Notisar.

 
Hr. Bjørnstjerne Bjørnson er komet til Kristiania og vert verande her ei 14 Dagar. Me hev høyrt, at den nye Formannen i Studentarsamfundet, Hr. Vullum, skal vilja faa teket uppatt Dryftingi av dei Samfundsspursmaal, som Hr. Bruuns "Folkelige Grundtanker" handlar um, og daa bør Bjørnson vera med. For daa vert det kannhenda litet Liv ogso i Studentarkrinselen.
 
Misstillitsvotum. Kristiania Formannskap hev uttalat, at Ingeniørverket ikkje hev vist ynskjeleg Varhygd og Umhug ved Arbeidet med Kaibyggjingi langs Strandgata i Piperviki.
 
Skrift fyr Blinde. Den aagjæte Edison arbeider no paa ei ny Uppfinning: aa faa i Stand upphøgd Skrift (Reliefskrift), som Blinde kann lesa med Fingrarne, berre ved aa skriva med Penn. Det gjeld um aa faa eit Blækk, som kuvar seg etter Skrivingi.
 
Kristiania uppfostringshus hev stadet i 100 Aar den 1ste Oktbr. Det var difyr stor Høgtid i Gaar.
 
I Søndmøre hev det stridregnet so lengje, at det paa mange Stader hev voret store Flaumar, som hev gjort ymist vondt; Skridur av Jord og Stein hev det og voret.
 
Dr. Aug. Pettermann, den namngjetne Geografen, er daaen.
 
Fesjaa paa Gjøvik: 22 Uksar, 100 Kjyr, 28 Kvigur, 9 Sauer og 7 Svin; Budraatt m. m. - Overlag mange Folk. Av dei mange Fyrste-Premier, som vart gjevne, maa Ein slutta, at dei framsynte Dyr o. m. var gode. – 9de aalmenne Hestesjaa nordanfjells hadde mange gode Dyr, baade Merrar og Hestar. Fleire Gudbrandsdalshestar fekk 1ste Premi.
 
Distriktslækjar, hev voret, L. A. Baumann er daaen paa Litlehamar, 69 Aar gamal.
 
Plimsollsk Sjoferdlag. Den Nemndi, som hev voret nedsett til aa utarbeida ei slik Log (Formann Amtmann Aall) hev no avgjevet sitt Forslag; det vil soleids koma fyr Storthinget i 1879.
 
I Indre-Dept. arbeidar dei hardt um Dagarne med Konsulatlogi.
 
Ved Hestesyningi i Kristiania siste Vika vart gjevet 1ste Premi (200 Krunur) fyr "Stavheimsborken", Eigarar O. Borchgrevink og Chr. Sissener, ei 2dre Premi ("Einar", Møllhausen, Kristiania) og elles berre 3dje Premi; 2 i 2dre Avdeildi ("Fridthjof" og "Samson"; "Vensborken" verd Premi men seld), 2 i 3dje Avdeildi ("Sørcimsborken" og "Omer Pasja", "Rappo" Uppmuntringspremi), 6 i 4de Avdeildi (Merrar), 4 i 5te og 2 i 6te Avdeildi. Attaat di fekk 15 Merrar rosande Umtale.
 
Bisp Moe og Sjomannslærar P. A. Bidvey. Bispen skriv i "Stavanger Amtstidende" fyr 23de Sept.: "Hr. P. Anton Bidvey hev funnet det passelegt i eit trykt Rundskriv til Stavanger Bys Kyrkjesamningar aa referera (attgjeva) ein Samtale millom honom med tvo andre Menn og meg den 26de Aug. Det burde ikkje vera naudsynlegt – men eg gjerer det likvel – aa segja, at detta Hr. Bidveys Referat etter dess Innhald i det Hovudsaklege og etter dess Framstelling heilt igjenom er uetterrettelegt. Derimot finn eg det høgleg naudsynt inntrengjande aa taka uppatt den Formaning av Apostelen, som eg fyrr mundleg hev gjevet Stavanger Samningar: "Vardveite Aandseiningi i Fredsens Band!" og aa innprenta den med same Apostels Ord (Gal. 5,15): "Dersom de bita og eta kvarandre, sjaa daa til, at de ikkje vert fortærde av kvarandre (dvs. at den Eine ikkje et den Andre upp)!
 
Almuevennen fortel, um Uppfinnaren Thomas Alva Edison, at han fraa Fyrstunne ikkje fekk annan Undervisning enn den, som Almueskulen kunde gjeva honom. Me bed orsaka: det er himmelhøg Skilnad millom "Almueskulen" og the Common School i Ohio.
 
Samvitsagg. Ein belgisk Matros hev i Bergen klaget seg sjølv fyr i 1877 aa hava skamslegjet elder ihelslegjet ein Politimann ved Blandin i Belgia, daa han vilde innsmugla nokre Flaskur Rose-Essents. Han er no heimsend; han heiter Gustave Dudart, er 35 Aar gamal og Sonen aat ein Lækjar i Bryssel.
 
Vitenskapleg Verksemd fyr Civilisation av Austheimen. Hr. Constant i Smyrna, Medlem av det asiatiske Selskap i Paris, hev utsendt eit Upprop um aa skapa eit Samlag, som skal hava til Augnemid aa utgjeva populære viten skapelege Arbeid i Armenia. D e t vil, meiner han, gjera hardla mykje til aa gjeva dei ymse Folk i Asia større Upplysning og skapa Samhug og Semja millom Folk med ulik Tru og ulike Seder. Serleg Gaum vil han hava gjevet paa Antropologi (Kunna um Menneskja, hennar Kultur- og Aandsliv sovel som hennar Likamsliv) og dei sociale (selskapelege) Vitenskapar, dei store Uppgaavur fyr vaart Aarhundrad. Folki i Asia stend paa ein Vendepunkt, segjer Constant, og dei maa hjelpast fram soleids, at dei er bune til aa taka imot Vitenskapen, den største Allheimsmagt. Alle vitenskapelege Selskap vert bedne um aa taka Tak i detta Arbeid.
 
Skalden Jonas Lie hev, liksom Hr. Ibsen, no busett seg i Tyskland, fyr nokre Aar iminsto. Det er Stuttgart, Hr. Lie hev valt til Bustad.
 
Afrika. Det geografiske Selskap i England vil taka seg fyre aa etterrøkja Landskapet millom Karavanvegen fraa Dar-es-Salaam, sud fyr Zanzibar, og den nørdre Lut av Viktoria-Nyanza. Dersom denne Etterøknad (under Johnson og ein annan enno ikkje vald Europear) gjeng heppelegt, vil Selskapet sidan halda honom fram til den sydre Lut av Tanganjika-Sjoen. – Italia-Konsulen i Aden (Arabia) held paa med aa skipa eit Samlag til Kaup av Jord til ei italisk Koloni ved Shoa. Tanken er aa faa Handel i Gang millom Midt-Afrika og Italia.
 
Maalkunna. I Italia brukte dei i eit Hus i den daglege Umgang eit Tungemaal kvar Dag i Vika: Maandagen Italiensk, Tysdag Fransk, Onsdag Grekisk, Thorsdag Engelsk, Fredag Serbisk, Laugdag Tysk, Sunndag eit av desse Maal elder alle etter Ynskje. Det vart ikkje Bruk fyr det vidt utspreidde Kulturmaal Dansk der helder!
 
Mordet i Hamborg. Tenestguten Doepke, som hev voret under Forfylgnad fyr Mordet den 4de Juli paa den 11aarige Albert Blom, Son aat ein norsk Kaupmann, vart sin Torsdag kjend skyldug av Domararne og er dømd fraa Livet. Daa Domen vart uppleset, bad han um, at dei maatte ettersøkja betre: det vilde daa visa seg, at han ikkje var den skylduge.
 
Fraa England gjeng no Eimskip kvar Vika til Cypern yver Port Said, Jaffa og Beirut.
 
Kongen av Birma hev voret drepen av Avisurna, men liver likevel.
 
Uppmæling av Havsbotnen. Eimskipet Albert, umbygt til Ferdi fyr 360,000 Kr., er med 12 Officerar og 112 Mann gjenget til Sudsjoen til aa mæla Havsbotn og Strender. Sir George Nares, den kjende Nordpolsfararen, er Øvstkommanderande. Skipet vil vera burte 3-4 Aar.
 
Ellers held paa med Uppmæling: "Sylvia", Kapt. Pelham, i dei japanske, "Nassau", Kapt. Napier, i dei kinesiske Farvatn, og "Fern", Kapt. Wharton, ved Auststrondi av Afrika.
 
Saki mod Kasserar T' Kindt, som stal nær 20 Millionar Franks av den belgiske Bank i Fjor, skal koma fyr Retten den 4de Novbr. Ikkje mindre enn 40 Nemningar skal "kjenna" i Saki. Domaren maa taka til Hjelp ein Mann til aa løysa honom av, naar Krafterne sviker.
 
Professor Peters i Clinton (Amerika) hev upptekt ein ny Planet, den 189de av dei smaae millom Mars og Jupiter. "Morgenposten" segjer, at Planeten – av 11te Storleik – er upptekt av Prof. Clinton.
 
Nordpolfararen Kapt. Tyson (Eimskipet Florense), som hev legjet i Vinterlæger 18 77/ 78 i ei Vik i Cumberland, ikkje langt fraa Diskoviki, er no paa Heimferd (til Amerika) med uforrettad Sak. Dei hadde lagt ut berre paa Kapt. Howgates og hans Veners Kostning og skulde tvinga Kongressen til aa veita Pengar derved, at Expeditionen var ei Kjennsgjerning. Men Kongressen upptok ikkje Saki til Dryfting ein Gong. No vil sume demonstrera mot "eit slikt Stykkje parlamentarisk Skøyteløysa", som dei kallar det. Men me tenkjer Kongressen tek Saki med Logn. Merkjelegt, at det alle Stader finnst Folk, som hev slik brennande Lyst til aa vera Formyndarar fyr og etterpaa tvinga Folkerepræsentationarne, men so liten Hug til aa spyrja um Løyve og Pengar til nokot fyreaat.
 
Vesuv. 23, 24 og 25 Septbr. sprutade Berget Eld og Lava. Professor Palmieri hev latet uppføra ein Slagdæmning kring Observatoriet mod det fyrste Paatrykk av Lavaen til aa faa Tid til aa umraada seg i Tilfelle. Mest alle Brunnar kring Vesuv er turre.
 
Fraa Nordenskiøld hev me ny Tidend. Den 8de Aug. var han i Dicksons Hamn ved det kariske Hav, som var mest isfritt. Den 10de vilde han sigla derifraa mot Nordaust. Vonerna fyr Ferdi gode, og alt vel umbord.
 
Byrettsdomen mot Storthingsmann Hjalmar Løberg vart i Gaar stadfest av Høgsterett.
 

 

Frå Fedraheimen 02.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum