Skule og Upplysning.

 
Smaa Skuletankar.
 
No paa nokre Aar hev det voret strævat mykje med at faa "godt Skolemateriel og andre Læremidler". Pultar og Benkjer og sovoret vert betre og venare, Landkort og alslag Skjildr vert upphengde kringum paa Veggerne i Skulestoga, Modelar til aa upplyse Læra um Mannekroppen og um Dyri, og heile Mengder med Tølur til at syna, koss Naturlogjerne verkar (Fysik og Chemie) – alle slike Ting er det mykjen Tale um no. Detta Strævet hev me fenget fraa Tydskland (og Sverike), plent som alt annat me hev i Skulen. Det heng ihop med heile den raadande Skuletanken; det er ein Lut av den. Difyr er og Departementet og alle Autoritetar sterkt med, og mangt av desse Greidurne kjem "paa offentlig Foranstaltning".
 
Det er visst i det heile godt og væl, altsaman, fyrst Ein ikkje ser det i Samanheng med den Tanken, som ligg bakum. Det er utruleg nyttelegt med slike Greidur, og det vøre væl, um alle Skular i Landet hadde deim; dei Pengarne, som gjeng til det, er sakta væl stedde. Det maa ingen leggja ut dette, som her kjem, paa den Maaten, at me er mot desse "Foranstaltningar" i seg sjave. Men det er ein Ting, som fyrst lyt verta sagt: det er betre aa hava faa brukelege og gode Ting en mange kleine. Sumt av det, som vert kaupt, er so ymist. T. D. Skjildri: det er mange av deim so vaakne, at dei er mest inkje verd aa hengja upp. Er det no Dyr, som er avskjildrat, so er det sett Lit paa deim; men somtider er det so, at Ein kan tvila, um inkje Elefanten og Løva hev slikt Lit. Og likeins kan dei vera lytefulle i andre Stykkje og. Det same kan Ein segja um fysikalske Tølur; dei er so spindske og vesalle, at dei naut toler, at Ein tek i deim, - og so mangslunget ihopkomne, at det er ei heil Kunst aa kunna bruka deim. Soleids kunde Ein ganga igjenom heile Lista; det er komet mykjet ubrukande Fusk i Handelen, og avdi det jamleg er udyrast, so kauper Folk det. – Det beste er det, som er simpelt, vent og sterkt. Ein kan helder kaupa nokre faa gode Tavlur med eit stort vent Dyr paa kvar, en ein heil Hop Skjildr fraa heile Dyreriket, - der dei er vande at kjenna att. – Det vøre visst nyttelegt, at der var ein kunnig Mann i Kristiania, som Folk kunde skriva til fyr at faa Raad og Hjelp til aa velja ut, fyrst dei skal hava nokot til Skularne, - og han laut vera so, at han kunde paa einkvar Maate gjeva Uppskrivt um, koss sume Greidur skulde brukast.
 
Det er no mest i Naturkunna, Geografi og slike "reale" Læregreiner, Ein hev Bruk fyr Framsynings-Tølur (Apparater). Ein ser, det kjem ut sovoret til Bibelhistoria og Soga og. Eg torer kje segja mot, at det kann vera nyttelegt paa eit Vis. Barnet minnest betre ei Fyresegn, fyrst det hev seet eit Skjildr av det, - og det kann nog vera, at det fatar det lettare og. Men det er likefullt visst, at slike Greidur titt vert misbrukade. Istadenfyr aa fortelja, so Soga sjølv vert eit livande Skjildr, so syner Ein det fram paa ei Tavla og stend og forklaarar, kvat kvert Stykkje paa Tavla skal vera. Fyrst Ein fortel, so skal Barnet taka mot med Øyrat og inkje med Augat. Um det daa er godt, at det fær sjaa ei Avteikning etterpaa, det tor eg 'kje negta. Men fyrst Teikningi gjeng istadenfyre den livande Talen, daa er det galet. Det er mogelegt, ho kann vera til Stytta fyr Ordet, men ikkje meir.
 
Dei beste Soge-Skjildr er gjorde av store Maalarar, som hava voret Diktarar i det sama. Ser Ein eit sovoret Maalarstykkje og skynar det, so kann Ein faa ei djupare og klaarare Kjensla av heile Soga; det er sant. Dei hev liksom samlat Tilburderne i ein einaste Augneblink. Dei hev med det kastat eit Ljos yver Soga, men inkje gjevet henne sjav. – Kome no med slikt; avprentat med Treplatur, og lære Barnet Soga med det! Nei, Soga er livande Bilæte, som skal maalast med livande Ord.
 
Men det er andre "Billeder til Historieundervisningen", som trengst, og som ikkje so lett vert misbrukad: Modelar og Skjildr av slikt, som vart brukat i gamle Dagar: Vaapn, Klæde, Skip og meir av det Slaget. Fyrst nokot vart gjort i den Vegen av ein kunnig Mann, det vøre nyttelegt!
 
(Meir).
 

 

Frå Fedraheimen 23.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum