Um Tilsvare aat A.S. i Vinje.

 
i No. 64 ska eg inkje hava so mykje aa seia. Eg er gla yvi at han inkje som sume andre er ein Hatar av Folkehøgskulen utan aa kjenne noko te han.
 
Eg meiner inkje at dæ berre er Folkehøgskulen, som hev goe Lærarar, og alle andre "laake"; men d'er dæ eg trur, at dæ inkje er sagt, at ein "go" Lærar i Statsskulane kunde vera hell bli ein go Folkehøgskulelærar, liksolitt som eg trur at ein go Treskjemann dermæ kann vera ein go Bakar. Kvar kann vera go paa sin Vis, liksovel som "laak" paa sin Vis.
 
Eg trur soleis at ein kan lære noko gott paa ein go Folkehøgskule, som ein inkje kann lære paa ein annen go Skule; var dæ inkje so, so gjekk inkje Kandidatar og Studentar der, som ein ibland hev Døme paa.
 
Anten ein Aalmugskulelærar deilar Livs- og Andssyn mæ Folkehøgskulen hell inkje, so bli Skulen hass Aalmugskule og ingenting anna so lenge han er Aalmugskulelærar, liksom Treskjemannen lyt treskje so lenge han er paa Laaven og Myllaren drive paa mæ Maling, so lenge han stend i Tenesti, um Hugen hjaa baae aller so myki stend te Bakarhandverkje. Solenge ein tek imot Løn som Treskjar og Myllar, so lenge lyt ein treskje og mala.
 
- Er dæ sannt dæ, han seie, at Statsløni hev skjemt Bjørnson ut og kjøvt den rette Diktargaava hass, so bli dæ fælt aa tenkje ette, haa myki dæ daa bli skjemt ut og kjøvt her i Lande som i andre Land hjaa alle dei, som tek imot Statsløning. Tenk berre paa dei 111, som sit og skriv Loger for konn!
 
Teslut vil eg seia dæ, at dæ maa vera lett paa sume Staer aa bli ein folkeleg og frilyndt Mann, naar dei kan bli dæ berre mæ aa fortelje Folk, at dei likar Bjørnson, og Bjørnson maa paa sume Stellur ha blive ein større Autoritet hell i dæ mindste eg førr hev vist um. Eg trur at dæ inkje var so ille, um Folk paa slike Staer kunde faa litt greiare Meiningar og djupare Skjyn baa paa Folkelegheit, Frilynde og Autoritet.
 
O. S.
 

 

Frå Fedraheimen 23.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum