Utlandet.

 
Fredagen den 27de September vart den tydske Riksthingsnemndi ferdug med fyrste Gjenomgangen av Forslaget til Log imot Socialistarne. Nemndi hev teket ved § 19, som handlar um Appell-Instansen, men han er mykje umbrigd. Den prøysiske Regjeringi hadde fyrst fyresleget, at det skulde skipast til eit "Riksembætte fyr Presse- og Samlagsgreidor", ihopsett av 9 Medlemer, og av deim skulde minst 5 vera Statsdomarar, men dei andre kunde takast ibland andre Riks- elder Stats-Tenarar. Smaastatarne tykte, at denne Skipnaden greip for sterkt inn i deira Sjølvstende, og Sambandsraadet samdest um aa sjølv taka paa seg Avgjerdi; og i det Forslaget, som vart framlagt fyr Riksthinget, lydde §en soleids:"Sambandsraadet tek sjølv ut ei Nemnd bland sine eigne til aa avgjera alle Klagor, som upp kjem av denne Logi. Denne Nemndi skal vera ihopsett av 7 Medlemer, som ikkje er bundne ved Fyresegner elder Fyreskrifter. Avgjerderne aat Nemndi gjeng ut i Sambandsraadet sitt namn og er inappellable" (dvs. kann ikkje skjotast til høgre Rett). I Riksthinget og 21-Manns-Nemndi reiste det seg strakst Motstand mot denne Regelen, fyrdi han lagde all Magti i Henderne paa det andssvarslause Sambandsraad, og Nemndi hev no næmat seg att det upphavlege Utkast fraa den prøysiske Regjeringi og gjort um §en att, so han lyder so: "Appell-Instans er ei Nemnd paa 9 Medlemer: 4 av dei vel Sambandsraadet ibland sine eigne, men dei andre 5 er Medlemer av Høgsteretterne aat Riket elder dei einskilde Smaastatar. Kjeisaren nemner Formannen og Varaformannen bland Nemndemennerne. 5 Medlemer – men av dei skal minst 3 vera Domarar – kann gjeva ein Orskurd." Dei Nationalliberale, Millomflokken og Framstigsflokken hev samst um, at Logi ikkje skal gjelda fyr meir enn 2 ½ Aar. Ærendsmannen fyr Regjeringi svarad, at paa det Vilkor kunde ikkje Regjeringi taka imot Logi, og Attihaldsmennerne studde honom i det; men det vart likevel vedteket med 13 Røyster mot 7 – Regjeringi er ikkje lik til aa vera mykje nøgd med Logi. Styresbladet "Nordd. Allg. Zeitg." fordømer Raadlaget og Avgjerderne aat Thingnemndi; i ser brukar det seg paa Lasker, og det gjeng enddaa so langt, at det kyter paa ei ny Uppløysning av Thinget. Men det er aalmenneleg Meining, at Bladet denne Gongen ikkje hev gjenget Ærend fyr Regjeringi. Maalsmennerne fyr Regjeringi hev i all Fall ikkje i Nemndi laatet so ille yver det, som der vart gjort, og Bladet "Provinz. Corresp." talar au helder forsonlegt; det vonar, at det kann koma til Semjing ved andre Gjenomgangen i sjølve Nemndi. Sume fortel, at Bismarck hev teket til aa tinga med Bennigsen att, og at det kann vera ventande ei Tilbeining fraa baade Sidor millom Rikskansleren og dei Nationalliberale.
 
Englands Hemnkrig mot Afghanistan ser ikkje ut til aa brjota ut strakst. Kabul ligg soleids til, at det er ikkje gjort paa nokot Braadbil aa taka det; allvist er det mest Uraad aa tenkja paa aa koma fram med ein Her Veters Tid gjenom Ulende og tronge Fjellskard og yver høge snjotekte Fjell. Dertil so treng England nokre Vikor og kannhenda Maanadar til aa faa samlat ein stridfør og stor nog Her imot Shir Ali, og det kann helder ikkje vera so reint tryggt paa alle dei indiske Hovdingar og Folkeslag, som det hev under seg. Det er difyr trulegt, at det ser seg um, fyrr det slær til; og fyrr til Vaaren er det visst ikkje talande um, at det byrjar Krigen mot Afghanistan. Derimot heitest det, at den indiske Regjeringi hev kallat inn Tropper og driv paa og samlar Folk ved Grensa; ho vil vera fyrebudd paa alle Hende.
 
Upprøret i Bosnia skal snart vera døyvt, vonar dei. Det kjem no Sendelag til Austrikingarne fraa Byar rundt um i Landet og byd Fred og Undergjevnad. Austrikingarne hersette Zwornik den 26de September, og er Tidendi truande, so hev dei og ved same Tidi vunnet ein avgjerande Siger ved Vishegrad, og 21000 vaapnade Upprørarar hev gjenget yver den serbiske Grensa ved Lornitza.
 
Rørsla i Ungarn imot Greive Andrassy's Austerlands-Politik og Hersetningi av Bosnia og Herzegovina er framleides i Vaksande, og den glimande Framgang, Herførararne Philippovic, Szapary og Bienerth i dei sidste Dagar hev gjort i Austbosnia, hev ikkje verkat nokor kjenneleg Hugvending hjaa Madsjararne. Paa eit Møte i Vest av Utsendingar fraa heile Landet vart det vedteket ein Protest mot heile Hersetningi, og at Folket sin Eigedom og Blod vart øydt utan dess Samtykkje.
 

 

Frå Fedraheimen 02.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum