Kristiania, den 1ste Oktober 1878.

 
Det er ei kjend Sak alt ifraa gamalt, at Bibel og Gudsord med stor Nytte kann brukast av verdslege Herrar, naar dei hev Hug paa aa gjera eitkvart, som Folk kunde mislika; og det er dessverre ei likso kjend Sak, at dei verdslege Herrar sjeldan hev voret i Beit fyr aa finna Prestar, som var viljuge til aa lata seg bruka som "Fyrklæde" fyr slike Gjerningar. Vaare norske Prestar er helder ikkje frie fyr sovoren Armodsdom. Me kann berre tenkja paa Morgenbladsprestarne med L. T. som Merkesmann. Den Maaten, dei bruker Kristendomen paa, er slik, at det ofta er vandt aa vita, anten desse Folk held seg mest fyr Jesu Utsendingar til Frelse fyr Sjælerne, elder dei held seg fyr politiske Agentar til Studning av ei verdsleg Styresmagt. At dei paa den Maaten øydelegg Kristendomen i Folket alt meir og meir, det ser det ut til, at dei ikkje bryr seg um.
 
Folk hev i seg det Krav til Prestarne, at dei skulde vera dei beste og ærlegaste ibland oss, at dei skulde vera dei mest Sanningskjære, dei, som, mindst brydde seg um aa luta fyr Kongar og Fyrstar, men paa same Tid dei mest audmjuke, kjærlege og mannamilde. Det er visst fraa Bibelen, at Folk heve detta. Jesus Kristus hev nok talat um nokot slikt, og kannhenda han og hev synt fram eit Fyredøme, som det var Meiningi, at hans Sveinar og Sendemenn skulde fylgja. Men det meste av det, som vert høyrt og fortalt um vaare Prestar, ber ikkje paa den Leid. Høyrer me nokot, so skal det mest altid vera nokot leidt. Snart er det ein, som stend i Guds Hus og preikar Politik og daa sjølvsagt Ufridomspolitik; snart er det ein, som ligg og leikar Pave mot sine Lærarar og Sokneborn; snart er det ein, som læt ein Arming døy utan Gudsord og Sakrament, fyrdi han ikkje vert hentad med Hest, og snart er det ein, som stend upp aa Gardemoen og vigjer Krigsyrkjet i "Fredsfyrstens" Namn og hjelper til med – i Jesu Namn – aa lura Folket fyr dess dyre Fedra-Arv og Fridoms-Merkje. -
 
Ja det der upp aa Gardemoen er ein merkjeleg Tilburd.
 
Me visste nok, at det maatte vera lett aa finna ein norsk Prest av Morgenbladshopen, som var viljug til aa vera med paa slikt Narreverk, berre "Majestæten vilde". Det stod visst i Tylvtevis av Prestar og Prostar ferduge til aa smjuga i Kjolen og i saftige bibelsprengde Talar vigja dei nye Kongsklutarne i Guds, i den Herre Sebaots, ja i Jesu Kristi Namn, um so skulde vera, og det var visst like kjært fyr dei, anten no Klutarne var svenske elder norske elder russiske. Berre "Majestæten vilde det", og berre dei visste, at dei dermed fann Naade fyr hans Augo, so var det nok. – Men at det skulde vera slike Prestar utanfyr Morgenbladshopen, det hadde me endaa ikkje tenkt.
 
No veit me det med.
 
Vaart Herstyre vilde ikkje hava nokon av desse morgenbladske Kvardagsfolk til aa gjera sin store Gjerning; det visste, at Folk berre vilde flira aat dei. Det vilde hava ein, som stod utanum hin Hopen, ein Profet, ein Apostel, ein, som Folk hadde Tru til, ein, som kunde leggja liksom ein serleg Heilagdom yver dei nye Klutarne. Og so valde det Storjohann, Missionæren, Puritanaren, Apostelen, han, som Folk hev set upp til, fyrdi han tok sitt Arbeid med fullt personlegt Aalvor, arbeidde fritt ut av si Hjartans Trong og Drift, ikkje fyrdi han var "kongelig ansat", men fyrdi han dreivst av "Kristi Kjærleik" ... honom valde det. Og han, Storjohann, Missionæren, Puritanaren, den frie Folkeprest i Aand og Sanning, - han var likso viljug som nokon Morgenbladsprest; steig hugheilt upp paa Talarstolen fyr aa laupa den jordiske Herrens politiske Ærend; - " Deres Majestæt har villet," sagde han, og det var nok.
 
Krigen var etter Guds Vilje, sagde han; Ein kunde lyfta Herskjold i Jesu Namn. Daa han vart paateken fyr detta, forsvarad han seg med, at Krigen væl ikkje var etter "Guds velbehagelige Vilje," men daa iallfall etter hans " tilladelige" (sic) Vilje, og dermed laut Ein hava Rett til aa segja det, han hadde sagt. – Grøtelege Tull. At Krigen ikkje er etter Guds "velbehagelige" Vilje er eit Tater-Uttrykk, som paa Norsk tyder, at Gud ikkje likar Krigen. Men dersom Gud ikkje likar Krigen, so er Krigen imot Guds Vilje. Han "tillæt" Krig, liksom han "tillæt" Mord og Stuld og alt Vondt; men det gjer han imot sin Vilje, fyrdi Mannen er, som han er, og ikkje etter sin Vilje. Kor kann daa ein Prest standa der og vigja Krigen i Guds Namn og liksom gjera Gud til Upphavsmann aat Krigen? Han kunde likso væl ganga burtpaa Tukthuset og fortelja Tjuvarne, at dei kunde stela i Guds Namn; for visstnok er Stuld ikkje etter Guds " velbehagelige" Vilje, men han "tillæt" det daa, fyrdi Mannen er slik som han er!
 
Med Forsvarskrigen er det ein annan Ting. Liksom du hev Rett til aa slaa att, naar ein Mann vil tyna deg, soleids hev Folket og Rett til aa verja seg, naar nokon kjem og vil øydeleggja det. Men Hr. Storjohann hadde nok sine Grunnar til aa ikkje nemna um sovoret, daa han stod der upp aa Gardemoen. Det Verk, han der var med paa, var i seg sjølv litet fedrelandsverjande, og han kunde lett komet i Skade fyr aa sagt Ting, som dei høge Herrar ikkje hadde "villet." –
 
Og detta er det mest ulidande i heile den Soga. Ein kann tilgjeva ein Kjeld Stubb, um han i ei faarleg Stund slengjer Kappe og Krage og tek Sverdet fyr aa verja sitt Land; der er nokot ærlegt og mannslegt i slikt; ein sovoren Mann kann Ein halda av, um han enn kanskje gjeng nokot lenger enn Presteboki segjer 'n fyre. Men ein Puritanar, som stend der i den svarte Kjolen og rengjer med Augom og etter "Majestætens Vilje" gjer Vaarherre um til ein Krigsgud og Jesus Kristus til ein Mars elder Ty, og deklamerar um aa vaaga Liv og Blod fyr sitt Fedreland samstundes som han sjølv stend der og er med paa ein Gjerning, som ikkje er til Verning elder Æra fyr hans Land -: ein slik Kar er ufysen. Han er korkje Prest elder Mann. Han er ein Tufs.
 
Men Herstyret hev gjort eit godt Tak. Hadde det sendt ein Offiser elder ein annan Riksembættsmann upp med desse kvite Klutar, so kann det nok henda, at Herfolket ikkje hadde brytt seg større um dei. Væl er vaare Hermenn litet vise paa Tanken i sitt Yrkje; men dei hev no væl altid ei Kjenning av, at det er Fedrelandet, dei skal verja, og ingen einskilt Mann, anten no Namnet hans byrjar med O. elder U. Men naar Presten kjem stigande med Klutarne, Presten, denne kloke Mannen, som hev Laas og Lykjill til Himmerike og er liksom Utsending fraa Vaarherre sjølv, kven vaagar daa annat enn bøygja seg? Det Politiske i Saki vert burtløynt under ei gudeleg Kaapa; det er Ingen, som kjem seg til aa tenkja paa Grunnlog og Folke-Rett, naar det tek til aa ringja fyr Øyro med Moses og Profetarne!
 

 

Frå Fedraheimen 02.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum