Smaating,

 
som ikkje er so reint smaae endaa.
 
(Framhald).
 
[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
"Statholderposten", som fraa fyrsto var sett med svenske Menn, og sidan med svensklyndte Nordmenn, var og av dei Ting, som peikad paa Grunntankarne i Karl Johans norske Riksstyring. Og det er visst ikkje vandt aa vita, kor det hadde boret av til Slutt med heile vaart Sjølvstende, um me ikkje i den Tidi hadde havt eit so godt Storthing. Men det stod fast. Det stod fast i 1821 mot den svensk-norske "Lystleir"; det stod fast i 1824 mot dei kongelege Framlegg um Grunnlogs-Umstøypingi, og endaa i det harde Aaret 1836, daa Kongen uppløyste Thinget fyrr det var ferdugt, visste det aa verja si Æra og sin Rett.
 
Det stod so fast, at Karl Johan tilslut lærte, at Norig var eit "sjølvstendigt Rike" med sin sjølvstendige Rett, so det ikkje leet seg selja elder tyna so reint fyr Ingenting. Og daa han til Gagns lærte detta, so var han ein so god elder klok Mann, at han leet si svenske Kongsskuld vera fyr det ho var og fann seg i, at Norig heldt sin Rett uppe. Daa Handelsflaget vart frigjevet i 1838, tok Folket til aa faa Tillit til Karl Johan, og sjølve Henrik Wergeland vart no ein god Kongsmann og Unionsmann. Karl Johan var i sine seinste Aar reint ut folkekjær i Norig, er det likt til. Me kann undrast paa detta, etter at Norig hadde lidet slik Svivyrding og voret ute i so stor ein Faare: men det var væl so at Folk lagde Skuldi meir paa Svenskarne enn paa Kongen. Og det var væl rett. Bernadotte var ein Framandkar her uppe og kunde ikkje i seg sjølv hava nokot sers imot Norig; at han foor som han foor, laag i dei historiske Høve, han kom uppi der i Sverig. Og Norig tolde so mykje som det gjorde – fyr di det var for veikt.
 
Og so var det Ulukka, at Norig – daa liksom no – hadde ein Flokk av "uægte Søner", som ikkje brydde seg so svært mykje um Landsens Æra, men meir um andre Ting, som fyr dei tottest gildare og meir gagnlege enn den. Det unorske Parti, som me ligg og dregst med den Dag i Dag som med ei Landsens Lungesott, var uppe daa og. Det var ikkje so "fjølmennt" som no; Intelligentsen hadde endaa nokot att av Kraften og Aanden fraa 1814 og var ikkje so jamt hjartesliten og nedtrælkad, som han no er. Men likevæl hadde Landet sine "Smygar" og "Stockholmsfararar", som nok gjekk med paa aa gjera Stockholm til Norigs Hovudstad, berre dei med det kunde faa eit godt Embætt, og den svenske Kokarden var nok daa likso væl aa sjaa som no det svenske Flagget, som norske Borgarar enno finn det høvelegt aa visa upp, naar t. D. Norigs Konge kjem hit paa "Besøg." 1) Naar eit Land hev slik ein "Intelligents" uppe paa sine politiske Høgder, so er det naturlegt, at ein Konge maa koma til aa vanvyrda heile Folket og tru, at det ikkje er annat enn ein Hop Trælar, som b ø r vera Utbygdingar aat eit framandt Rike. Detta er og ein Ting, som Ein maa taka med, naar Ein vil døma Karl Johan med ein rettvis Dom. –
 
Derimot er det kav norsk Barneskap, naar den Morgenbladske "historiske" Skulen prøver aa orsaka Karl Johan med, at han ikkje meinte nokot med sine unorske Freistnadar. Det er i Sanning aa gjera Mannen Urett; for so styven og upolitisk var han daa ikkje. Han var ingen stor Mann; men rekna veit eg han kunde.
 
Daa Oskar I i 1844 fullt ut frigav det norske Flag, vann han ved den Gjerningen Folkets Gunst fyr godt. Det tottest vera eit visst Merkje paa, at den gamle Bernadotteske Kongstanken var uppgjeven. No kunde me vera fulltrygge fraa den Kanten.    
 
Det svenske Folket hadde væl og teket til aa slaa av paa sine Krav i denne Vegen, so "Kongs-Skuldi" maatte kjennast mindre tung. Det gjekk væl seint med detta; for Kravet hadde voret sterkt. Men Storthingets faste Motstand og dugande Menns Skrift og Tale hadde gjort so mykje, at Svenskarne slog meir og meir av, di lenger Tidi leid. "Statholderposten" vart standande ledig som ei tom Form, og Norigs Flag flaug fritt og friskt rundt alle Hav og Hamnar.
 
Men den Bernadotteske Kongstanken var ikkje so daud, som han saag ut til. Karl den 4de kom - og kallad seg Karl den 15de. Det skulde framleides vera so, at det var den svenske Kongen, som styrde i Norig.
 
Folk fann seg i det; for det var berre ei Formsak, ein "Smaating", som ikkje var verd aa bry seg nokot um.
 
Det finnst ingen annan Nation i Verdi, som vilde kalla det ein "Smaating", naar der vart rørt ved "Formerne" fyr Landsens Sjølvstende og frie Rett. Men Nordmennerne hev ikkje Syn fyr Formi, og naar ein Ting kjem inn under Namnet "Form-Sak", so meiner dei det er Skam aa bry seg um 'n. Der er Ingenting aa segja paa Kong Karl; han foor etter det, som hadde voret gjort fyrr, og han vilde det, som han etter si Ætt og historiske Stilling maatte vilja. Men det norske Riksraad er der ymist aa segja paa. Hadde det visst si Skylda, so hadde den Flekken snaudt lenger funnest paa Norigs Skjold. Den øvste Grunntanken i Norigs Grunnlog er den, at Norig er eit fritt, sjølvstendigt, ubytelegt og uavhendelegt Rike; og me kann aldri vera med paa nokon Ting, som – um enn berre i Formi – bryt paa denne øvste og største Grunntanken i vaar øvste Landslog. Men Riksraadet brydde seg ikkje um slikt, og so gjekk det, som det gjekk. Og Riksraadet sat tryggt paa sine Gjerningar.
 
Me Nordmenn bryr oss ikkje um Former, som sagt, og det gjerer, at me finn oss i mangt, som andre Folk vilde kalla – Skam. Men det kunde no endaa vera. Tankarne um Æra og Skam er ulike i dei ymse Land; og det kunde henda, at Folk t. D. i Kina vilde gjeva oss Æra fyr det, som me her i Europa fær berre Skam fyre. Verre er det, at desse fille "Formsaker" ofta dreg stygge Røyndomssaker etter seg. "Unionsakten" kom dragande tung og diger med dei handfaste Rettfylgder av den same Tanken, som laag paa Botnen av Namn-Merket "Karl XV," og der sagde den norske Regjering oss beint ut kvat ho vilde. Me fekk ein hard og beisk Strid der; me vann, som Guds Lukka var; men me kunde ha tapt, og den stygge Striden – ja den hadde me sluppet, dersom me fraa fyrsto hadde havt Sans fyr - det Formelle.
 
( Meir).
 
1) Ut i Smaabyarne hermer dei etter Kristiania i detta som i alt annat, men naturlegvis so, at dei rengjer det um i endaa større Narreverk enn det er i seg sjølv. Det er ikkje nok med, at dei i Skien og Telemark helsar paa Krunprinsen med Svenskeflaget; men det svenske Flaget lyt vera med i alle Tilfelle, so snart det skal vera gildt. I Stavanger brukar dei det svenske Flaget ved Fesjaa, private Danselag o. d.; i Kristianssand maa det svenske Flaget upp, berre ein liten Eimbaat skal gjera ein Lysttur o. s. fr. Dersom det ikkje var so hundsk alt slikt, so vilde det vera uhorveleg flirande.
 

 

Frå Fedraheimen 02.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum