Lundegaard ved Farsund 11te Okt.

 
(brev).
 
- Fredagen den 4de d. M. hende den syrgjelege Ulukka, at 3 Mann, derav 2 Lotsar, kom burt paa Sjøen under Lotsning. Det var Nils Torjesen, Karl Johan Jansen, og Jens Jørgensen, Sæløer. Det bles ein Kuling av Nordvest, men ikkje sterkare, enn at det hev voret lotsat i verre Veer. Nokot etter at Skøyta hadde lagt ut fraa Bryggja, gjekk ein annan Lots, som fyr-skuld Sjukdom ikkje var med, upp aa ei Heid fyr aa sjaa, koss det gjekk med Lotsingi; men daa han ingenstad kunde sjaa Skøyta, tok han galne Tankar, og daa Lotsarne ikkje kom att, korkje den Dagen elder Dagarne etter, vart det til Vissa, at dei var burtkomne.
 
Det er rimelegt, at Fartyet hev gjenget rundt, strakst dei kom ut paa, daa det eit Bil fyreaat hadde fengjet ny og lenger Maste og nye Segl.
 
Alle 3 var gifte, og Konurne aat dei tvo sist nemnde sit att med ein Flokk uforsyrgde Born ikring seg og eig ingen Ting.
 
Dersom ein Skylding elder Ven, fjernt elder nær, her vilde koma til Hjelp, so trur eg ikkje han turvte tvila paa, at Gaava var væl stedd.
 
J. Spindanger.
 

 

Frå Fedraheimen 23.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum