inkje. Det beste hadde visst voret aa senda inn gode Stykke til Bladet. Eg veit, at Utgjevaren tidt gjekk med Hugverk, fyr di han inkje visste, korleids han skulde fylla Bladet. Det var elles inkje so faae, som skreiv der helder. Bladet hadde so mange Tingarar, at det bar seg, men endaa veit eg, at Utgjevaren tenkte seg um meir enn ein Gong, fyrr han lagde i Veg med andre Aargangen. Eg hadde so vidt lært meg til aa skriva Landsmaalet den Gongen og skreiv daa det vesle, eg kunne, og sende han; men Hausten 1867 hadde eg Brev fraa Utgjevaren, at med viss Hjelp saag det helder ut til aa minka enn aa muna, og at no handsamade han "Ferdamannens Likklæde." So gjekk daa "Ferdamannen" inn, nettupp i den verste Tidi, daa det bar til med den heitaste Maalstriden i Slutten av 1867 og Fyrstningi av 1868. Maalmennerne hadde so myket aa orsaka seg med: ein skulde taka ei Kona, og ein hadde kaupt ein Aaker, som det gjerne gjeng, naar ein skal offra nokot fyr ein stor Tanke. Ein var inkje seg sjølv, naar han skreiv paa Maalet, og ein likade inkje Normalmaalet hans Ivar Aasen, og ein hadde inkje nokot aa skriva um.
 
Fram paa Veteren var Storbladi so harde med Vinje, so han vart uppeggjad til aa gjeva ut "Dølen" att. Daa ei Stund frametter var det fleire gode Maalmenner, som skreiv i "Dølen", og Utgjevaren av "Ferdamannen" var med dei trottugaste. Men detta varade inkje so lenge. So gjekk det mange, og so gjekk det meg, at me totte, at det me skreiv, heldt inkje Maal, naar det kom i "Dølen." Vinje sjølv skreiv so framifraa, at vaare Greidur saag so laake ut, naar dei kom ihop med hans. Dei allerfleste, som heldt "Dølen", las inkje annat enn det Vinje skreiv. Det gjekk mange slik, at dei var for litet folkelege til aa skriva i eit Folkeblad som "Ferdamannen", og at Landsmaalet fall dei for tungt, naar dei skulde skriva aat "Intelligensen." Dei var liksom Amfibier, som inkje kann liva paa Landet, og som døyr i Vatnet, som det stend i Peter Simple. Fleire gode, gamle Maalmenner, som skreiv i "Dølen" i dei fyrste Aargangarne, skreiv aldri eit Ord korkje daa elder seinare, so lenge Vinje livde. Dei gamle vilde inkje, dei unge kunne inkje. Vinje var tidt harm. Eingong eg var uppe hjaa han, slo han i Bordet, so det knakade og sagde reint med Graaten i Halsen: "Naar eg hadde skrivet so myket som detta - og so peikade han paa eit Stykke av Diktet "Staale" -, so skulde det vera nok Bidrag fraa meg til eit Nommer".
 
Hadde dei eldre den Gongen gjort det dei skulde, hadde det voret lettare fyr dei yngre aa øva seg upp.
 
Utpaa Hausten 1868 spurde nokre unge Maalmenner meg, um eg vilde vera med paa eit nytt Maalblad, som skulde heita "Svein Urædd." Eg svarade radt ja, daa eg totte det trengdest just eit litet Blad, som dei yngre baade i Kristiania og umkring paa Landsbygdi kunne øva seg upp i. Allvisst vonade me, at dei, som hadde skrivet i "Ferdamannen" fyrr, skulde verta glade og koma til oss no. Me var visse paa, at detta inkje skulde  gjera "Dølen" nokot Forfang, og det gjorde det inkje helder, det eg veit. So lagde me i Vegen, men fælt faae Tingarar kom det, og faae var det som skreiv til oss. Fraa Bergen kom det ingenting, aa kalla fyr. So vart "Svein Urædd" harm og gretten, og so vart alle Maalmennerne grettne, fyr di Svein var gretten, og det gjekk skakkt. Den, som var Formannen fyr Bladet det fyrste Aaret, var fraa ei Fjellbygd og skreiv Landsmaalet reint utifraa godt. Men han hadde litet Takk fyr Bryet sitt. Maalmennerne kunne lært utrulegt myket i Maalvegen av han. Men daa Motgangen vart for stor, stod han inkje i det lenger og gjekk baade fraa Bladet og Maalsaki. Det fyrste Aaret tapade me ikring 150 Dalar, og detta var hardt, daa me var fatige alle ihop. Endaa let me det skura i Vegen eit Aar til, og det Aaret gjekk det fælt so lett med aa faa utgjevet Bladet, daa mange nye Menner rundt umkring tok til aa skriva. Hadde me fenget so mange Tingarar, at me hadde kunnat haldet ut nokre Aar til, hadde Bladet vortet betre og betre, og det hadde gjort utruleg Nytte. Men daa me skulde gjera upp Reikneskapen i Slutten av det andre Aaret, hadde me tapat 150 Dalar til. Daa vart me samstellte um aa gjeva upp Namnet "Svein Urædd" og Maalformi hans Ivar Aasen, og freista paa, um d e t skulde hjelpa, og so kom "Andvake" ut (Ein av dei gamle Utgjevararne gjekk fraa, og ein ny kom til). Daa misste me med ein Gong alle dei gamle Medarbeidararne vaare, og burte vart dei. Paa den Tid gav Fjørtoft ut nokre Bøker paa eit Slags Sunnmørs-Maal. No visste Folk, at Fjørtoft inkje var rektig i Trui, og daa "Andvake" liksom Fj. kastadeburt daude d'ar og t'ar, kunne inkje "Andvake" helder vera aa lita paa, og paa denne lause Mistanken misste me Tingarar i Lassevis, so eit halvt Aar etter hadde me tapat 80 Dalar til. Men paa detta halve Aaret fekk me nye Medarbeidarar, og paa Slutten laut me gjeva ut Dubbeltnommer paa Dubbeltnommer, daa det inkje vart Rom nok paa annan Maate. Men daa hadde me lidet større Tap, enn me kunne bera, og so laut me slutta; so kom desse nye Medarbeidararne burt att, og eg hev inkje set meir til dei.
 
Daa Maalmennerne inkje vilde vita av "Andvake", so fekk dei det, som verre var, etter, og det  var "Fram", utgjevet av Fjørtoft. Det var myket betre skrivet enn alle hine Maalbladi, so nær som "Dølen", men i alle Maatar fælt radikalt. Detta Bladet fekk og Medarbeidarar, vart eit halvt Aaretter til eit Aargangsskrift, men det gjekk paa Tap, so det bar reint utor, og "Fram" gjekk inn, og Fjørtoft, som etter Avferdi hans Vinje skreiv betre enn alle andre (eg tek inkje Ivar Aasen og Janson med her), vart so ille medfaren, at han laut slutta reint med aa arbeida fyr Maalsaki. Medarbeidararne hans dreivdest fyr alle Vindar.
 
Me hev røynt myket, gode Herr Utgjevar av "Fedraheimen." Eg hev set mange Gonger, at Menner med Hugvarme og Mot hev samlat seg under Merket, men kvar Gong me hev lidet eit Tap, so hev dei havt seg undan att, og næste Gongen var det nytt Mannskap att. Det er nokre reint faae, som hev haldet ut heile Tidi. Dei, som me leit mest paa, dei eldste Maalmennerne, som me i Fyrstningi saag upp til mest som "Gudar", (det Ordelaget brukade Fjørtoft eingong), dei fleste av dei, gjorde oss litet Gagn. Det hende seg eingong, at Ludvig Ludvigsen Daae synte Svein Urædd meire Velvilje enn ein av desse Maalmennerne gjorde.
 
Sidan kom det ei heil Farsott paa Maalmennerne. Jens Rolvson døydde og John Klæbu og Halvor Li. Eg tore vel nemna namni paa dei no, daa dei er avfarne, no kann ingen gjera dei nokot vondt meir, fyr dei hev arbeidt fyr det, dei totte var rett og sant. So døydde Hjelmsæt, og so no nyleg O. J. Fjørtoft og Per Bø. Fleire er strokne til Amerika.
 
Fraa di dei gamle Maalbladi gjekk inn, hev eg ender og Gong skrivet til dei Maalmennerne, som eg fyrr hadde arbeidt ihop med, men det maa eg segja, at mange av dei hev inkje so myket som svarat. Fraa 1872 og til "Fedraheimen" kom ut, var det fælt hugnadslaust aa vera Maalmann, og eg er mest inkje god til aa skyna sjølv, korleids nokon kunne halda ut helder.
 
Eg skal fortelja um nokot, som hende meg eingong, det var i 1874. Um Vaaren hadde eg fenget prentat fyrste Boki av mi Umskrift av Snorre. I Midten av Mai var ho ferdig, og det norske Samlaget skulde gjeva ho ut. Men det leid mot Slutten av Juli, og endaa hadde eg inkje set nokor Lysing i Bladi um, at Boki var utkomi, og inkje hadde korkje eg elder nokon annan i den Byen, eg budde i, fenget ho. Detta likade eg inkje, for du veit, at den, som hev skrivet ei Bok, er nyfiken etter aa sjaa ho og høyra, korleids Folk tykjer um ho. So gjekk eg daa og verkte heile Sumaren. I Fyrstningi av August for eg inn til Kristiania, og det høvde daa so heppeleg, at den fyrste Kjenningen, eg raakade paa, var ein god Maalmann, som hadde voret med i "Svein Urædd" og i "Andvake" og jamvæl i "Fram." Han hadde voret ein fjellfast Kar, urædd som ei Løva, aarvak som ei Lerka og framhugad som ein Bajonett.
 
Me helsade paa kvarandre. Eg totte det var komet nokot kaldt og framandt yver han.
 
"No, Gamlen, sagde eg, hev du nokot mot, at eg vert med deg heim, kor bur du?"
 
"Ver so god, eg bur ved Rikshospitalet."
 
So gjekk me dit. Eg sat ei Stund.
 
"No Gamlen, hev du nokot mot, at eg tek ei Pipa?"
 
"Nei, ver so god."
 
Eg sat ei Stund til.
 
"No Gamlen, hev du nokot mot, at eg tek eit Glas Vatn?"
 
"Nei, ver so god. Hadde eg havt Pengar, skulde du fenget Øl."
 
Eg spurde daa um den og den Maalmannen, som eg hadde Hug til aa snakka ved.
 
"Kor bur A?"
 
"Eg veit inkje."
 
"Kor bur B?"
 
"Han flutte ifjor, eg veit inkje, kor han bur no."
 
"Enn C?"
 
"Eg hev inkje set han fraa di Fram gjekk inn."
 
"Enn D?"
 
"Eg spurde etter han her ein Dagen, han skylder meg ein Dalar, men ingen hev set han paa lange Tider."
 
"Veit du, um fyrste Boki av Snorre er utkomi?"
 
"Nei, eg veit inkje."
 
"Er du inkje med i Samlaget daa?"
 
"Nei."
 
"Kjære Ven, sagde eg, lat oss sviva umkring ute; eg likar meg inkje her inne." So gjekk me ut. Men ei Stund etter braadstanade han og sagde: Farvel, eg skal upp til Onkel og eta til Middags. Der stod eg, Gud betre. Regnde gjorde det og.
 
Eg hadde alt fenget nok av Kristiania. Dagen etter strauk eg med Vestbanen, ætlade meg upp til Land, men daa eg kom til Randsfjorden, saag eg, at eg hadde for litet Pengar, gjekk so med Dampskipet til Elvetangen, og gjekk derfraa til Grans Kyrkja. Paa Kyrkjegarden stod Stytta hans Vinje. Han stod der einsleg og kald, snudde Andlitet fraa Verdi og inn mot Kyrkjegarden. Eg tok nokre ville Blomar og vilde leggja paa Stytta, men dei vilde inkje liggja. "Snur du deg fraa oss, no Vinje, sagde eg, du tek inkje Offeret. Ja det er inkje aa undrast paa."
 
Eg kom attende til Kristiania, raakade der paa mange, snilde Maalmenner, so eg kjende meg reint glad att, men naar eg spurde etter Boki mi, var det ingen, som hadde ho, og ingen som visste nokot um ho. Endeleg fekk eg sjaa ho i Studentarsamfundet. Jau, ho var daa utkomi, lell.
 
21de August, tri Maanadar etter ho vart ferdig, fekk eg ho! Gjeng det slik med alle, som med meg, skal ein just inkje undrast, um det tynnest umkring Merkesstongi. Er det nokot slikt som gjer, at Jon Lie er gjengen fraa Maalsaki 1) og no skriv Forteljingar og Vers paa Dansk i "Oplandenes Avis"?
 
"Re'n Døbeln hunnit att i vrede tåga af, sin tropp til färd syns Palmfeldt sammantränga, och ripenberg har sänkt sin segervana glaf."
 
Det var inkje undrast paa, at eg vart glad, daa eg høyrde, at ein Mann, som alle hadde Lit til, vilde gjeva ut eit Maalblad og taka Styringi i si Hand, endaa eg var rædd, at naar han fekk sjaa, kor ille det stod til med Maalmennerne, skulde han missa si gode Tru paa Saki. So kom "Fedraheimen" ut, fekk mange Tingarar, og mange skreiv, inkje mange av dei gamle, forstend seg, inkje mange av dei, som skreiv i dei fyrste Aargangarne av "Dølen", i "Svein Urædd", "Ferdamannen", "Andvake" og "Fram", men det var so mange, som ein i det fyrste Taket kunne venta. Eg tenkte, at no skulde det koma ei betre Aand bland Maalmennerne. So saag eg, at Bladet skulde koma ut tvo Gonger um Vika til aa faa betre Rom. Men so fekk eg sjaa, kvat Utgjevaren skreiv i No. 51, og daa saag eg, at det gjekk no som fyrr: dei gamle heldt seg burte, og nokre nye kom til. Naar so dei er utslitne, so vert det Slutt fyr denne Gongen. Eg hev høyrt um Rossmaalen (Hvalrossen), at naar Folk tek paa ein Flokk, so slæst den, som dei tek paa, paa harde Livet, og hine berre glaamer paa; men eg hev aldri visst, at Menner hadde det paa den Maaten, men slik er det med Maalmennerne i det minste.
 
Lat meg faa Lov til aa segja deg nokot, Hr. Utgjevar. Legg inkje Bladet ned; gjer du det, misser du dei Medarbeidararne, som du no hev, og det er uvisst, um du fær i dei att, soframt du treng dei ein annan Gong. So hev det gjenget stødt. Du maa vita det, at du tek inkje dette Yrkjet upp der du legg det ned. Du hev no vunnet so langt fram, at det er Synd aa slutta, og held du paa ei Stund til, skal du sjaa, det lagar seg med Hjelpi. Kannhenda Maalmennerne vil skjemma seg. Men trur du, at du fær dei til aa skjemma seg, naar du legg Bladet ned, daa kjenner du dei inkje rett.
 
S.
 
1) Me hev Grunn til aa tru, at Hr. Lie enno held paa Maalsaki. Blst.
 

 

Frå Fedraheimen 04.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum