"Nerstrand"

 
Du som skriv i "Fedrh." No. 52 og 53 um Nerstrand, burde hava søkt betre Greida um sume av dei Ting du skriv um. Du er nykomen, maa vita, og Ein maatte orsakat deg, um so var; men du kunde hava drygt med Skrivingi di; for den hadde der altid vortet Raad med. – Iser er det galet det du fortel um Presten Luth. Du fortel, at her veks Laukpaa Nerstrand; men vil du taka ut k'en og setja g istaden og so gjera Ordet um fraa Substantiv til Verbum, so kann det henda det kjem til aa høva betre til dei Sogurne, du hev vortet fortald og no dreg fram um Presten Luth; for der er snaudt eit sannt Ord i det Heile.
 

 

Frå Fedraheimen 02.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum