Utlandet.

 
Etter at Hovudstaderne i Herzegovina og Bosnia er tekne, hev det voret liksom ei Stilla i Krigsverksemdi. Men det hev berre set so ut; i Røyndi er den austrikske Stridsmagt i full Annsemd i baade dei Landskap, som ho skal hersetja, for det gjeld fyr all Ting um aa tryggja det, som vunnet er, og skapa seg ein fast Fotstad i sjølve Landet. I Bergkrigen er det ei av dei vandaste Fyrelogor aa verna um Ferdvegerne aat Heren og Tilførsla; det krev den største Ans av Herførararne og det strengaste Arbeid av Folki. Allvisst er det so, naar Landsforsvaret dreg sin Styrkje fraa sjølve Fjellbyggjerne. I slike Høve er det naudsynlegt aa skrida fram seint og varleg. Det er Grunnen til den Stilla, som hev voret. Paa den andre Sida er det lett aa forklara, at Upprørararne freistar med Nebb og Klo aa meina Flankarne og Atterferdslina aat Austrikingarne. For det er einaste Maaten dei kann hava Von um aa vinna verklege Fyremuner paa. Den 22de August gjekk dei paa Grev Szapary ved Doboy, og den 28de gjorde dei Aagripet uppatt. Det var so vidt han greidde seg. – Kor stor Styrkje Upprørararne er raadande yver, er det ikkje godt aa vita nokot visst um; men etter ei Rekning, som det wienske "Fremdenblatt" hev gjort upp, og som er haldi fyr aa vera nokot so nær rett, skal alle stridføre Menner bland Muhamedanarne i dei tvo Provinsar standa i Vaapn i ein Styrkje paa 60000 Mann.
 
Det tyske Sambandsraad hev no teket ved Socialistlogi i det Skap, som Justitsnemndi hev gjevet henne; i Staden fyr "Riksembættet fyr Samlags- og Pressegreidorne" med 8 Medlemer, som skulde veljast av dei einskilde Statar, hev Sambandsraadet sett ei Nemnd, som det vel utav sine eigne Medlemer. I dette Skap likar dei liberale Parti Logi endaa mindre enn fyrr, og Regjeringi lyt visst brigda paa 'a, skal ho faa 'a til all ganga i Riksdagen.
 

 

Frå Fedraheimen 04.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum