[Den militære Tanke.]

 
Det er nokot, som heiter "den militære Tanke." Kvat Meiningi med den er, skal me ikkje so grannt segja, men me veit, at denne "Tanken" millom mangt Annat gjeng ut paa, at dei, som er militære, skal vera militære og inkje Annat – jau, Kammerherrar, Riddarar og Atterhaldsmenn, forstend seg -, men ikkja hava "ein Tanke" og enno mindre "ei Gjerning" utanfyr det Militære, Faafengdi og Bakstrævet. Endaa um ein Soldat elder underordnad Officer hev militære Tankar, maa han ikkje koma fram med deim. For gjerer han det, so "bryt han ned" eit Verk, dei hev bygt paa i mange hundrad Aar, " Disciplini." Frimodige Yttringar um Riksstyret og alt Annat hev visstnog kvar Menneskja i Landet Rett til aa framsetja - etter Grunnlogi daa, men dei Militære skal ikkje vera Menneskjur, berre Militære, Automatar, allvisst dersom dei stend med Fotfolket i Bergenske Brigade. For der gjeld korkje Grunnlog elder andre Logjer. Det er aalkjennt, at Divisions-Chefen Kapt. Hartvig, som attaat det aa vera Officer var Ordførar i eit Formannskap, vart negtad Løyve til aa møta fram paa Amtsthinget fyr faae Aar sidan: den Gongen førde "den militære Tanke" detta med seg. I Fjor og i Aar kravde den nokot Annat: daa ein av Kapteinarne i Brigaden – Döscher – hadde vortet utnemnd til Øvsteløjtnant og Bataljons-Chef, og Vin var framsett paa Dagverdsbordet i Officersmessa til aa heidra Mannen, trudde den 80 Aar gamle Kaptein Georg Karl Kristian Prahl – han live! – den eldste Officer ved Bordet, aa gjera vel ved aa ynskja den nye Bataljons-Chefen til Lukka; det saag ut til, at Øvsteløjtnant Gill, som var tilstads, ikkje vilde opna Munnen. Hr. Prahl sagde daa: "Den Tidend, me i Dag hev fengjet, at ein av Kapteinarne i Brigaden av Kongen er utnemnd til Øvsteløjtnant, er oss kjær. Eg tek meg den Fridom aa ynskja den nye Øvsteløjtnant Heppa og Lukka. Likvel er det illt, at dei hev maatt ganga ned i Kapteinkrinselen heilt til den Femtande til aa finna ein Mann, som duger fyr Yr kjet. No er han funnen i Hr. Kapt. Døscher. Eg tek uppatt mitt Ynskje um Heppa og Lukka fyr honom i hans nye Stelling!" Detta totte Øvsteløjtnant Gill gjekk yver Grensa fyr "den militære Tanke" og baud Kapt. Prahl ganga inn i Tjeldet sitt og paa fljugande Flekken skriva Avskilssøknad. Men Hr. Prahl, gamal visstnog, men rask og spræk mest som ein Tjugeaaring, og fast i Trui, negtade. Han var no ogso mest vaksen Kar i 1814, daa Hr. Gill laag i Reiv, og er ein av dei faae Embættesmenn, me no hev, som minnest ei Ætt, som var mindre trælelynd enn den, som no er uppe. Det kom likvel til eit Slag Semja millom Hr. Prahl og Hr. Gill, so det vart Fred eit Bil. Men so hende det, at Kapt. Prahl sende eit Tenestbrev, som Bataljons-Chefen ikkje fann Poststempel paa.. Daa var Hundrad og Eit ute, og Hr. Prahl fekk "ein Nase", dei kallar, fyr, at han ikkje hadde sendt Brevet i Posten. Han godtgjorde med Vitne, at Brevet var sendt i Posten, men Hr. Gill heldt paa sitt. Hr. Prahl tottest no sjaa at Bataljons-Chefen av Illska vilde honom til Livs og gav inn Søknad um Domsavgjerd i Saki elder Sakerna. I den sagde han: "Aa ganga som Ein, som hev gjevet falsk Embættesforklaring, er høgst ærekrenkjande. Det nedkjøver Hugen og vil venteleg stytta dei faa Livedagar, eg hev att. Difyr bed eg underdanigast um Krigsrettsdom. Skulde den koma til aa ganga meg imot, bed eg likeins um, at Saki maa koma til endeleg Avgjerd ved Høgsteretten" - -. Men Hr. Prahls Søknad vart avslegji av Kongen ved Resolution paa Kommandoveg den 19de Juli no sist var. – Slike Saker som denne er likvel ikkje "eigenlege miletære Kommandosaker" (Gr. § 28), og det er audsynt, at det, som er gjort i denne Saki, stend i so skarp Strid som moglegt mot Grunnlogi. Grunnlogi tek til aa verta for gamal no, er det likt til; det er alt so ofta gjort Brot paa den, at Folk meiner slikt hev ikkje nokot paa seg. Det gjeng, segjer "Dagbladet", som det heiter i eit gamalt Ordtøkje, at naar Ein fyrst hev gjevet ein viss Mann Litlefingren, vil snart heile Handi fylgja med. I "Dagbladet", som det heiter i eit gamalt Ordtøkje, at naar Ein fyrst hev gjevet ein viss Mann Litlefingren, vil snart heile Handi fylgja med. I "Dagbladet" hev "fleire Officerar" takkat Kapt. Prahl fyr hans Djervskap i fylgjande Ordelag: "Med di me uttalar vaar Samhug, vaar Takk og vaar undrande Gleda yver Dykkar manslege og kloke Aatferd yver fyr Uvyrdskap og Urettferd – ein Samhug, som gjeng fraa Munn til Munn -, tek me oss den Fridom i Herens og Herstellets Namn og til dess Gagn aa beda Hr. Kapteinen um aa leggja Saki fram fyr Storthinget. Berre det kann, soleids som Saki no stend, gjera, at Hr. Kapteinen fær den Uppreisning, De hev so skilvist Krav paa." Me er sjølvsagt samde med dei Herrar Officerar, men me er, sannt aa segja, litetvetta rædde fyr, at det ikkje hjelper stort aa ganga til Storthings helder. Den Ætt, som no er uppe, er skakkøyrd, det læt seg ikkje negta det, rædd, modlaus og umandig, og sume av dei 111, som sit i Thinget, er skylde med dei hine. Men me vonar, at det ein Gong vert Reaktion mot Reaktionen (Framgang fraa Bakstrævet) og. Hadde me ikkje den Trui, maatte me gjeva upp Voni um, at "hvad Norge var, det skal det en Gang vorde".
 

 

Frå Fedraheimen 02.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum