Fraa Bygd og By No. 10:

 
Walter Scott. - Pokkakontas (Slutt). – Natturi og Folkelivet ute med Havet. IV.
 
Me viser hellest til den Setelen, som fylgjer Bladet, og bed vaare Lesarar ikkje gløyma "Fraa By og Bygd". Det er framifraa billegt (Kr. 1.20 um Aaret) og inneheld mykje, som er verdt aa lesa. Dessutan: vaart eldste Maalblad 1), som hev haldet ut so lengje baade i vondt og godt Veer, maa haldast uppe. Maalsaki skylder Bergensmennerne meir enn dei Fleste veit av, og me treng deira Arbeid no og heretter likso væl som fyrr. Her skulde vera Maal-Lag og Maal-Blad i alle større Byar; men fyrst og fremst maa der vera eit i Bergen, vaar "2dre Hovudstad". – Heretter lyt Samlagsmennerne tinga Fraa By og Bygd sjølve, daa det hev vist seg upraktisk fyr Samlaget som Samlag aa vera Tingar paa Maanadsskrifti. Og me veit visst, at mange kjem til aa vera med.
 
Og Bergensmennerne vil me av Hjartat takka, fyr di dei hugheilt stemner fram som fyrr. Ja, tak i, Gutar! Det gjeld aa arbeida, medan det er Dag; og serleg er det Mun i aa arbeida no, daa Motstrævet tek til aa ubba seg so upp att. Her er slikt Staak, at det reint er Gaman aa vera Maalmann.
 
1) Det tek til Nyaar paa med 10de Aargangen.
 

 

Frå Fedraheimen 23.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum