[Me høyrer, rett som det er]

 
Me høyrer, rett som det er, at det er umoglegt aa skipa til nye Bokmaal i det upplyste Europa i det 19de Aarhundrad, og at det ikkje ein Gong er patriotisk (fedralandskjærlegt) aa freista paa det. I andre Land meiner dei ikkje so; der vert det yveralt haldet fyr aa vera ei Uppgaava fyr Fedralandsvenen aa dyrka Mormaalet. Me vil ikkje røda um Maalarbeidet i Finnland, Ungarn, Belgia, Nordtydskland, Sudfrankrike og Katalonia, daa Folk veit iallfall nokot um det, men derimot gjera eit Par Merknadar um Maaltilskipingi i Aust-Europa (utanfyr Ungarn), som kannhenda er mindre kjend. Av den slaviske Maalgrein er det, som Ein veit, ei ustyrteleg Mengd Folkeslag: Russar, donske Kosakkar, siberiske Kosakkar, Rutenar (Litlerussar), Serbo-Kroatar, Bosniakkar, Montenegrinar, Slavonar, Dalmatar, Bulgarar, Slovenar, Polakkar, Kassubar, Tshekhar, Slovakkar, Vendarar (Lausizarar) o. fl, og der er Maalbrigde (Dialektar) ogso i dei slaviske Land. Nokre slaviske Professorar vil mengja alle slaviske Maalføre saman i ein Klump (Panslavistar), men andre vil dyrka dei ymse Maal, og det hev lukkastst i stor Mun, nett upp i detta Aarhundrad, aa gjera Maal, som fyrr hev voret berre Talemaal, til Bok maal. Serbisk vart soleids gjort til Bokmaal av Dosithei Abradovitsh, D. Davidovitsh og Vuk Stephanovitsh, som alle livde i vaart 19de Aarhundrad og vert haldne fyr Patriotar. Elles skal me til Upplysning i Saki prenta av eit Stykkje slavisk Dialektologi av den kunnuge Berlin-Professor H. Jagitsh': "Det er aalkjennt, at det er umoglegt nøgje aa fastsetja Umgripet "Dialekt." Folk plar kalla eit Maalføra Dialekt, naar det ved uheppelege Umstand vert hindrat fraa aa koma til Literaturutvikling. T. D. det Slovakkiske (i Øvre Ungarn) vart aalmenneleg kallat ein Dialekt av det Tshekhiske, til dess i vaart Aarhundrad nokre fedra landselskande Literatar gjorde det til Bok maal. Paa den andre Sida var det Provinsial-Kroatiske fraa det 17de Aarhundrad til ikr. 1840 eit sjølvstendugt Maal, fyrdi det hadde sin eigen Literatur, endaa denne ikkje var rik; men etter at Illyrararne tok upp til Dyrknad ein annan sudslavisk Dialekt, den sokallade Shto-Dialekt, og derved gjorde Skilnaden millom Kroatisk og Serbisk lik O, sokk det tidlegare "kroatiske "Bokmaal ned til ein Dialekt. 1) Elder lat oss taka Døme av det Litle-Russiske. Etter sine Ljodloger stend det i Samhøve til det Stor-Russiske som ein Dialekt – Stor- og Litle-Russisk er tvo Dialektar av det Russiske -, og hadde ikkje i Millomalderen Riksmagti vortet flutt fraa Kiev til Moskva, hadde m. a. O. Kiev i Staden fyr Moskva komet til aa sameina dei russiske Folk, so vilde det, som no er Stor-Russisk, hava voret Litle-Russisk og umvendt. Og likvel er det Litle Russiske Maal i Austrik (hjaa Rutenarne i Galizia) vortet Bokmaal, soleids at det same Litle-Russisk, som gjeld fyr aa vera berre ein Dialekt i Russland, er eit sjølvstendugt Maal i Austrik." Det er dei, som er flest, som sigrar i Maalstrid og gjerer Dialektar til Bokmaal, Embættesmaal, Kyrkje-, Retts- og Skulemaal.
 
I Kroatia, som (med Slavonia og den tidlegare kroat.-slav. Militærgrensa) høyrer til Ungarn (1,900,000 Innbuarar), er Embættesmaalet det Kroatiske, elder Serbo-Kroatiske og til Landsstyret kann Ein skriva Serbo-Kroatisk liksovel som Magyarisk. I Galizia, som høyrer til Austrik, er Embættes- og Skulemaalet i dei høgre Skular slavisk (polsk). Mormaalet, kvat for eit Tungemaal det enn er (Tydsk, Italisk, Slavisk, Rumænisk, Magyarisk), maa elles lærast i alle austrikske og ungarske Skular. – Me hev i vaart frie Noreg vistnog ymist aa læra av Austrik og Ungarn, der Nationalitetarne segjest aa verta undertrykte (?).
 
1) Korleids greider H. Lassen detta? Eit Tungemaal, som er naatt upp til aa verta Literaturmaal, er etter hans Læra innblaaset ei uforgjengeleg Livskraft, uforgjengelegare en Marmor og Erts!
 

 

Frå Fedraheimen 23.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum