Hev du høyrt Maken?

 
Skal me inkje faa hava den gamle norske Løva i Merkjet vaart lenger? Skal den utlandske Silkestasen blakra paa Valen, naar Luren manar til Slag? Nei! me vil inkje! Det gamle kjære Merkjet vaart vil me hava, solengje Nordmenn bur i Noreg. Eg er au "Militær", men aldri tvingar nokon meg til aa sverja til ei Fane, som ber annat Merkje enn Noregs gamle. Eg bed deim, som raar fyr desse Ting, aa gjøyma sine nye "Standarter", til alle Nordmenn, og den norske Løva med, er somnad reint av; - daa kann dei taka deim fram att.
 
A. S.
 

 

Frå Fedraheimen 23.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum