[Notisar]

 
Paa Jadren hev Hr. Aasland ved Thime Kyrkja uppført ein Innrettning til aa slaa upp Lysingar paa, men ikkje alle, som finn ein Ting, hev Tid til aa skriva ei Lysing; ofta vert den funne Tingen stukken inn i Apparatet og er trygg der, endaa det er opet elder Dyri berre fest med ein Jarnkrok. Turklæde, Regnfrakkar og andre slike Ting kann liggja der i god Ro i Maanadar.
 
Gerh. J. H. Wiese fra Bergen, busett i Lissabon, hev skrivet ei Bok um "Demokrati og Kapital." Han fortel, at Johan Sverdrup er Littré'sk Positivist og hev Hjelp ved Universitetet av Prof. J. E. Sars og i Pressen av "Dagbladet", og at Professor M. J. Monrad er Kommunist. Socialistar hev han derimot ikkje voret i Stand til aa paavisa i Noreg.
 
Myntfund. Paa Garden Graslid i Ty dalen hev dei funnet 2260 Sylvmynter og Brotstykkje av Sylv, 140 Lod. Mynterne skal vera angelsaksiske og altso mykje gamle. – Paa Storhamar Gard ved Hamar hev dei likeins funnet 160 Mynter, men yngre, fraa 15de og 16de Aarhundrad.
 
Dom fyr ulogleg Elgjagt. 4 Jægarar skaut fyr eit Bil sidan ein Elg-Ukse paa Aasvall Gards Grunn ved Brevik. Dei er no dømde i Bøter paa 240 Krunur kvar og Skadebot fyr det selde Kjøt, 144 Kr.
 
Heppa. Eit dansk Skip var so heppet aa vera det 1000de Skipet, som siglde inn i Hamni ved Libau i Aar den 4de Oktbr; Kapteinen, Kristiansen (Galeas Pandora), fekk av Kaupmannslaget ein Sylvpokal, og Skipet hans vart friteket fyr Hamneavgift. Det hev aldri nokot Aar fyrr komet so mange som 1,000 Skip til Hamni, og enno er det mykje att av Aaret.
 
Kongelegt Løyve. Organist Selberg hev "Kongelig Tilladelse" til aa halda Koncert i Litlehamar Kyrkja, segjer Byens Blad.
 
Eldbrune. I Kristiania var nyst ved ein Brune i Schultzegarden, Fjerdingen, 2 Born nær ved aa verta innebrende. Brandkonstabelen E. S. Lindset, som frelste deim, hev fengjet 20 Krunur av Hjelpekassa fyr detta. – Paa Nøterøy (Smidsrudskjer) innebrende 6 Kyr og 1 Svin ved ein Brune den 17de Oktbr.
 
Partistellingi i den danske Riksdag: I Folkethinget høyrer 39 Medlemer til "det samde Vinstre", 30 er radikale, 26 national-liberale (Høgremenn) 7 er Lausgangarar. I Landsthinget hev Høgre 52 og Vingstre 14, derav 8 radikale.
 
Bjørnerud-Mordet. Fredriksson sit enno fast i Kristiania og vil ikkje fyr det Fyrste verta send til Sverike. Derimot reiste Chefen fyr Upptekkjingspolitiet, Garden, dit no um Maandag.
 
Æreslegionen. Desse Nordmenn hev fengjet Ordenen: Professor O. J. Broch, Konsul W. Christophersen, Konsul C. Christofersen, Sekretær Christensen, Ingeniør Stoltz, Arkitekt Thrap-Meyer, Direktør Arntzen, Hals, Haneborg, L. Jensen, Melhus, Jacobsen og Landskapsmaalar Munthe. Ingen Jurymann fær Ordenen.
 
Nye Uppfinningar. Apothekaren Israel D. Jewett i St. Omer (Indiana), Jude av Burd, hev uppfunnet ein Agafon, som sender ein Tone kvarhelst og korlangt Ein vil, utan at han misser det Grand av sin Styrke og Reinleik. – Den aalkjende Edison skal hava uppfunnet ein Maate aa fanga og gjøyma Solljos paa, til dess Ein hev Bruk fyr det til Upplysning. Han innset Papir med eit Stoff, som held Ljoset fast, men Papiret vil endaa ikkje lysa lenger enn 2 Timar.
 
Annektering. Tydskland hev med Hjelp av dess Konsul paa Sjomannsøyerne, Weber, og Krigsskipet " Ariadne teket den største av Øyerne, Upolu; dei meiner, at Øyi skal verta Forbrytarkoloni. Det stend i Socialistlogi, at Menn, som rettskraftig er dømde til langvarug Straff, kann verta sende til ein Stad utanfyr det tydske Territorium.
 
Fødsla i Lufti. I "le ballon captif" i Paris vart ein av Dagarne fødd ein britisk Borgar. Daa Ballonen var nær si største Høgd, gav ei Kona eit skjerande Skrik fraa seg. Ein Lækjar, som var med, saag, kvat som vantade henne. Det vart gjevet Signal til Nedstigning, men fyrr Ballonen naadde Jordi, var den nye Borgaren komen til. Lækjaren, som hadde gjevet 20 Franks fyr aa stige upp, fekk 500 Franks av Faren, daa han gjekk ut or Ballonen. Foreldri aat den Nykomne var fraa Manchester, Mannen rik Fabrikant.
 
Slagsmaal. Studentarne i Dorpat (Russl.) ligg i Slagsmaal med Lærlingarne ved Dyrlækjarskulen. Dei fyrste vil ikkje vita nokot av, at dei siste kallar seg Studentar.
 
Daane. Rabinaren Bamberg i Würtzburg fekk under Gudstenesta i Synogogen Slag og fall i Koll livlaus. – Professor Dr. Karl Thomas Richter i Prag, varm Ven av Lassalle, Romanskrivar (Karl Thomar) og statsøkonomisk Forfattar, er daaen. Han var gift med Marie Moritz fraa Berlin, kjend som Primadonna ved Theatret.
 
Mikrofonen er ikkje uppfunnen korkje av Edison elder av Englendaren Hughes, men av ein Tyskar, Dr. Ludtge i Berlin, som i Jan. 1878 tok Patent paa ein "Universal-Mikrofon"; den skal "i Principet" vera den same som Edisons.
 
Yakud Khan, Son aat Emiren Sjir Ali av Afghanistan, hev paa Vegen til Ali Musjid drepet ein høg Officer. I Fylgd av detta er Yakub førd til Kabul som Fange.
 
Til Kaupenhamns 400-Aarsfest krev Regjeringi 35,000 Kronur, derav 3,500 Kr. til Festmusik.
 
Prinsessa Tyra skal ikkje hava Eks-Keisarprinsen av Frankrike, men Hertugen av Cumberland, Son aat Eks-Konge Georg av Hannover, vert det sagt. Hertugen er 33 Aar og ovrik.
 

 

Frå Fedraheimen 23.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum