Kristiania, den 22de Oktober 1878.

 
Morgenbladet skriv eit Stykkje no um Laurdagen, som reint ut sagt er Gull verdt. Det er so endefram og so skamlaust, at du Gong paa Gong maa gnika deg i Augom og spyrja um du daa hev leset rett. Me skal plukka ut eit Par av dei beste Bitarne.
                "Det er ganske uefterrettelegt at paastaa, at det dansk-norske Skriftsprog for Bonden er et fremmedt Sprog . . . Kun i de afsidesliggende Fjeldbygder er Skriftsproget vanskeligt at forstaa for Bonden, men ogsaa her, som overalt, moderniseres Sproget efterhaanden, og Dialekterne nærme sig lidt efter lidt til Skriftsproget. Enhver lidt mere fremragende 1) Bonde nærmer sig i sin Tale til det dansk-norske Sprog. Enhver, som kaldes " Proprietær", 2) taler rent Bysprog. Enhver bondefødt Storthingsmand fra Østlandet taler dansk-norsk. Den bekjendte Forfatter L. T. 3) siger træffende: "Hvor man paa Bygden ser Gardiner og Blomsterpotter i Vinduerne, træffer man ikke længere Bygdemaal, men Børnene tale uden at knote om Papa, Tante og sine Kusiner". Og det kan ikke være anderledes ... Kulturen og Civilisationen skrider fremad, og den er bunden til det dansk-norske Sprog 4). - "Da Øiemedet for Undervisningen er at bibringe Barnet Kundskaber og Dannelse (kristelig og verdslig), er det klart, at man" [maa tala paa Barnets eiget Maal, meiner du? Nei, -]" at man efter haanden maa slippe Dialekten og gaa over til Kulturmaalet. De, som opløfte et Skrig over, at Skulediriktør Bonnevie vil lære Bønderne Bogsproget 5), staar Bøndernes Ønsker og Interesser i Veien. Majoriteten af Norges Bondestand ønsker at hæve sig til et høiere Dannelsestrin, og stræber efter at tilegne sig det dansk-norske Kul tursprog." – "Undervisningen i Almuskolen gaar ikke, og bør ikke gaa ud paa at lære Børnene at knote, men at benytte et naturligt (!) dansk-norsk Talesprog, hvilket allerede de bedrestillede 6) og mere dannede 4) Bønder for en stor Del gjør".
                Detta er reine Ord fyr Pengarne. Tru Folk no ser, kor det ber av? Tru dei no skynar, kvat vaare Styrande vil? Tru dei no ser den djupe Meining, som ligg under i all denne uppskræmde Agitering mot Logi um Bygdemaalet i Skulen?
                Me gjeng her so rolege og likeglade; Ingen vil gjera oss nokot, meiner me; Ingen vil t. D. vera med aa skamfara vaart Maal, og um dei vilde, so vaagar dei ikkje. Skal tru me no kann koma til aa sjaa, at dei baade vil og vaagar, ja at dei er fullt meinte paa aa gjera detta styggaste Herverket som kann gjerast mot eit Folk, - detta "afskyvärda attentatet mot ett helt folks andeliga lif", - tru me kunde koma til aa sjaa det no?
                Her er ingen Ting godt aa venta fraa Morgenblads-Kanten. Alle Skule-Autoritetar stend samde um Bonnevies Utanke. Fraa no av gjeld det fyr det norske Folket her som i alt annat: Hjelp deg sjølv.
                Mot Uvyrdskapen nyttar det ikkje aa strida med Grunnar. Og Olmskapen (Fanatismen) er no eingong blind. Her kann berre gjerast ein einaste Ting, og den maa Folket sjølv gjera gjenom Thinget sitt. Det er sume, som snakkar um, at det " ikkje trengst" Log. Den Agitation (Uppeggling), som Skuleautoritetarne, og Motstrævet i det heile, hev sett i Gang mot Logframlaget, er det beste Prov, som kunde gjevast paa, at Logi trengst, og det saart. Og snart.
 
 
1) NB!
2) Fin Fant, den Morgenbladsmannen! Du skynar av detta, at dersom du ikkje vil tala "reint Bymaal", so kann du ikkje faa heita "Proprietær"!
3) Jaumen kjem Litle-Teodor au til Æra no. Dei maa lell vera arme deruppe, naar dei lyt trekkja upp med slike "Autoritetar"!
4) Stakkars Kultur!
5) "Læra Bønderne tenkja og tala paa Bokmaalet", skulde Mgbl. sagt. Men det er no gamalt vant med slike Kunster. Soleids naar det fortel, at "Sagen om Bygdemaal i Skolen ikke i Thinget nød anden Fremgang, end at det blev oversendt Regjeringen med Anmodning om at undersøge, hvad der kunde gjøres for Sagen"!
6)NB!
 

 

Frå Fedraheimen 23.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum