"Um Tolsemd i Tru og Meiningar."

 
(Sluten).
 
[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
I same Nummer av "Fedraheimen" (No. 40) stend der ogso eit Ordrag or Kr. Bruuns Tale um Fritenkjarskapen. Der er og nokot, som inkje kann vera rett, og det undrar meg, um han inkje i det Stykke fekk nokor Motsegn paa Folkemøtet. Det er, naar han talar um, at dei i Noreg ero for snare til at kalla ein Mann Fritenkjar, og so meiner han, at ein inkje kan kallast ein Fritenkjar, um Ein t. D. inkje trur paa ævelege Straffer, paa Djevelen, paa Skapningssoga i fyrste Mosebok, elder stutt aa mæla, um ein inkje trur alt, som Bibelen segjer.
 
Anten ein slik skal haldast fyr ein Fornegtar elder inkje, det skal eg inkje segja nokot um; men me maa "alle vera samde" um, at trur ein inkje t. D. Skapningssoga, so er ein paa god Veg til aa verda ein Fornegtar. Gud hev aldri sagt, at der, paa ein Stad, segjer han nokot, som er sannt og visst, men der, paa ein annan Stad, segjer han nokot, som inkje er sannt; han hev ingen Skilnad gjort paa det, han set fram i Bibelordet. Naar ein byrjar tvila paa sume Ting i Bibelen, kvat Vissa hev han daa fyre, at dei andre Ting ero sanne? Dersom Gud kann ljuga i dei mindre Ting, kvi kunde han daa inkje liksovel ljuga, naar han talar um dei større? Ein vil vist verda hardare freistad til aa tvila paa det, som endefram vedkjem vaar evige Sæla, en paa dei mindre Ting. Skapningssoga synest vera so greid og endefram, at det tykkjest umogelegt aa finna nokot, som tvingar oss til at tyda henne onnorleides en som Ordi lyda, meir den, en Soga um Jødarne, Kristus og so frametter. Me finna helder ingen Stad korkje i det gamle elder nye Testamentet, at ho er uttydd paa onnor Vis; alle baade Profetarne og Apostlarne hava stadfest denne Soga; naar dei ummæla Skaping, so segja dei alle, utan Umbrigde og utan Tyding, at Gud skapad alt i 6 Dagar og paa den sette skapade han Mannen. Um Helvite elder ein Stad, der dei vonde skulo faa si Straff, talar ogso det nye Testamente so greidt, at ingen, som trur paa Bibelen, kann tvila um eit ævelegt varande Helvite.
 
Onnorleides er det, naar sume krevja, at Ein etter Bibelen skal tru, at Jordi stend still, men Soli gjeng. Gud hev ingenstad sagt det; naar han i Bibelen talar um Soli og Maanen, so talar han, som Folk var vane med aa tala um deim, utan aa læra korkje det eine elder andre um deim, liksom me enno segjer som i gamal Tid, at Soli gjeng, endaa me tru nokot annat. Gud tok inkje paa seg aa læra oss Astronomi elder Stjernelæra.
 
Eg trur difyre, at Ein lyt agta seg fyr aa sleppa seg til aa tvila paa nokot av det, som stend i Bibelen, anten det so synest stort elder litet. Naar Ein tvilar paa, at Skapingi hev gjenget fyre seg som Moses elder Gud ved Moses fortel, so byrjar Ein i Røyndi aa tvila paa Guds Allmagt, og daa verdt Frelselæra likso utruleg og umogeleg.
 
Men lat meg koma attende til "G" litegrand enno. Han segjer, at "ei Tru maa vera nett slik som ho er, um ho skal faa fram det gode, ho eig i seg." Her synest det meg klaart, at han blandat Læra og Liv elder Teori og Praksis ihop. I Læra eiga Kyrkjeserlagi ingen Ting framum den sanne Kyrkja, no kallad den lutherske; nei, tru me paa Bibelen, so maa me sjaa, at dei alle standa meir elder mindre attum, at dei alle hava funnet mindre av Sanningi en den sanne Kyrkja. I Livet kann eit Serlag i sume Stykkje vera komet lenger, elder det kann i minsto synast so; naar ein ser vel etter Orsaki elder Drivfjøri til denne større Fullkomenskapen, so vil ein kannhenda finna, at ho er rang, og daa er det liten Mun i, kor gildt det ser ut. I alle Tilfelle vilja Serlagi vera paa Villstig i fleire elder færre Greiner, ettersom dei hava meir elder mindre av Sanningi; for "korleides skulde dei tru det, som dei inkje hava høyrt?" Me maa ogso koma ihug, at di myrkare det er, di bjartare verdt Gneisten av det rette Ljoset; men di ljosare det er kringum, di større og sterkare lyt Gneisten vera, skal han verda gaadd; soleides og i Kyrkja: di mindre der er i eit Kjyrkjelag av Sanningi, di snarare verdt ein var det gode, som finst der, og di høgre vil ein setja det. Men det er no inkje det range, eit Serlag heve, som hjelper fram det gode elder det framifraa, dei hava elder synast aa hava; nei det er Sannings-Luten dei hava, som gjer det. Det er gjenom Sanningi, Bibelordet, at den heilage Ande leider Mannen, den einstaka Mannen og Samlaget, fram i det gode i Læra og Liv. Naar no eit Serlag eig myket usannt, so hjelper Anden baade Laget og den einskilde Mannen til aa sky dette, men halda seg til det rette, som finst hjaa det. Men livet verdt paa den Vis einsynt og einsidelegt. I den sanne Kyrkja kann Aanden føra oss jamnare fram baade i Vit og Vilje. – No til Dømes Grundtvigslaget. Det hev gjort ovmyket godt; men det er no slett inkje Tru-Brigdet hans, som hev fremdat dette. Grundtvig var ei Kjempeand, tvillaust ein stor Guds Reidskap, og han stod fraa Fyrstunne paa den fulle Sanningsgrunn; det var Orsaki til, at han kunde gjera so mykje godt. Det trongst inkje, daa Grundt- vig stod fram, aa reinska Læra, som daa Luther stod fram; det som turvtest, var ein, som kunde baade sjølv sjaa og peika ut fyr andre det rette Samhøve, Samspil, millom Tru elder Læra og Liv, elder millom det kristelege og borgarlege Livet. Luther hadde gjort baade Ting, reinskat Læra og lagt henne inn i Livet; men dette siste hadde dei no mykje gløymt, og so laut det greidast uppatter. Dette gjorde Grundtvig i dei nordiske Landi, og Kyrkja der hev visst honom aa takka fyr mykje meir, en hans Motstandar vilja vera ved. Og som Tidi strid, vil meir og meir av hans gode Tanke, hans Mission, veksa seg inn i Kyrkja og koma henne til gode. Hadde han vortet standande paa Sanningsgrunnen, der han fyrst stod, so vilde han nog hava fengjet fram meir, gagnat Kyrkja meir; for det er so vandt aa vedkjennast, at der er nokot godt hjaa vaare Uvener og Motstandarar, og endaa vandare aa taka upp nokot av det; me vilja so lett fordøma alt, som finst hjaa deim. Men Grundtvig vardt no inkje standande; han kom avveges, idi han som so mange andre trudde, at naar Livet og Trui hjaa Mannen (den subjektive Trui) var rang, so maatte og sjølve Trui elder Læra (den objektive) vera rang, elder vanta nokot, og som kom han daa med sin "mageløse Opdagelse". Men det var til Ulukka fyr Kyrkja, at han kom med denne "Opdagelse", baade fyr di det kom mykje i Vegen fyr det gode, han var send til aa bera fram, og fyr di at so mange av hans Vener og Etterfylgjarar føra denne range Sermeiningi hans endaa lenger burt fraa Sanningi. For dei hava slik Vyrdnad fyre honom, at dei mest tru, han aldri kunde taka i Mist, og no er det nettupp Sertanken hans, som merkjer seg mest ut, og som dei best sjaa; for den er ny, medan det gode, han bar fram, var berre den gamle Sanningi, som var gløymd. Og soleids er det med alle Serlag: Einsyn og Rangsyn avlar altid meire av det Slag; det er so mange Freistingar til aa hengja seg ved det range og lata det rette fara. At Einsyn og Rangsyn avlar meir Einsyn og Rangsyn, Serlag endaa fleire Serlag, kjem seg ogso av di, at det altid er dei som sjaa, at det duger inkje i Lengdi aa køyra med ein Meid under Sleden, elder leggja seg etter berre ei elder nokre faae Greiner av Sanningi. So skoda dei daa etter fleire Sidur; men Læra deira eig inkje fleire rette; og so finna dei daa snart eikor Rangsida, som fyrr hev leget løynd elder usedd hjaa deim. No driva dei so paa med dette nye, at dei kanhenda gløyma det gode, dei fyrr aatte. Sjaa t. D., kor sundbytt den reformerte Kyrkja er, og Ein vil visst fyr det meste finna, at det sist uppkomne Serlag hev minst av Sanningi. Kjem eit Serlag burt, so er inkje Orsaki den, at det hev uppfyllt sin Missjon, at det hev fenget fram det gode, det aatte i seg, og som det skulde bera fram; Orsaki er den, at det inkje kan liva lenger, av di det er grunnat paa ein falsk Botn, som inkje kan halda i Lengdi. Gud kan lata deim trivast og bløma nogso vent ei Stund, som det ser ut til; men det gjer han inkje, at dei skulde hjelpa fram det rette Laget, Sanningi, men han ser, at dei, Mengdi av deim, inkje vilja ganga inn i Sanningi, men at han endaa kann frelsa nokre av deim.
 
Nokot nær paa same Maaten er det og med verdslege elder borgarlege Serlag. Ero dei bygde paa ein falsk Grunnmur, so vilja dei tynast, og dei kunna inkje bera fram nokot godt elder hjelpa fram nokot godt; tvertum vilja dei ofta vera til Mein og Seinking fyr det rette; men her er det no inkje so godt aa avgjera, naar Grunnen er falsk elder sann. Sermeiningar, Serlag, kann Ein aldri ynskja Framgang, naar ein klaart og greidt ser, at dei ero usanne elder at der er myket rangt i deim. Det er nettupp ei av Mansens store Ulukkor, at han so gjerna verdt einsynt og trongsynt og – rangsynt. Naar han her er komen for langt avveges, naar Einsynet og Rangsynet verdt altfor meinsamt fyr Sanningi, so lyt den allvise og allmegtuge Styraren senda eikor Kjempa med Vidsyn og Rettsyn nok, so han kann lyfta deim utor Klemma, dei ero komne i, og retta Augo deira paa det rette og fulle Ljoset. Um han no inkje, serleg i Trui, kan faa alle med seg attende til Sanningi, so fær han daa deim, som leitte etter Sanning, men fyrr inkje kunde finna henne; og dei, som inkje endefram vilja vedkjennast, at dei fylgja denne Rettleidingi, dei retta løynleg mangt og myket i Laget sitt etter hans Rettleidingar, so at han endaa sankar myket av det sundrivne ihop atter.
 
Dette var det, eg tykte, eg laut peika paa litevetta. Eg tenkte det kunde gjera so myke, at anten "G" elder ein annan kunde tenkja betre etter desse Ting.
 
Vetle Tunguvard.
 

 

Frå Fedraheimen 23.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum