Tilsvar til O. S. i Seljor.

 
I Fedraheimen No. 60 fær eg Svar paa Brevet mit i No. 57. Fyrstundes er der berre nokre aalmennelege Setningar, som kjem kje meir meg hell are ved, men som kan vera sanne nok ivihovu og ikkje mindst i Folkehøgskulesakje.
 
Nedi Enden paa fyrste Spalta stende, at Forskjellen paa Skulane og Fyrimunen aat Folkehøgskulen ligg "noko i Lærarens Personlegheit og Aandssyn og noko i Fyrimaalet". Eg spyr: Er det sagt, at Deildi imillom gode og laake Lærarar fygjest netupp med Deildi imillom Folkehøgskulelærarar og Aalmugeskulelærarar? Hell, at Folkehøgskulen og Aalmugeskulen deilar seg ut i tvo Flokkar so pleint, at ingjen Aalmugskulelærar deilar Livs-og Aandssyn med Folkehøgskulen. Detta tenkjer eg, Du og Dine Felagar er dei seinste te aa slaa fast. Fe det er daa noko, som adde veit, at Folkehøgskulen te all Biss her i Telemorkji fær sin bedste Studning ifraa Skulemeistrane. Hell tenkjer Du, at Logparagraffar og Instruksar hev so stor Magt ivi Læraren i Aalmugeskulen, at der inkje er ringaste Grand Rom fe Meddelelsar av Lærarens eigjo personlege Uppfatning av ei og ono Sak? Detta veit eg Du inkje tenkjer; men Du fær orsaka, om eg synest, at det lyt liggje slike Tankar under det, Du heve skrivi.
 
At ikkje dei uslaste lønde Aalmugskulemeistrar er dei beste, lyt Du hava Rett i; men derav fygjer ikkje, at det ikkje horver med Skulemeistrane og Løningji aat dei som eg hev sagt. At den som tek imot Hjelp verdt Undermann aat den, som hjelper, veit me daa adde. Du nevner Diktarar og Vitenskapsmenn. Er det sagt, at Diktargaava altstødt hev godt av, at Diktaren fær Statsløn? Det trur eg ikkje. Men, at Statsløni likso jamlege kan skjemme Diktaren ut, det trur eg me hev Døme paa. Du nevner B. Bjørnson. Likar du Bjørnson? Ja, at han er Republikanar, og at han hell paa aa preike om, at Helvitesstraffi tek Endi, trass i Statsløni, det ser me adde; men om detti høyrer te dei gode Sidunne hass hell te Lyti, det fær Du finne Deg i, at her er tvo Meiningar om. Enn om detti inkje kan hava kjøvt den rette Diktargaava, som han verkeleg heve synt i "Synnøve", "Arne" og "En glad Gut"? Eg tikje meste, eg heve merkt det, at det er nok te Attest fe ein Mans Folkelegheit og frilyndte Aand, naar han fortele Folk, at han likar godt B. Bjørnson.
 
Teslut vil eg seia, at eg ikkje er nokon Hatar av Folkehøgskulen. Han kan godt hava ei god Gjerning aa gjera iblandt konn. Eg kann helste seia eg kjenner kje noko te'n, og derfe er det vel best, at eg seie mindst, eg kan, om'n.
 
Vinje 22/ 9.78.
A. S.
 

 

Frå Fedraheimen 02.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum